«Studieverkstedet» organiserer skrivegrupper for deg som skriv masteroppgåve.
Publisert
Sist oppdatert
![Universitetsbiblioteket i Stavanger](https://dev.uis.no/sites/default/files/2023-06/342853261_1711338732633390_6557682831913546699_n_0.jpg)
Vil du halda skriveprosessen i gang, dela erfaringar med andre og få tilbakemeldingar på tekst? «Studieverkstedet» organiserer skrivegrupper for deg som skriv masteroppgåve.
Skrivegruppene møtest ein gong per veke for å skriva saman i tre timar.
Me stiller med rom og ei innføring i korleis skrivegruppa fungerer. Resten bestemmer gruppa sjølv avhengig av kva deltakarane ønskjer å jobba med.
Om dette høyrest ut som noko for deg kan du senda oss ein e-post.