Studentprosjektet til KSU og UiS blei dekka både på radio og tv.
Til hausten startar eit nytt pilotprosjekt, «Fra elev til student,» ved Universitetet i Stavanger (UiS) som skal få fleire studentar til å fullføra studiane sine.
Prosjektet skal prøvast ut på studentar ved Institutt for kultur og språkvitenskap (IKS) først, og Kunnskapssenter for utdanning står sentralt i prosjektet, mellom anna ved å finna forsking som understøttar tiltaka.
NRK fatta interesse for prosjektet og dekka det både i radio og på fjernsyn lokalt i Rogaland og på nett nasjonalt.
– Det er nok mange som ikkje tenkjer og reflekterer over at det er ein overgang og eit skilje mellom det å vere elev og student. Det handlar om sjølvstendet, at ein ikkje blir følgt opp så tett som før og at akademia er nytt for mange, uttalte kontorsjef ved KSU, Kari-Anne Svendsen Malmo i reportasjen.