Disputas for Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.
Når elevane brukar nettbrett i klasserommet arbeider dei i stor grad åleine med læringsoppgåver, viser Liv Kristin Bjørlykke Øvereng si doktoravhandling. Men det er eit potensial i begynnaropplæringa å utvikle og bruke dei sosiale læringssituasjonane, også med nettbrett.
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng disputerer for ph.d. fredag 29. november med avhandlinga «Nettbrett i begynnaropplæringa: Ein studie av lærar–elev-interaksjon og bruk av nettbrett i klasseromspraksis»
Avhandlinga finn du her.
Kva har du forska på?
– I dette doktorgradsprosjektet har eg studert interaksjon mellom lærar og elevar i digitale klasserom. Studien er forankra i begynnaropplæringa, 1. klasse. Studien undersøker korleis klasseromspraksis er påverka av bruk av nettbrett i undervisninga og korleis nettbrett vert brukt i begynnaropplæring.
Kva fant du ut?
– Studien viser at elevane sitt læringsmiljø er prega av god kvalitet innan emosjonell støtte og god klasseromsorganisering. Dette betyr eit læringsmiljø med positiv kommunikasjon, smil og interesse. Og at klasserommet er godt organisert med god leiing, rutinar og aktivitetar. Men samstundes viser studien at elevane si opplæring er prega av låg kvalitet innan tilrettelegging for fagleg og språkleg støtte der eleven får uttrykke si forståing og får vere utforskande.
– Når vi har sett på læringssituasjonar der elevane brukar nettbrett i klasserompraksis viser studien at det skjer ei individualisering i elevane sin arbeidssituasjon. Dette betyr at elevane arbeider i stor grad åleine med læringsoppgåver. Tendensen til individualisering gir mindre rom for viktige sosiale læringsarenaer.
– Lærarane i studien legg til rette for læring gjennom høg emosjonell støtte og god klasseromsorganisering. Lærarane viser eit læringsorientert perspektiv på elevane si læring med nettbrett. Dei legg til rette for at elevane skal lære funksjonar i nettbrettet som kan bidra i elevane si læring. Vi ser likevel at ved bruk av nettbrett skjer det ei individualisering som gjer samhandling mellom elevar og tilrettelegging for læringssituasjonar der elevar kan vere utforskande utfordrande.
Kva kan forskningsfunna brukast til?
– Avhandlinga sitt bidrag til undervisning med bruk av nettbrett er orientert mot å avdekke og forstå interaksjonar mellom lærar og elevar som kan fremme kvalitet i undervisnings- og læringsprosessar.
– Studien viser på den eine sida at nettbrettet som ny ressurs i klasseromspraksis i begynnaropplæringa, kan bidra til ei individualisering av elevar sin arbeidssituasjon. Dette gjer at kvaliteten i interaksjonar kan vere svekka, og kan dermed bidra til å svekke ein kjerneverdi i god undervisning.
– Studien viser imidlertid også at det er eit potensial for ein praksis som legg vekt på elevane sin sosiale læringsarena med nettbrett. Eit potensial gjennom aktivitetar og organiseringar som fremmer ein praksis for utforsking og samtale er tilgjengelege, men er likevel ikkje nytta i særleg grad i nettbrettsituasjonar. Det er eit særleg potensial i begynnaropplæringa å utvikle og bruke dei sosiale læringssituasjonane, også med nettbrett.
Velkommen til disputas
Alle interesserte er velkomne til å fylgja prøveførelesing og disputas i Kjølv Egelands hus E-164 eller digitalt via denne lenka (Møte-ID: 357 560 909 194 Passord: TKt3h9).
Fredag 29. november
Kl 10.00: Prøveførelesing.
Tittel for prøveførelesinga: “Teknologibruk i begynneropplæringen av lesing og skriving- Tendenser i forskningen: Teoretiske, metodiske og didaktiske tilnærminger».
Kl 12.00: Disputas
Vurderingskomitèen består av:
- Professor Øystein Gilje, Universitetet i Oslo
- Seniorforskar Jesper Bremholm, Dansk Videncenter for Læsning, Danmark
- Førsteamanuensis May Irene Furenes Klippen, Universitetet i Stavanger
Rettleiarar:
- Hovudrettleiar: Professor Atle Skaftun, Nasjonalt lesesenter, UiS
- Medrettleiar: Professor Siv Therese Måseidvåg Gamlem, Høgskulen i Volda
Leiar for disputasen:
- Professor Kjersti Lundetræ, senterleiar, Nasjonalt lesesenter, UiS
Studien er ein del av NFR-prosjektet DigiHand (prosjektnummer 273422). Dette prosjektet har vore eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Universitetet i Stavanger (UiS).
Fleire arrangement ved UiS:
Drop-in veiledning for deg med lese- og skrivevansker eller ADHD
Tor. 21.11.2024
10:00-11:00
Innovasjonspolitikk og geografisk ulikskap - ei kraft for divergens eller samhald?
Tor. 21.11.2024
12:15-13:15
Drop-In: Klargjør din PC til digital skoleeksamen
Tor. 21.11.2024
14:15-16:00
Henrik Steffens-forelesningen 2024: "All justice is animal justice". Filosof Alice Crary om hvordan vårt syn på dyr og mennesker henger sammen
Tor. 21.11.2024
18:00-20:00
Fagseminar: Ethics in a time of animal crisis
Fre. 22.11.2024
10:00-13:00
Drop-in veiledning for deg med lese- og skrivevansker eller ADHD
Tir. 26.11.2024
12:00-13:00
Konsert med Bjergsted vokalensemble
Tir. 26.11.2024
18:30-19:30
Forskningspub: Domkirkens hemmeligheter
Tir. 26.11.2024
18:30-19:30
Drop-in veiledning for bachelorstudenter innen helsefag
Tor. 28.11.2024
10:00-11:00
Dypdykk i steinalder utstillingen med arkeolog Astrid Johanne Nyland
Lør. 30.11.2024
14:00-14:45
Dypdykk i steinalder utstillingen med arkeolog Astrid Johanne Nyland
Søn. 01.12.2024
14:00-14:45