På denne workshopen lærer du dei grunnleggjande funksjonane i NVivo.
Du blir kjent med brukargrensesnittet og lærer å importera ulike typar data. Du lærer forskjellige måtar for koding og får øvd deg i å bruka desse. Vidare ser me på korleis ein kan foreta ulike spørringar basert på kodingane ein har gjort og korleis ein kan visualisera data.
Målgruppe: Masterstudentar, PhD-stipendiatar og tilsette ved UiS. Studentar som skriv bacheloroppgåve er òg velkomne
Utstyr: Laptop med NVivo installert
Undervisningsform: Workshop
Krav til forkunnskapar: Ingen, men det er ein fordel om du har grunnleggjande kunnskap om metode/forskningsdesign.
Antall deltakere: 15, ingen påmelding
Undervisningsspråk: Norsk
Hvor: Kjølv Egelands hus, Dataverkstedet, KE A-259.
Etter kurset skal du kunne:
- Starte eit nytt prosjekt
- Kjenna til arbeidsflaten og kor du kan finna ulike verktøy
- Importere tekst, video/lyd og bilete/PDF
- Kjenna til ulike metodar for koding av data
- Transkribera i Nvivo
- Laga hugselappar og refleksjonsnotat
- Enkel datavisualisering
Gå til vår hjelpeside i Canvas for meir informasjon om NVivo.
Før du kjem på kurs må du lasta ned og installera NVivo.
Kontaktpersoner:
Universitetsbiblioteket i Stavanger
Universitetsbiblioteket i Stavanger