Nakne tal - ein podkast om statistikk

PODKAST: – Det å bruka feil oppsummeringstal for å beskriva eit datasett er veldig, veldig nært det å lyga, seier statistikar Kathrine Frey Frøslie.

Publisert Sist oppdatert
Thumbnail for podkasten Nakne tall. Bildet viser halve ansiktet til en mann med stort og bustete hår.

Verda fløymer over av tal. Det betyr at det å vite noko om kva ein kan – og kva ein ikkje kan – gjere med tal, på kort tid har gått frå å vere kunnskap for dei spesielt interesserte til noko alle bør kunne noko om. Same kva slag fagfelt ein brenn for.

I fyrste episode av statistikk-podkasten "Nakne Tall" snakkar statistikaren Jo Røislien med fysikaren og vitskapsformidlaren Andreas Wahl om det å bruke tal til å oppsummere og forstå verda. Og kvifor du bør kunne statistikk for å ikkje bli lurt.

Beskrivande statistikk

Tema for den fyrste episoden av Nakne Tal er univariat analyse og beskrivande statistikk.

– Beskrivande statistikk er å oppsummere ei mengd med enkelthistorier, og fortelje historia om dei mange, seier statistikaren Kathrine Frey Frøslie i podkastens faste ekspertpanel.

Det handlar om å velje blant oppsummeringstal som gjennomsnitt eller median for å seie noko om det typiske i tala, men at variasjonen i tala òg er viktig å seie noko om.

Alle tal kjem frå ein stad, og kunnskap om denne konteksten er ofte viktig for at oppsummeringa av eit talmateriale skal bli tilstrekkeleg sannferdig. Kanskje kan ikkje dei innsamla tala oppsummerast på enkelt vis, men ein må gå grundigare til verks.

Lytt til podkasten

Programleiar:

Professor i medisinsk statistikk
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi