Energisentralen UiS skal kutte klimagassutslepp og fyllest med forsking og undervisning på geotermisk energi og elkraft. Studentleiar Joakim Ramsland la ned ein tidskapsel i grunnsteinen for bygget som skal stå ferdig om eit år.
Den nye bergvarme-sentralen på Campus Ullandhaug vil kutte Universitetet i Stavanger sine klimagassutslepp frå energiforbruk for varme og kjøling med rundt 80 prosent. Bygget skal ferdigstillast i fjerde kvartal i 2024.
Grøn omstilling er førande for Universitetet i Stavanger og står sentralt i strategien fram mot 2030.
– Med Energisentralen feiar vi for eiga dør. Dette bygget er eit særs viktig bidrag til UiS si målsetting om å bli sjølvforsynt med energi. Det er med andre ord god grunn til å markere igangsettinga, og difor inviterer vi studentar, kollegaar og samarbeidspartnarar til nedlegging av grunnsteinen for det nye bygget, sa UiS-rektor Klaus Mohn i sin tale.
Nesten 40 stykk var med då Statsbygg tok imot UiS-folk, samarbeidspartnarar og studentar på byggeplassen. Alle i hjelm, vest og vernesko.
Trong fødsel
Mohn peika på at bygget er svært kostbart å bygge og at det ikkje har vore sjølvsagt å kunne etablere ein slik bergvarme-sentral på campus.
– Beslutninga om å bygge Energisentralen vart mogleg då dei høge straumprisane kom, minna rektor om.
Også Elin Karfjell, direktør i eiendomsutvikling og forvaltning i Statsbygg, trakk fram at UiS kjem til å spare fleire millionar på straumutgifter med etableringa av sentralen. Tala viser at UiS vil spara rundt 60 prosent av straumforbruket sitt.
– Vi treng gode samarbeid for å få til etablering av eit slikt bygg av dette kaliberet. UiS får ein framtidsretta energisentral som imøtegår framtidas behov, sa Karfjell.
Tidskapsel for framtida
Studentleiaren i studentorganisasjonen StOr, Joakim Ramsland, peika på at studentane no får tilgang til topp elkraft-utstyr i eit spanande læringsmiljø.
– Elkraft-laboratoriet i fjerde etasje vil føre til at UiS blir meir attraktiv for elektro- og energistudentar som ønskjer å studere i Stavanger, sa Ramsland før han fekk ein tidskapsel frå UiS og Statsbygg i handa.
– Denne tidskapselen inneheld UiS sin strategi med grøn omstilling som det mest sentrale satsingsområdet. Vi har også lagt andre dagsaktuelle dokumentar inn i kapselen. Dersom bygget skal pussast opp om 100 år så vil etterkommarane våre kunne sjå kva vi gjorde for 100 år sidan for å bekjempe klimakrisa, sa Ramsland.
Mykje boreaktivitet på campus
Gjennom heile hausten og no i tidleg vinter har det vorte bora 119 brønnar på universitetet sitt område. Dei fleste med ei dybde på over 300 meter. For Statsbygg er det første gong eit så omfattande energieffektiviseringstiltak gjennomførast på ein så stor og eksisterande bygningsmasse.
Dagens energikjelder for UiS består av gass, el-kjeler og lokale kjølemaskinar. Ny løysing med bergvarmepumpar vil gje ein betydeleg reduksjon av CO2-utslepp og redusere forbruk av kjøpt energi.
Laboratorium for optimalisering av geotermisk energi-teknologi
Energisentralen skal brukast til anvendt forsking og vil bli eit unikt laboratorium innan geotermisk energi.
– Fagmiljøa våre skal kunne hente ut data og bruke sentralen som eit levande laboratorium i for bergvarme, som er i vekst i Europa og som har store moglegheiter her i Noreg også, forklarar UiS-professor Mohsen Assadi.
Laben vil gjere det mogleg med akua undervising og forskning på geotermisk bergvarme. Så snart bygget er ferdig og laben står klar vil forskarane bruke avanserte modelleringsteknikkar basert på maskinlæring og kunstig intelligens for å utvikle modellar for overvaking og optimalisering av drifta i sanntid.
El-kraft-laboratorium for studentar
I tillegg til bergvarme-laboratorium vil heile fjerde etasje huse ein elkraft-lab for studentane. Pengar til å utstyre laben er sikra takka vere Ulla-Førrefondet.
– Dette bygget vil bidra til ein moderne elkraftsatsing som er heilt grunnleggande for å kunne utdanne kompetansen som trengs for det grøne skiftet, sier Mohn.
Rektoren peiker på at UiS gjer sitt for å legge tilhøva til rette for å levere relevante energi-utdanningar som samfunnet har behov for.
Tekst: Karen Anne Okstad, UiS
Foto: Kjersti Riiber, UiS