Simon Kolsum (27) sikra seg fast jobb før han hadde levert masteroppgåva. Han er takknemleg for den tverrfaglege kompetansen han fekk ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Namn: Simon Kolsum
Alder: 27
Studieprogram: Mastergrad i byplanlegging
Yrke og arbeidsgjevar: By- og arealplanleggar i Asplan Viak
Kvifor ville du studere byplanlegging ved UiS?
– Eg ville oppleve Vestlandet og kjenne på kva landsdelen har å by på.
Kolsum er fødd og oppvaksen i Tromsø.
– Masterstudiet i byplanlegging på UiS verka veldig appellerande, som stod i stil med min bachelor i samfunnsplanlegging og kulturforståing frå Universitetet i Tromsø (UiT).
– Oppbygginga av studiet verka veldig passande for vidare studium og fagleg utvikling, der teori og begrep blir brukt i konkrete oppgåver. På UiS hadde ein moglegheita til å utforske ulike relaterte disiplinar, som arkitektur, geografi, samfunnssikkerheit og ingeniørfag, noko som gjev ei brei forståing av faget.
Kva sette du mest pris på med studietida di ved UiS?
– Studiemiljøet og felleskapet vi fekk på lesesalen og på campus var veldig bra! Vi gjorde det beste ut av studietida, sjølv med nokre semester med pandemi-avgrensingar. Lange dagar med medstudentane på Ivar Langens hus, Tappetårnet, Byggingeniørenes linjeforening (BIF) og studentorganisasjonen Mauka Makai har bidrege til godt akademisk, sosialt miljø og artige arrangement. UiS hadde også eit sterkt fagmiljø innan byplanlegging – med erfarne førelesarar og forskarar som rettleia gjennom heile studiet. Dette skapte ein inspirerande og støttande læringsatmosfære, der ein fekk den oppfølginga ein trengde.
Kva for ein del av studiet har du hatt mest nytte av i arbeidslivet?
– Erfaringane og metodar frå moglegheitsstudium, case-oppgåver og analysar har vore veldig nyttig i arbeidslivet. Med mi studieretning har eg tileigna meg god kunnskap knytt til arealutnytting, utvikling, design, analysar og løysingar. Studiet har gitt meg ein tverrfagleg kompetanse som har gjort meg trygg på å skape berekraftige, levedyktige og robuste bysamfunn. Også ei god forståing av dimensjonane kobla til berekraftig byutvikling.
– Eg føler meg komfortabel med å møte problem både i urban og regional målestokk, og hensyn til planlegging, design og sosiale prosessar ved bytransformasjon. Ein tverrfagleg kunnskapsbakgrunn og evna til å koble forskjellige aspekt saman, har gjort at eg kan vere med å skape dei beste løysingane for framtida.
Fortel om jobben du har no. Kva likar du best med jobben din?
– Eg jobbar som by- og arealplanleggar i Asplan Viak, i avdelinga for plan, analyse og landskap. Eg jobbar med mange forskjellige og varierte prosjekt, der eg planlegg og regulerer utviklingsprosjekt, bustadområde, næringsområde, skular, idrettsområde, masseuttak og mobilitet. Eg jobbar også mykje med kartleggingar knytt til mobilitet, berekraft, ombruk, byggemateriale og medverknad. I tillegg er eg med i tilbodsarbeid og marknadsføring.
– Kvardagen og prosjekta er varierte og tverrfaglege, noko eg synest er veldig gøy og spennande. Eg er prosjektleiar i fleire oppdrag, der eg samarbeider og jobbar med forskjellige fag og held oversikt over budsjett, planprosess og framgang, og dialog med kundar og offentlege myndigheiter. Eg lagar planbeskrivingar og produserer masse illustrasjonar, figurar og rapporter i Adobe, noko eg synest er kjekt.
Kva har utdanninga di ved UiS betydd for jobben du fekk?
– Ein master i byplanlegging ved Universitetet i Stavanger har gitt meg eit godt fagleg grunnlag som har vore svært relevant for jobbar innanfor planlegging, utvikling og forvalting av byar og regionar. Den teoretiske delen av studiet blei brukt vidare i konkrete og aktuelle case-oppgåver, der ein lærte korleis begrep og teoriar kan bli implementerte i praksis. Dette har gitt meg ferdigheiter i analyse, kritisk tenking og problemløysing, i tillegg til ei forståing for korleis ein handterer komplekse planleggingsutfordringar.
Kva er dine topp 3 råd til nye studentar ved UiS?
- Tilbring tid på skulen, og spesielt på Ivar Langens hus: Dette gjev deg moglegheita til å møte andre studentar, byggje samhald og knytte kontakt med andre klassar og studentar. Dette kan forbetre din akademiske prestasjon og gje deg tilgang til ressursar og nettverk som er nyttige for både studia og seinare jobb. Fleire av dei på Ivar Langens hus kan bli dine kollegaer eller aktørar du møter på i arbeidslivet.
- Ver aktiv og engasjert i studentmiljøet: UiS har mange studentforeiningar, klubbar og aktivitetar du kan bli med på. Byggingeniørenes linjeforening (BIF) har mange sosiale og faglege arrangement, og Mauka Makai arrangerer skiturar, hytteturar, surfing og mykje meir.
- Anbefaler alle å søke praksis, skrive bachelor- eller masteroppgave med ei bedrift du har sett deg ut: Å jobbe med ei bedrift gjev deg verdifull kunnskap og innsikt i korleis arbeidslivet er, bedrifta sin organisasjonskultur og arbeidsprosessen. Eit samarbeid med ei bedrift kan gje deg råd, rettleiing og potensielt opne dører til jobbmoglegheiter i framtida. Mange bedrifter opnar opp for dette, og brukar eit slikt samarbeid som ein del av rekrutteringsprosessen. Når du søker praksis eller skriv oppgåva di med ei bedrift, viser du initiativ og engasjement for å skaffe deg erfaring. Dette kan gjere deg attraktiv for framtidige arbeidsgjevarar og mange studenter blir tilsett av bedrifta dei har samarbeida med.
LES OGSÅ: UiS er tett på arbeids- og næringslivet