Opplæringsdelen for ph.d.-programmet i helse og medisin

Opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar i helse og medisin består av ein emnedel på 30 studiepoeng og ein formidlingsdel. Dette støttar arbeidet med avhandlinga og sikrar brei fagleg og vitskapleg kompetanse.

Publisert Sist oppdatert
Anestesisykepleier på oreasjonsstue
Foto: Elisabeth Tønnessen

Du har stor fridom til å velje kva emne og formidlingsaktivitetar som skal inngå i opplæringsdelen for doktorgradsprosjektet ditt.

Nedanfor finn du informasjon om rammene for opplæringsdelen.

Emnedel 

Emnedelen utgjer 30 studiepoeng. Emna skal normalt vere på ph.d.-nivå og planen for emnedelen må være godkjend på førehand.

Følgjande minstekrav gjeld for emnedelen:

  • 10 studiepoeng i vitskapsteori og forskingsetikk 
  • 10 studiepoeng i forskingsmetode 
  • 10 studiepoeng i fordjupingsemne 

Vårt ph.d.-program tilbyr emne innan kvar av dei tre bolkane, slik at du kan fullføre emnedelen. Emne på doktorgradsnivå frå andre fakultet eller nasjonale og internasjonale utdanningsinstitusjonar kan óg innpassast i opplæringsdelen. Fakultetet er positiv til at ph.d.-emne tas ved andre utdanningsinstitusjonar.

Finn oversikt over aktuelle ph.d.-emner.

Individuelt lesepensum 

Dersom du ikkje finn relevante emne, kan du saman med rettleiar lage eit individuelt lesepensum. Dette vert akkreditert som eit «småemne» og kan gje mellom 1 og 5 studiepoeng. Eit studiepoeng tilsvarar 25 til 30 timars arbeid. Søknad om individuelt lesepensum sendast til healthandmedicine@uis.no.

Formidlingsdel 

For å kunne avleggje doktorgradsprøva må ph.d.-kandidatar ha erfaring med fagleg formidling. Den faglege formidlingsdelen skal innehalde:

  • Jamlege presentasjonar av forskingsprogresjonen i det faglege miljøet ved UiS.
  • Minst ein presentasjon på internasjonal fagleg konferanse i løpet av studietida.
  • Minst eitt populærvitskapleg bidrag i løpet av studietida.

Formidlingsaktivitetane kan vere knytt til både obligatoriske oppgåver i opplæringsdelen og avhandlingsarbeidet. Munnlege presentasjonar undervegs i ph.d.-løpet skal gje kandidatane praktisk øving i forskingsformidling og kvalitetssikring av det sjølvstendige avhandlingsarbeidet.

Dokumentasjon på formidlingserfaring skal leverast saman med søknad om godkjenning av fullført opplæringsdel. Ta derfor vare på konferansebrosjyrer/-agenda og relevant informasjon om eigne bidrag.

Godkjenning og endring av opplæringsdelen 

Plan for opplæringsdelen vert godkjend samtidig med godkjenninga av prosjektplanen for doktorgradsprosjektet ditt. Ved endringar i opplæringsdelen må du søkje om godkjenning. Ta kontakt med ph.d.-koordinatorane på healthandmedicine@uis.no.

Opplæringsdelen må vere fullført og godkjend av fakultetet før avhandlinga kan leverast inn til vurdering. Søknad om godkjenning av fullført opplæringsdel sendast til healthandmedicine@uis.no.