Matematikk og fysikk for Y-vei 2 (YMF110)
Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande begrep i matematikk og fysikk for bruk i ingeniørfag. Kurset er retta mot studentar med yrkesfagleg bakgrunn, og vil, saman med Matematikk og fysikk for Y-vei 1 (YMF100), gi studentane det naudsynte grunnlaget for studiar på universitetsnivå.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
YMF110
Versjon
1
Vekting (stp)
10
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Kunnskap: Kunne dei tema som emnet inneheld. Ha eit nødvendig grunnlag for Matematiske metodar 1 og Fysikk. Gjennom semesteret opparbeida kunnskap som støttar opp om dei tekniske emna som går parallelt.
Dugleik: Kunne strukturera, løysa, dokumentera og presentera oppgåver i matematikk og fysikk innan dei tema som emnet inneheld. Kunne tolka rekneresultat samt vurdera relevans og presisjon.
Generell kompetanse: Sjå matematikk som eit nødvendig verktøy for å handtera teknisk-naturvitskaplege oppgåver. Sjå fysiske lovar som eit nødvendig grunnlag for å kunne modellera naturlege prosessar. Sjå koblingar mellom fysikken og matematikken i alle dei tema som emnet inneheld. Ha opparbeidd eit språk som gjer ein i stand til å kommunisera med andre om teknisk-naturvitskaplege problemstillingar.
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Ein skriftleg prøve | 1/1 | 4 Timar | Bokstavkarakterar | Spesifiserte trykte og handskrivne hjelpemiddel tillaten. Bestemt, enkel kalkulator tillate |
Skriftleg eksamen med penn og papir.