Onsdag 25. september på Folken kan du få med deg eit spektakulært forskingsshow. 10 doktorgradsstipendiatar presenterer forskinga si på fire minutt. Du kan stemme fram vinnaren. Eit dommarpanel gjev terningkast. Dei to stipendiatane som får flest poeng får representere regionen i den nasjonale finalen i Oslo påfølgande laurdag.
Ta med deg vener og familie og kom på Forskar Grand Prix Stavanger på Folken og stem fram den forskaren du meiner er best til å formidle forskinga si. To av forskarane går vidare til den nasjonale finalen i Oslo. Her er kandidatane som stiller i den regionale finalen i Stavanger:
Slik kan læraren skape anerkjenning
Øystein Nybøe (UiS)
Skulen har ei viktig oppgåve i å kvalifisere dei unge til å delta aktivt i yrkeslivet. Skulen skal også bidra til at alle barn skal få utvikle seg og sine moglegheiter. I tillegg skal barn og unge oppleve fellesskap og at dei høyrer til.
Kven er det som sørgjer for at desse tre oppgåvene blir teke hand om? Jau, det er i stor grad læraren. Øystein Nybøe forskar på interaksjonar mellom lærar og elev og har funne fram til kva det er som skal til for å skape tryggleik og god læring.
Universitetslektor i pedagogikk Øystein Nybøe har som stipendiat ved Institutt for grunnskulelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk undersøkt kva som må til for å lukkast med skulens oppdrag.
Fiendens barn på flukt i 1945
Cecilie Aarøe (UiS)
Historia om andre verdskrig og etterkrigstida har ofte skygga for dei individuelle perspektiva til uskuldige tyske sivile, som etter krigen vart påtvungne mykje skuld og skam. Gjennom eit mikroperspektiv ønskjer stipendiat Cecilie Aarøe å belyse skjebnen til eit slikt enkeltmenneske: Nortrud Stein, ei seks år gammel jente som i 1945 måtte flykte saman med sine to eldre systre og deira mor. Aarøe har forska på korleis ein kan undervise i historiefaget på skulen på ein ny måte slik at fleire perspektiv kjem fram.
Cecilie Aarøe er stipendiat i samfunnsfag og mikrohistorie ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk.
Kvifor tek grøn omstilling så lang tid?
Frida Layti (UiS)
Vi høyrer stadig om det grøne skiftet og viktigheita av næringslivet i omstillinga. Likevel kan det ofte virke som bedriftene bare har ein grøn haldning og ingen handling. Korleis tettar vi dette gapet? Og kvifor tek grøn omstilling så lang tid? Frida Layti har teke på seg ei stor utfordring i forskinga si. Ho veit at grøn omstilling er kompleks og at dersom vi som samfunn skal realisere det grøne skiftet, treng vi meir kunnskap om korleis bedrifter kan bidra.
Frida Layti er stipendiat i det som vi alle snakkar om, nemleg grøn omstilling og innovasjon. Ho har ein ingeniørfagleg bakgrunn og har sjølv erfart at grøn omstilling krev meir enn berre ny teknologi. På Forskar Grand Prix i Folken får me ein sniktitt på kva ho har kome fram til så langt.
Kva gjer leddgikt med fertiliteten hos menn?
Gudrun David Sigmo (SUS)
Påverkar sjukdommen min evnen til å få barn? Kan medisinen eg brukar være skadelege for barnet?
Menn som lever med leddgikt, har mange spørsmål rundt det å få barn. I doktorgradsarbeidet undersøkjer Gudrun David Sigmo data frå om lag 11.000 menn med leddgikt, psoriasisartritt og spondyloartritt for å kartlegge om sjukdommen eller medisinane påverkar mennene sine evnar til å bli far. Overlegen møter dagleg pasientar med ein autoimmun sjukdom kor immunsystemet angriper eigen kropp og då særlig ledd. De fleste pasientar må ta medisinar fast og ein lav dose cellegift er ofte førsteval. Det er gjort mange studiar på kvinner med leddgikt, og vist at sjukdommen påverkar livet på mange måtar, blant anna får dei færre barn. Sigmo ville undersøkje kva som var stoda for menn med leddgikt. Ho blei overraska over funna.
Gudrun David Sigmo er spesialist i revmatologi og indremedisin. Ho arbeidar som overlege ved Stavanger universitetssjukehus og tek sin doktorgrad ved Universitetet i Bergen.
Lesing av akademiske tekstar i ei digital tid
Marte Pupe Støyva (UiS)
Samfunnet treng at studentar i høgare utdanning sikrar seg evna til å forstå kompliserte tema, men korleis vel studentane å lese pensumet sitt? Lesinga vår har endra seg mykje dei siste 30 åra. Digital teknologi har gitt oss eit hav av moglegheiter for å lese på ulike flater og skjermar. I dag møter studentane tekstane dei skal lese i ulike format, til dømes på nett, som pdf-ar, som papirbøker og e-bøker.
Marte Pupe Støyva forskar på studentane sine lesestrategiar og korleis dei vel å handtere lesinga si i vår digitale tid. Ho undersøkjer kva som skal til for å lukkast med lesing av akademiske tekstar, slik at ho kan gje gode råd om ulike lesestrategiar til studentar, undervisarar og andre avgjerdstakarar.
Marte Pupe Støyva er stipendiat ved Nasjonalt Lesesenter kor ho undersøkjer prosessane som førekjem undervegs i autentiske og komplekse leseprosessar. Støyva har tidlegare jobba i fleire år som spesialbibliotekar på Universitetsbiblioteket i Stavanger.
Slik kan alle få rimelige og bærekraftige boliger
Veronika Lorentzen (UiS)
Svartlamon i Trondheim er ikkje som alle andre bydelar. Bydelen er eit såkalla byøkologisk forsøksområde og dei som bur der har i alle år jobba hardt for å bevare dei gamle husa og slik sørge for billige, sentrumsnære bustader. Det er kommunen som eig husa, medan dei som bur i bydelen er aktive i å utvikle berekraftige løysingar og nye typar bustadar. Dei ønskjer også å fremja samhald, kreativitet, motkultur, dugnad, fellesskap, økologi, kunst, kultur og toleranse. Veronika Lorentzen meiner bydelen gjev oss verdifull innsikt i kreative bustads-løysingar og gode berekraft-praksisar. Ho meiner også at Svartlamon fungerer som ein forløpar for ein ny, norsk bustadpolitikk.
Veronika Lorentzen kom til Noreg frå Ukraina for 9 år sidan og har sjølv budd på Svartlamon. Lorentzen høyrer til på Institutt for medie- og samfunnsfag.
Finn skjulte skattar med sjølvkøyrande robotar
Thomas Meldahl Olsen (UiS)
Skattar kan vere så mangt. Det kjem an på kven ein spør. Det kan vere skipsvrak som har lege gøymt i sediment i fleire hundre år, eller grunnfjellet for ein geoteknikar. Men det kan òg vere det som kan hjelpe samfunnet å bli grønare, nemleg mineralar. Det finst sjølvsagt tradisjonelle metodar som kan leite etter desse skattane i dag, men dei er lite effektive og kan gje skuffande resultat med tanke på datakvaliteten. Thomas Meldahl Olsen har designa og bygd autonome plattformar som skal gjere tredimensjonale innsamlingar av data mykje meir effektivt og rimelegare.
Thomas Meldahl Olsen er stipendiat i anvend geofysikk ved Institutt for energiressurser. Når han ikkje forskar på geofysikk, jobbar han med sitt eige firma. Han er òg medgründer i eit selskap som arbeider med leiting etter mineralar.
Flyktningretten – rettferd for kven?
Veronica Olin Øverlid (VID)
Mange land har skrive under på FNs flyktningkonvensjon som sikrar rettane til menneskjer på flukt. Men korleis fungerer denne flyktningretten når dei aller fleste flyktningar ikkje kjem fram til ein stad der dei kan nytte denne retten? Kvart år døyr tusenvis av flyktningar på flukt rundt omkring i verda. Mange hindringar er sette opp for at flyktningane nettopp ikkje skal klare å kome fram. For eksempel ein mur, slik dei har gjort på grensa mellom Mexico og USA.
Mange statar påstår at dei tek imot for mange flyktningar, og ønsker eit strengare regelverk. Stipendiat Veronica Øverlid forskar på korleis flyktningkonvensjonen blir brukt og ser på moglege løysingar for ei betre og meir rettferdig ordning enn den som gjeld i dag.
Veronica Øverlid har drive med menneskerettsarbeid i Norge, Egypt og fleire land i Latin Amerika. Ho har sett flyktningane sin situasjon på nært hald og er oppteken av korleis ordningane kan bli betre. Som forskar ved Senter for interkulturell kommunikasjon ved VID vitskaplege høgskule i Stavanger har ho spesielt sett på flyktningar frå El Salvador, Guatemala og Honduras, som i 2018 organiserte seg for å kome seg gjennom Mexico og fram til USA.
Korleis redde verda? Svar frå 6. klasse
Ingrid Hilmer (UiS)
I 2020 kom ein ny læreplan, og med den blei berekraft ein del av norskfaget. Tidlegare norsklærar Ingrid Hilmer forskar på korleis ein kan bruke litteratur for å undervise i berekraftig utvikling i norskfaget. Ho lurer på kva som skjer når 6. klasse les og diskuterer ei barnebok om ein 11-åring som prøver å redde verda frå klimaendringar. For korleis reddar ein eigentleg verda – og kva har litteratur med dette å gjere?
Ingrid Hilmer er stipendiat i norskdidaktikk ved Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Tolletaten – bare kvota og narkotika?
Sasan Zarghooni-Hoffmann (UiS)
Tenkjer du at Tolletaten kanskje gjer ein viktig jobb for å stoppe narkosmugling, men irriterer deg samstundes over at du føler deg skuldig når du passerer grensa sjølv om du ikkje har med deg narkotika? Har du tenkt over at Tolletaten gjer mykje meir enn å stoppe smuglarar? Sasan Zarghooni-Hoffmann forskar på korleis Tolletaten beskyttar samfunnet. Han har funne at deira bidrag til samfunnstryggleik er forskjellig frå – og meir omfattande enn – andre etatar. Han meiner Tolletaten er meir viktig enn kva folk flest og myndigheitene er klar over. Funna han har gjort, kan hjelpe myndigheitene å styrke arbeidet med beredskap og samfunnstryggleik.
Sasan Zarghooni-Hoffmann er stipendiat i risikostyring og samfunnstryggleik og forskar på problemstillingar knytt til Tolletaten. Han høyrer til på Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging.