UiS-studentane Lotte og Benedicte jobbar som frivillige under økonomifestivalen KÅKÅnomics

20 studentar er med som frivillige på KÅKÅnomics i Stavanger: – Veldig fint å ha på CV-en, seier student.

Publisert Sist oppdatert
To jenter på båt
Økonomistudentane Lotte Sletten og Benedicte Wuli Lervik er frivillige under KÅKÅnomics.

– Eg hadde aldri vore i Stavanger før eg flytta hit. Eg kjende ingen her. KÅKÅnomics har ført til at eg har blitt betre kjent med byen, fortel Benedicte Wuli Lervik (22) frå Molde.

Ho går andreåret av bachelorgraden i økonomi og administrasjon ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Saman med Lotte Sletten (23) er ho frivillig under økonomifestivalen KÅKÅnomics i Stavanger. Ein festival som i år blir arrangert for åttande gong. Handelshøgskulen UiS er medarrangør av festivalen.

I løpet av fire dagar er det 80 arrangement rundt omkring på stemningsfulle scener i Stavanger sentrum. Universitetet i Stavanger har også vore vertskap for fleire arrangement under festivalen.

To jenter foran KÅKÅnomics-logo
UiS-studentane Benedicte Wuli Lervik og Lotte Sletten på «MS Sandnes».

– Samhaldet er ein veldig stor del av det å vere frivillig

Lotte kjem frå Sandnes, og har vore med som frivillig på økonomifestivalen før.

– Eg var med i fjor. Då hadde eg akkurat flytta tilbake til Stavanger etter å ha tatt bachelorgraden min i Kristiansand. Eg tenkte at eg måtte komme meg inn i miljøet, og finne ut kva som rører seg i byen, fortel 23-åringen, som tek ein mastergrad i økonomi og administrasjon.

Jente flytter på ølglass
Lotte ryddar før det er klart for ny debatt på «MS Sandnes».

– Samhaldet er ein veldig stor del av det å vere frivillig, seier Benedicte.

– Og så er det jo veldig fint å ha på CV-en, skyt Lotte inn.

Ho ser på det som ein fin arena for nettverksbygging:

– Du får nye vennar og nye kjennskap. Det er mange nye folk eg kan ta kontakt med når eg skal ut i jobbmarknaden, seier Lotte.

Festivalarrangørane: – Hadde aldri gått utan dei frivillige

Fredag kveld hjelper Lotte og Benedicte til før arrangementet «Hvor lite kan man betale en toppleder?» på «MS Sandnes».

Flerer personer står i baren
Det er hektisk for dei frivillige under økonomifestivalen KÅKÅnomics.

– Kven skulle tru at «MS Sandnes» ikkje var ein stad i Sandnes? spør Benedicte og ler.

Det er altså ein båt det er snakk om. Veteranskipet ligg til kai i Vågen i Stavanger.

Som frivillig under KÅKÅnomics kan ein jobbe med mykje forskjellig. Alt i kategoriane scenemeister, sjåfør og logistikk, rigg, publikumsvert, billettkontrollør eller festivalkontor.

To personer sitter ved et bord
UiS-studentane Anja Kames og Thomas Risdal er også frivillige. Her sit dei på festivalkontoret.

Koordinator Ellisiv Tveit i KÅKÅ kverulantkatedralen sin administrasjon fortel at dei har 60 frivillige i alderen 21-81 år. 20 av dei frivillige er studentar.

– Innsatsen deira er heilt uvurderleg, seier ho, og får støtte frå kunstnerisk leiar:

– Det hadde aldri gått utan dei frivillige, fastslår Jan Inge Reilstad.

To jenter utanfor båten MS Sandnes
Studentane Benedicte og Lotte utanfor «MS Sandnes».

Vil ha fleire unge med som frivillige på festivalen

Lotte er også studentambassadør for økonomifestivalen. Ho forsøker å få med fleire unge som frivillige.

– Arrangørane har vore veldig flinke på å få med dei eldre i samfunnet. Det er veldig kjekt. Dei har jo masse kunnskap. Men så har vi litt fokus på å få med mange unge også, for det er så sjukt mykje å lære av å jobbe som frivillig.

Ho legg vekt på at det er relevant for studentar frå alle studieretningar:

– Eg trur framleis det er mange frå andre studieretningar enn økonomi som ikkje får med seg informasjonen om festivalen, eller ikkje trur det er relevant for dei. Mange tenker at ein økonomifestival handlar om tal. Men så har du også psykologi og ulike samfunnsproblem.

– I tillegg er det veldig mange universelle tema. Bustadmarknaden er eitt tema i år, i tillegg til helse og kjærastemarknaden, nemner Benedicte.

Begge meiner studentar har stor nytte av å vere på festivalen.

– Når eg høyrer på gode diskusjonar og debattar, tenker eg på kva eg sjølv hadde stilt opp med av argument. Eg trur ein utviklar seg mykje, konkluderer Lotte.