Miljøterapeut helg /deltid
Stavanger akuttsenter, Bufetat region vest
Nøkkelinfo
Søknadsfrist
Sted
Stavanger akuttsenter avdeling Røyneberg
Antall stillinger
1
Stillingstype
Deltid
Kontakt
Stillingstittel: Avdelingsleder
Telefon:
Telefon: 46 61 76 26
Om stillingen
Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
- Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel mens dei burhos oss.
- Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt deneinskilde ungdom.
- Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
- Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.
- Arbeid kvar tredje helg
Krav til søker
Krav til stillinga:
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60stp. relevant vidareutdanning.
- Søkjarar som har påbegynt Bachelorgrad ( sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) kan vurderast.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
Vi kan tilby
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar: pt kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut: pt kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64), eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog: pt kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
- Påbegynt studiet innenfor barnevern, sosionom eller vernepleiar kan tilsetjast i stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t. kr. 443 000 - 502 300 (ltr 41-50).
- Søkere som bare er ferdig med det første året, (stillingskode 1486 miljøarbeider) samt søkere med fagbrev som barne- og ungdomsarbeider kan også være aktuelt å vurdere ved relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit (stillingskode 1203)
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Dessutan kan vi tilby:
- Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
- Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Om bedriften
Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg tek imot ungdom plassert etter lov om barneverntenester §§ 3-2, 4-1, 4-2, 5-5 jmrf. 5-1. Vi har totalt plass til 3 ungdomar i alderen 13-18 år.