Varm velkomst til dei nye studentane

Mandag 14. august ønskte UiS vel 12.000 studentar velkommen til eit flunkande nytt studieår. Denne hausten får studentane ein spesielt varm velkomst av heile regionen.

Published Endret

To unge menn smiler mot kamera på campus Ullandhaug

Joakim Sunde og Melvin Lystad er ferske studentar på bachelor i datateknologi.

Konfetti i gull skytes ut fra scene over publikum.

Konfetti gav startskotet for årets fadderfestival

Mann med rektorkjede på scenen i mørkeblått lys

Rektor Klaus Mohn ønskte velkomen til UiS

Kvinne i gallakjole på scene

Konferansier Aleksandra Gjerpen

Ung sanger med mikrofon på scene med blomster i forgrunnen

Bandet Vettche, med frontfiguren Øyvind Brandal, stod for opningskonserten i Fadderuka

Kvinne med ordførerkjede og talekort med kommunevapen smiler fra scenen

Ordførar Kari Nessa Nordtun ønskte studentane velkomen til ein dynamisk byregion

«Hei student!» står det på 47 flagg som heng rundt om i Stavanger-regionen i desse dagar. Rundt 60 butikkar og serveringsstader har same helsing som klistremerke på døra, noko som betyr at her får studentar avslag i pris.

Dette er ein kampanje i regi av Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS), der heile regionen har gått inn for å gi haustens rundt 4000 nye studentar ein spesielt varm velkomst.

Joakim Sunde og Melvin Lystad, to ferske bachelorstudentar i datateknologi, synes det er bra – kanskje spesielt når det lokale næringslivet stiller opp.

– Vi studentar har lite nok pengar frå før, så det er positivt om vi kan få rabattar, seier Joakim Sunde.

Håpar på nye vener

Hans ferske studiekamerat Melvin har forventningar om mykje hardt arbeid i åra som kjem.

– Eg reknar med at mye tid vil gå med på studiet, men håper også at eg får nye vener og blir del av eit godt miljø, seier han.

Saman med over tusen andre studentar møtte Joakim og Melvin opp i fadderteltet for å delta på årets semesterstart-arrangement. Der venta mellom anna rektor Klaus Mohn for å ta dei imot.

Risikovilje

- Mange av dykk er født i 2004, same året me blei universitet. Som 19-åringar flest likar me å tenke at me er litt modigare, litt meir risikovillige enn institusjonar som er eldre enn oss sjølv. Kanskje er det slik for deg og. Eg håpar vel eigentleg det, sa rektor Mohn.

Han ønskte velkomen til eit universitet som satsar stort på grøn omstilling og legg til rette for miljøvenlege val.

- Her kjem ungdommeleg kreativitet, vilje og pågangsmot godt med. Eg håpar du vil engasjere deg. Ved å ruste deg for eit arbeidsliv i omstilling kan du være med og vise veg, for ei grønare framtid, sa  Mohn.

Les heile talen til rektor her

- Vi treng folk

Ordførar Kari Nessa Nordtun ønskte velkomen til Stavanger, ein by som er mykje meir enn olje og vasskraft. Den er også prega av oppstartsverksemder, hydrogen, havbruk og helseteknologi. Ein kommune som produserer halvparten av tomatane i Noreg og ein fjerdedel av laksen. Ein by som riggar seg for framtida.

- De har vald eit universitet vi er skikkeleg stolte av, i ein region der det skjer ting, og der vi treng folk som aldri før, sa ho.

Les heile talen til ordføraren her

- Få ein knallstart!

Joakim R.  Ramsland, leiar av studentorganisasjonen StOr, oppfordra dei nye studentane til å bruke fadderuka godt.

- Få nye venner, bli kjent med byen og få en knall start på studenttilværet. Men ikkje la dette vere starten og slutten som aktiv student. Ta deg tid til å engasjere deg, meld deg inn i en organisasjon eller linjeforeining. Vær ein aktiv student, då gjer du deg sjølv ei teneste, sa StOr-leiaren.

Pris for god formidling

Universitetsfondet pris for formidling og samfunnsengasjement blei også delt ut på arrangementet. Årets pris gjekk til forskar Ingvil Hellstrand, for hennar formidling om eit breitt spekter av tema, frå likestilling og omsorgsforsking til kunstig intelligens og science fiction.

Les meir her

Minikonsert

Skodespelar Alexandra Gjerpen, kjend frå film og tv, var programvert for arrangementet.

Stavanger studentsangforening stod for musikalske innslag og til slutt fekk studentane ein minikonsert med det unge indiepop-bandet Vettche frå Stavanger og Sandnes.

Dermed var også Fadder-festivalen i gong!