Opptak til ph.d.-program ved ekstern finansiering

Skal du ta ein ph.d.-utdanning med ekstern finansiering? Her finn du informasjon om korleis du går fram for å søke opptak til eit ph.d.-program ved UiS med ekstern finansiering.

Publisert Sist oppdatert

Kva vil det seie å ta ein ph.d. med ekstern finansiering?

Å ta ein ph.d. med ekstern finansiering vil seie at du skal vere tilsett ein annan stad enn ved UiS når du gjennomfører ph.d.-løpet. For å ta ein ph.d. på denne måten må du søke om opptak.

Ønsker du å vere tilsett ved UiS medan du gjennomfører ph.d.-løpet, kan du søke på ei stipendiatstilling som blir lyst ut på Jobbnorge.

Opptakskrav

Opptakskrava til ein ph.d. med ekstern finansiering er:

  • Du må normalt ha femårig mastergrad eller tilsvarande utdanning.
  • Du må ha utarbeidd ei god prosjektbeskriving som fell inn under eitt av våre ph.d.-program sine fagområde.
  • Du må ha ein finansieringsplan. For søkjarar som ikkje er fullfinansierte gjennom stipendordningar, krevst det dokumentasjon for at minst 50 % av arbeidstida under studiet kan nyttast til forskarutdanning og at minst eitt år kan avsetjast til fulltidsstudium.

Søknad om opptak til ph.d.-utdanninga skal signerast av personen som skal vere hovudrettleiar for ph.d.-prosjektet. Viss det ikkje er avklart kven som skal vere hovudrettleiar, men du oppfyller dei andre krava for opptak, kan du sende inn søknaden som ein førebels søknad. Viss prosjektbeskrivinga di fell inn under eitt av programma sine fagområde, kan ph.d.-administrasjonen ved fakultetet hjelpe deg med å kome i kontakt med ein rettleiar.

Søknader som manglar prosjektbeskriving, godkjend dokumentasjon på tidlegare relevante studium eller som ikkje har nokon reell finansieringsplan, vil normalt bli avvist.

Alle ph.d.-programma har kontinuerleg opptak. Søknad om opptak sendast til ph.d.-administrasjonen ved det aktuelle fakultet.

Søknadsskjema

Ta ein ph.d. ved UiS?