Som eit vorspiel til Bjergstedkonferansen 9. november inviterer Fakultet for utøvande kunstfag, i samarbeid med Stavanger Aftenblad, til debatt nå i vår!
I forkant av lokalvalet i haust inviterer Fakultet for utøvande kunstfag ved UiS, i samarbeid med Stavanger Aftenblad, til kulturpolitisk debatt på Spor 5 den 8. juni!
Kvelden og debatten blir eit vorspiel til Bjergstedkonferansen 9. november som UiS arrangerer i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune.
Denne kveldens debatt vil sjå nærmare på spørsmålet: Kva betyr kulturlivet for samfunnsutviklinga?
Valåret 2023 kom med både dyrtid og dyrebare løfte på kunst- og kulturfeltet. Storstilte ambisjonar i Rogaland summerer seg nå til mange milliardar kroner. Korleis vil politikarane prioritere, og kva er deiras tankar for kulturpolitikken dei neste ti åra? Og kva finn vi av konkret kulturpolitikk i partiprogramma? Kva slags plass meiner politikarane at kulturen skal ha i samfunnsutviklinga i Rogaland?
Kveldens debatt blir leia av politisk redaktør i Stavanger Aftenblad, Harald Birkevold.
Program:
Velkomst og introduksjon ved Harald Eikaas, dekan ved Fakultet for utøvande kunstfag, UiS
Oppspark frå kulturfeltet:
- Jan Zahl, Stavanger Aftenblad – Om fordelinga av dei statlege kulturpengane
- Jens Borge – Kulturpolitiske betraktningar frå underskogen i regionens musikkliv
- Glenn André Kaada, teatersjef Rogaland teater – Kulturpolitikken sett frå institusjonane
- Silje Salomonsen, skodespelar og filmskapar – Gjer det sjølv-mentaliteten og lokal bjansjeutvikling
- Martha Lyse, daglig leiar i STAR – Kvar blir det av alle talenta?
- Marit Sandsmark, RIMI/IMIR Scenekunst – Kulturpolitikk sett frå det frie kunstfeltet
Pause
Kulturpolitisk valdebatt:
- Dag Mossige (Ap), bystyret Stavanger
- Kjell Erik Grøsfjeld (H), fraksjonsleder for kultur og idrett
- Bjarne Kvadsheim (Sp), UKIS-leiar
- Frode Berge, fylkesordførarkandidat Arbeiderpartiet
- Ole Ueland, fylkesordførarkandidat, Høyre
Arrangementet er gratis. Velkommen!