Sjukepleiarar som realiserer seg, blir verande i jobben

Det er meldt om stor mangel på sjukepleiarar. Linda Horne Mæland har forska på norske helsesjukepleiarar for å forstå meir om kva det å realisera seg betyr for at dei blir verande i yrket.

Publisert Sist oppdatert
Portrett av Linda Horne Mæland
Linda Horne Mæland er førsteamanuensis i helsesjukepleie ved Det helsevitskapelege fakultet på UiS.

Ho disputerer for ph.d.-grada i helse og medisin ved Det helsevitskaplege fakultetet 31. mai 2024.

Horne Mæland forsvarer avhandlinga: Self-realization and its significance for school nurses remaining in practice. A qualitative study.

Noreg manglar helsesjukepleiarar for barn og unge. Dette fører til ei stor belastning for dei som allereie er i yrket. Behovet for helsesjukepleiarar i helsestasjons- og skulehelsetenesta er høgare enn talet på tilgjengelege sjukepleiarar.

Helsesjukepleiarar skal følgja opp den fysiske og psykiske helsa til barn og unge. Utfordringane dei møter er mange og varierande, og oppfølginga krev ofte meir enn nokre få samtalar. Helsesjukepleiarane slit med å ha nok tid til å vera tilgjengeleg og til stades for dei som treng dei, noko som vitnar om ubalanse mellom utfordringar og ressursar, og som kan føra til at fleire vurderer å slutta i yrket.

Samstundes har helsesjukepleiar i skulen ei sjølvstendig rolle med kontroll over eigen arbeidsdag, noko dei opplever som positivt i arbeidet sitt.

Kva har du forska på?

Eg har forska på sjukepleiarar som held fram i yrket. Vi veit frå tidlegare forsking at sjukepleiarar treng å realisere seg for å halde fram i praksis. Likevel veit vi mindre om kva som inngår i det å realisere seg som sjukepleiar eller kva betydning dette har for at dei blir verande i jobben.

I denne studien har eg studert norske helsesjukepleiarar, dei som har arbeidsstad i skulehelsetenesta, som i stor grad blir verande i yrket. Målet med studien var å skape kunnskap om sjølvrealisering og kva det betyr for at helsesjukepleiarane held fram i praksis.

Kva fann du ut?

Studien viser at det å realisere seg som sjukepleier handlar om ein ønska måte å leve på som sjukepleiar. Helsesjukepleiarane realiserer seg ved å vere orienterte mot det som er godt å vere og det som er godt å gjere som sjukepleiar. Då deltakarane snakka om å realisere seg for å fortsetje i praksis snakka dei om å ‘leva i pakt med seg sjølv’, om ‘å gjera det som er til det beste for skuleborna’ og ‘om å utgjere en forskjell for den andre’. Med andre ord har det å realisera seg som sjukepleiar å gjera med at dei står opp for det som er viktig for dei i arbeidet, at dei strekkjer seg etter å oppnå det som er av verdi for dei i dagleg praksis.

Ein slik måte å leva på som sjukepleiar er verdifull og gir dei ei stadfesting av deira yrkesval og rolle som sjukepleiar. Til dømes inneber dette at sjukepleiarane bør kunne vera merksame på seg sjølv, ta vare på seg sjølv og kunne ha arbeidskvardagar med oppgåver dei har interesse for og der dei kjenner på arbeidsglede.

Kva kan forskingsfunna brukast til?

Denne studien har relevans i diskusjonen om kva som kan bidra til å behalde sjukepleiarar i yrket. Ho bidrar til betre forståing av kva sjølvrealisering inneber og kva det betyr for at helsesjukepleiarane held fram i praksis. Sjølv om det ofte snakkast om arbeidsvilkår og motivasjon, og ikkje minst lønn, for å behalde sjukepleiarar i yrket, viser denne studien at helsesjukepleiarane i skulehelsetenesta held fram fordi dei realiserer seg, og dette omfattar det som er meiningsfullt i deira yrkesliv. Kunnskap om at det å realisere seg handlar om ein måte å leve på som sjukepleiar, og at dette har betydning for at dei held fram i yrket, er viktig med tanke på den store mangelen på sjukepleiarar, også helsesjukepleiarar, både nasjonalt og internasjonalt.

I dagleg sjukepleiepraksis kan det å delta i refleksjonsgrupper og setje fokus på kva som er viktig for sjukepleiarane vere viktig for at dei kan realisere seg og halde fram i yrket. Det er også relevant at sjukepleiarar får ansvar i val og avgjersler i dagleg praksis, at dei får anerkjenning for sitt arbeid og får moglegheiter for fagleg utvikling og varierte oppgåver.

Linda Horne Mæland er førsteamanuensis i helsesjukepleie ved Det helsevitskapelege fakultet på UiS. Ho er utdanna helsesjukepleiar og har erfaring frå ein helsesjukepleiar sitt arbeidsfelt med hovudvekt på arbeid i skulehelsetenesta. Ho har ein mastergrad i helsevitskap ved UiS.

Les også: – Sykepleiere som realiserer seg selv, blir værende i jobben sin (sykepleien.no)