Implementering av simuleringsbasert helseutdanning

Eit nytt utdanningsprosjekt skal styrka kapasiteten og kvaliteten i sjukepleie- og jordmorutdanning ved partnaruniversitet i Malawi og Tanzania .

Publisert Sist oppdatert
Fakta
Partnarar

Kamuzu University of Health Sciences (KUHeS) i Malawi Kilimanjaro Christian Medical University College i Tanzania Universitetet i Stavanger

Prosjektleiar

Ingrid Tjoflåt

Finansiering

NORHED II

Budsjett

18,7 millionar

Prosjektperiode

2021 - 2026

Simulering i Malawi (Foto: Ingrid Tjoflåt).

Simuleringsbasert opplæring blir i stadig større grad tatt i bruk for å forbetra eller utfylla tradisjonell undervisning og praksisopplæring slik at studentar blir betre førebudd på kliniske utfordringar. Likevel er ikkje bruken av slike undervisningsmetodar utbreidd blant helseutdanningar i Afrika sør for Sahara.

For å løysa identifiserte kunnskapshol i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania, vil kapasitetsbygging innan simuleringsbasert utdanning ved universiteta og praksisfeltet vera ein nøkkelkomponent.

Det overordna målet for prosjektet er derfor å dela kunnskap om og implementera simuleringsbasert undervisning for å styrka kapasiteten og kvaliteten i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania. Betre kompetanse blant vitskapleg tilsette og kliniske rettleiarar kan auka kvaliteten på helseutdanning og tenester i låg- og mellominntektsland.

Det skal òg utviklast eit system for å sikra berekraftig kapasitet på simuleringsbasert utdanning og forsking i Malawi og Tanzania, og styrka regionalt og internasjonalt samarbeid. Mellom anna vil prosjektet finansiera fire doktorgradsstudentar og seks masterstudentar, som igjen kan formidla kunnskap vidare til lærarar ved sjukepleiar- og jordmorutdanningar i landa.

Prosjektet har fått støtte frå Norad gjennom programmet NORHED II.

Deltakelse på SESAM-konferanse

NORHED II-prosjektet knytta til implementering av simulering i Malawi og Tanzania var representert med tre abstracts på årets SESAM-konferanse i Praha 19. - 21. juni.

Gertrude Mwalabu frå partnerinstitusjonen i Malawi heldt ein flott muntlig presentasjon om baseline knytt til simulering i Malawi. Ho sjarmerte alle med «come to Malawi and learn from us – you will like it».  Paulo Kidayi frå partnerinstitusjonen i Tanzania hadde eit E-poster-framlegg med data frå Tanzania, medan Bodil Bø heldt ein munnleg presentasjon med refleksjonar og preliminære analyser av prosjektet som no er halvvegs i prosjektperioden. Gertrude og Paulo knytta mange kontakter – deriblant med Jo Park-Ross,som har initiert eit nettverk for simulering i Afrika der dei begge blei invitert med. Ein flott konferanse med mange gode innlegg og litt tid til å vere turist i Praha.

Tre personer på en bro
Personer på konferanse
Personer på konferanse
Personer på konferanse
Personer på konferanse
Personer på konferanse
Personer på konferanse
Personer på konferanse

Forskarar ved UiS

Dosent i sykepleie
51834171
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Førsteamanuensis i sykepleiefag
51834183
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Førsteamanuensis i sykepleievitenskap/helsevitenskap
51834142
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Professor i sykepleiefag
51831664
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for folkehelse
Ekstern tilknyttet UiS
51834194
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi

Forskarar ved partnaruniversitet

Dean Faculty of Nursing
Kilimanjaro Christian Medical University College
Faculty of Nursing
Kilimanjaro Christian Medical University College
Dean, Faculty of Nursing Studies
Kamuzu College of Nursing
Deputy Head, Department of Clinical Nursing
Kamuzu College of Nursing
Dean, Faculty of Applied Health Studies
Kamuzu College of Nursing

Samarbeidspartnarar

Du er kanskje også interessert i:

Samarbeid for ei berekraftig helseteneste

Det helsevitskaplege fakultet ved UiS, SAFER – Stavanger Acute Medicine Foundation for Education and Research og Utvikli...

Gode resultater etter bruk av simulering kombinert med praksis

Førsteårsstudenter i sykepleie opplevde økt kunnskap, selvtillit og mestring etter å ha kombinert simuleringstrening med...

Tverrfaglig simuleringsdag i sykepleielabene

Sykepleiestudenter på tredje studieår og fjerdeårsstudenter på medisinstudiet gjennomførte en tverrfaglig simuleringsdag...

Pilotprosjekt for jordmorstudenter

Gjennom simuleringsprogrammet SimBegin lærer førsteårstudenter innen jordmorfag hvordan de kan gjennomføre studentdrevet...

Skal styrka sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania

UiS er tildelt 18,7 millionar i prosjektstøtte frå Norad til implementering av simuleringsbasert undervisning i sjukep...

E-læring og simulering i helse og utdanning

Vi vil utvikla kunnskapar om og undersøka effekten digitale læringsressursar og simulering har på kvalitet og kompetanse...

UiS-utviklet app lærer sykepleiestudenter å sette sprøyter

Norske, engelske og spanske sykepleierstudenter kan ta i bruk en app når de skal øve på praktiske prosedyrer. Målet er å...