Norsk fagdidaktikk del 2 (PPU137)

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

PPU137

Versjon

1

Vekting (stp)

7.5

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom felles teoretisk refleksjon og utprøving i praksis. Studentane skal utvikle evne til å reflektere over målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget, og korleis desse momenta kan skape læring og utvikling hjå elevane. Vidare skal studentane utvikle eit kritisk fagsyn gjennom refleksjonar knytt til norskfaget i eit samfunnsperspektiv og eit historisk perspektiv. Dei skal også kunne vise seg som språklege modellar for elevane, både munnleg og skriftleg gjennom sikker bruk av begge dei offisielle norske målformene.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Etter endt studium skal studentane ha

  • inngåande kunnskap om kva plass, historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
  • inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument, og eit medvite forhold til det kontinuerlige tolkingsfellesskapet som læreplanen krev
  • eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
  • avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget
  • avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen

Ferdigheiter:

Etter endt studium skal studentane kunne

  • reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
  • argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
  • skrive om norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk fagskriving
  • orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis

Generell kompetanse:

Etter endt studium skal studentane kunne

  • opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg heimeoppgåve 1/1 Bokstavkarakterar Alle

Fagdidaktisk oppgåve:
• Individuell oppgåve som skal vere på 3000-4000 ord.
• Studentane skal levere forslag til problemstilling innan gitte fristar.
• Problemstillinga må godkjennast av faglærar.
• Oppgåva skal ha rettleiing på tekst.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk krav
Det obligatoriske kravet er: Godkjend problemstilling for fagdidaktisk oppgåve innan gitt frist og deltaking på tre av fire faglege kafear i løpet av semesteret.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Sigrid Sandemose

Praksiskoordinator:

Kristin Henanger Haugen

Studiekoordinator:

Eivind Øvrebø

Emneansvarleg:

Gunvald van Schaik

Studiekoordinator:

Anne Marie Nygaard

Arbeidsformar

Førelesingar, ekskursjonar og seminarar. Det er forventa at studentane møter til undervisning. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.

Åpent for

Lektorutdanning for trinn 8-13 Praktisk pedagogisk utdanning - deltid Praktisk pedagogisk utdanning - heltid

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto