Norsk 1, emne 2: Språkstrukturar og tekstskaping - med vekt på mellomtrinnet (MGL2121)
Dette er eit innføringskurs i språket som system og språket i bruk med vekt på mellomtrinnet. Her blir ein introdusert for arbeid med eleven si språklege utvikling, både munnleg og skriftleg, på mellomtrinnet. Arbeid med tekstar, både munnlege og skriftlege, står sentralt.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
MGL2121
Versjon
1
Vekting (stp)
15
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Emnet Språkstrukturar og tekstskaping - med vekt på mellomtrinnet fokuserer på arbeid med språket som system, språket i bruk og eleven si språklege utvikling, både munnleg og skriftleg, på mellomtrinnet.
Å motivere elevar til å skrive og lese, utvikle språket sitt munnleg og skriftleg og reflektere over eigen (og andre sin) språklege identitet, er sentrale arbeidsområde på mellomtrinnet. På mellomtrinnet skal alle elevane, uansett førstespråk, vidareutvikle lese- og skriveferdigheitene sine slik at ferdigheitene kan vere ei kjelde til oppleving, eigenutvikling, refleksjon og læring. Gjennom studiet blir lærarstudenten utfordra til å reflektere didaktisk over desse prosessane slik at han/ho får reiskapar og inngangar som profesjonaliserer han/ho i hans/hennar yrkesutøving.
Studentane i studiefaget norsk blir utfordra innanfor relevante problemstillingar knytte til ulike typar tekstar og tekstforventningar: Elevar på mellomtrinnet møter og skal uttrykkje seg i og gjennom mange slags tekstar, og dei har ulik teksterfaring og tekstkompetanse. Korleis språket som system og språket i bruk spelar saman, er derfor viktige tema å få kunnskap om og innsikt i for framtidige lærarar. Av same grunn er arbeidet med elevtekstar og rettleiing også sentrale tema, både for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk.
I tillegg blir det lagt vekt på at studenten skal arbeide med eigen språklege kompetanse, både munnleg og skriftleg (på begge målformene).
Arbeidsmengd: Universitetet i Stavanger definerer eit studieår til 40 veker, og arbeidsmengda per 15 studiepoeng er estimert til 412 timer, det vil seie 41,2 timer per veke i snitt (for 30 studiepoeng). Dette inkluderer forelesingar og seminar og studenten sitt for- og etterarbeid knytt til forelesingar og seminar, slik som å lese pensum, setje seg inn i emneplanen sin omtale av læringsmål, delta i kollokvie- eller lesegrupper osv. Timane inkluderer dessutan praksis, arbeidskrav og liknande. Talet på sider for oppsett pensum per 15 studiepoeng er berekna til 1200-1500 sider, men vil til ei viss mon vere avhengig av kva type tekstar som blir sette opp.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten:
- har god kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
- har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur - og om urfolks situasjon
- har god kunnskap om skriving, vurdering, respons og tekstutvikling
- har god kunnskap om munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan analysere språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling
- kan motivere elevar for skriving og vurdere og rettleie ut frå den enkelte elev sine behov og føresetnader
- kan motivere elevar til munnleg presentasjon og vurdere og rettleie ut frå den enkelte elev sine behov og føresetnadar
- kan leggje til rette for læringsfremjande og meiningsutvekslande munnleg kommunikasjon i klasserommet
- kan vurdere og bruke ulike metodar og ny teknologi i den vidare skrive- og leseopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan leggje til rette for at elevar på mellomtrinnet får skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
- kan kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar og kjenne til korleis ein går fram for å ivareta eleven innanfor aktuelle instansar
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan leggje til rette for at elevane på mellomtrinnet vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- kan leggje til rette for at elevane på mellomtrinnet blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan planleggje, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for elev- og trinntilpassa val
- kan vurdere eigen praksis på mellomtrinnet opp mot gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt og kunnskap
- kan formidle fagstoff om språk og tekstar i relevante uttrykksformer for mellomtrinnet
- kan skrive meir avanserte akademiske tekstar og er stø i bokmål og nynorsk
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | 1/1 | 7 Dagar | Bokstavkarakterar |
Heimeeksamen, 7 dagarMålform: nynorsk.Omfang: 4000 ord (+/- 10%). Eventuelle vedlegg blir ikkje rekna med i omfanget.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Praksisoppgåve i gruppe, individuell tekst på nynorsk til rettleiing og obligatorisk undervisning.
Arbeidskrav 1: Praksisoppgåve i gruppe
Arbeidskrav 2: Individuell tekst på nynorsk til rettleiing
Studentar som får eitt eller begge arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjend ved første innlevering, får lov til å levere inn på ny ein gong i omarbeidd form.
Begge arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen.
Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga. Dette arbeidskravet må også vere godkjend for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen.