Fadderfestivalen

Lyst å bli kjent med medstudentane dine og oppleve alt Stavanger har å by på? Bli med på fadderfestivalen, då vel!

Publisert Sist oppdatert
Fadderfestivalen 2024
Når

12.-18. august

Program

Følg med på Instagram eller Facebook for programslipp.

Frå opninga av fadderfestivalen 2023.

Kva er fadderfestivalen?

Fadderfestivalen i Stavanger er ei heilt spesiell veke for alle nye studentar. Du kan bli kjent med medstudentane dine og få ein smakebit av det gode studentmiljøet i Stavanger.

Veka er for absolutt alle studentar som byrjar på eit nytt studium ved UiS. Det gjeld deg som er student for fyrste gong, deg som byter studieprogram, deg som byter lærestad, deg som tar eit forkurs, og deg som byrjar på eit masterprogram. Her er det noko for alle!

Konsertar og aktivitetar

Programmet til festivalen varierer frå år til år. Følg med på Instagram og Facebook for å få siste nytt om årets program.

Ein typisk fadderfestival består mellom anna av konsertar, quiz, foredrag, omvising på campus og å bli kjent med linjeforeiningar og studentorganisasjonar.

Du får ei faddergruppe saman med andre studentar på ditt studieprogram. Du får også ein «fadder». Det er ein student som skal ta vare på deg heile veka. Dei er ekspertar på UiS, Stavanger og ditt studieprogram!

Studentdriven festival

Fadderordninga ved UiS er eit studentdriven tiltak. Føremålet med fadderordninga er at du som ny student skal finne deg til rette både sosialt og fagleg ved universitetet.

Under fadderfestivalen blir det lagt vekt på relasjonsbygging, trivsel og samhald. I tillegg får studentane bli kjent med både Universitetet i Stavanger og Stavanger sentrum.

Bli klar til studiestart