Eit blikk på korleis Senter for innovasjonsforsking i Stavanger har utvikla seg i takt med raskt skiftande omgjevnader og skiftande syn på innovasjonspolitikken. Kva har senteret lært gjennom desse åra?
Tekst: Marte C. W. Solheim, senterleder. Bjørn Terje Asheim, professor emeritus. Ragnar Tveterås, professor
Bakgrunn for og utvikling av senteret
Senter for innovasjonsforsking (SIF) er snart inne i sitt 15. år. I desse åra har det vorte arbeidd målretta mot målet om å skape eit senter som skulle verte leiande nasjonalt så vel som internasjonalt innan innovasjonsforsking, styrke utdanningstilboda innan entreprenørskap og innovasjon og stimulere til nyskaping og samhandling mellom utdanning, forsking og næringslivet i regionen.
Ambisjonen til senteret var og er framleis, å vere premissleverandør for praksis og politikk, og å vere eit internasjonalt synleg og anerkjent forskingsmiljø.
Senteret vart etablert i 2007 av Universitetet i Stavanger (UiS) og IRIS (no NORCE) og vart gjort mogleg gjennom ei grunnfinansiering fra familien Gjedebo på 50 millionar norske kroner.
Tre generasjonar innovasjonspolitikk
Innovasjonspolitikken har hatt ulike roller, retningar og mandat. Dette kjem særleg godt fram i arbeidet til Schot og Steinmueller (2018) som framhevar at innovasjonspolitikken har utvikla seg gjennom tre generasjonar. Desse tre generasjonane innehar ulik forståing av ikkje berre korleis innovasjonar oppstår, men og knytt til omliggande strukturar og rammeverk som kan fungere som drivarar og barrierar for innovasjon. Den fyrste generasjonen baserer seg på ei lineær forståing av innovasjon, som startar med forsking og utvikling (FoU) og endar opp med nye innovasjonar. Denne innovasjonstankegangen vaks fram rundt 1940-talet og var dominerande til og med 1980-talet, og hovudessensen i den var at FoU var premissleverandør av kunnskap, og offentleg politikk si rolle var å korrigere marknadssvikt. Denne forståinga av korleis innovasjon skjer, har ikkje lenger på langt nær den same framtredande posisjonen, og Nathan Rosenberg uttalte endåtil at «alle veit at den lineære modellen av innovasjon er død». Om ikkje død, så har senteret si forsking ikkje vore inspirert av denne retninga.
Derimot har senteret si forsking vore monaleg forankra i andre generasjons innovasjonspolitikk om innovasjonssystem, som baserer seg på ei interaktiv forståing av innovasjon og vektlegg at innovasjon ikkje utelukkande kjem frå FoU-miljøa, men kan vokse fram basert på behov og/eller etterspurnad i eit større system av interaktiv læring. Denne retninga vaks fram på 1990-talet og vektla i vesentleg grad offentleg støtte til nettverk, næringsklynger og regionale innovasjonssystem for å stimulere til innovasjon gjennom å fremme auka interaksjon, samarbeid og læring. Rolla til den offentlege politikken var her å korrigere for systemsvikt. Dette ser ein til dømes i NOU-en (2014:16)5 om omstilling av sjømatindustrien som blei leia av Ragnar Tveterås og fekk vesentlege bidrag frå medarbeidarar på senteret. Senteret har hatt eit overordna fokus på samspel og samarbeid på tvers av offentleg og privat sektor, der ein kan observere at funksjonar frå verkemiddel og effektar er satt i system. Døme på dette er prosjekt som Virkemidler for Regional Innovasjon (VRI), og i 2014 leia senteret eit av dei sokalla «synteseprosjekta», som handla om å styrke den forskingsmessige kvaliteten i VRI-programmet. Prosjektet hadde professor Bjørn T. Asheim som prosjektleiar og Høgskolen i Bergen (No HVL), Universitetet i Agder og NIFU som partnarar.
Prosjektet fann at det, med eitt unntak, Agder, ikkje fantes velfungerande regionale innovasjonssystem (RIS) i Noreg. Men vi fann at sterke regionale næringsklynger primært samarbeida med NTNU/SINTEF for å utvikle innovasjonar. Ein av konklusjonane frå prosjektet var at Trondheim sin dominans lett kan føre til lock-in-tendensar og manglande kapasitet til industriell omstilling.
Denne problematikken vart følgt opp av eit eitårig prosjekt i FORINNPOL-programmet i 2017–2018, der vi såg på kva slags innovasjonspolitikk som var naudsynt for å fremje radikal industriell restrukturering. Ein av konklusjonane var at dette mest effektivt kunne fremjast ved kombinasjonar av ikkje-relatert kunnskap. Senteret har vore/er involvert i store internasjonale prosjekt, så som RUNIN, «The Role of Universities in Innovation and Regional Development» (2016–2021), med Rune Dahl Fitjar som prosjektleiar. Føremålet til dette prosjektet var å utdanne framtidige forskarar til ekspertar på korleis universitet kan stimulere til innovasjon og utvikling i dei regionane som dei er lokalisert i, som ein del av universiteta si tredje oppgåve. Senteret er no partnar i eit tilsvarande EU-nettverk, POLISS – Policies for Smart Specialisation, som er koordinert frå Universitetet i Utrecht, Nederland, og som tar sikte på å utdanne framtidige forskarar som kan forbetre EUs smart specialisation policy.
Den tredje generasjonen innovasjonspolitikk sikter mot å finne løysingar på dei store samfunnsutfordringane gjennom forsking og innovasjonar som både er ansvarlege og berekraftige, og der ein også tek sikte på å endre det økonomiske systemet i same retning. Staten si rolle i denne generasjonens innovasjonspolitikk går ut over å korrigere marknads- og systemsvikt til også, til dømes, å forme og skape marknadar for nye haldbare produkt og tenester gjennom offentleg innkjøpspolitikk.
Senteret har hatt fleire store prosjekt knytt til innovasjonar i offentleg sektor, med to store forskingsrådsprosjekt med Tatiana Iakovleva i spissen, som mellom anna undersøker korleis IKTløysingar kan medverke til å utvikle ansvarlege helse- og velferdstenester forankra i Responsible Research and Innovation (RRI).
Vegen vidare og lærdommar med på vegen
Senteret tek no ei aktiv rolle i det grøne skiftet gjennom å ha tatt leiarskap i utviklinga av eit stort industrielt innovasjonsprosjekt under regjeringa sitt «Grønn plattform»-program om ei lågutslepp verdikjede for havbruk til havs. I prosjektet møtes den oljerelaterte industrien (Moreld, ABB, Aker) og verdikjeda for havbruk (Salmar, Grieg Seafood, Skretting) som tunge deltakarar og finansiørar. Prosjektet har som mål å kutte klimagassutslepp i alle ledd i verdikjeda, samt bidra til offentlege reguleringar som gjev incentiv til å redusere miljømessige fotavtrykk.
Ein skal forventa av senteret at det både evner å gje ny kunnskap av høg internasjonal relevans formidla i dei leiande forskingstidsskrifta, samtidig som det gjev aktive bidrag til praktisk innovasjon gjennom å ha ei rolle i innovasjonsprosjekt og gjennom dialog med styresmakter og næringsliv. Tett samarbeid med regionale stakeholders i privat og offentleg sektor er ei vinn-vinn-løysing: Det gir betre og meir relevant forsking og bidreg mest effektivt til å løyse konkrete utfordringar (til dømes smart spesialisering og utvikling mot grøn oppdrettsnæring). Dette betyr at senteret både skal vere ei kritisk røyst når det er nødvendig, men også spele på lag med andre samfunnsaktørar i ei løysingsorientert tilnærming. Og sist, men ikkje minst, forskingsbasert kunnskap gir det beste grunnlag for policy-råd.
Senteret er rangert fremst i Noreg innan innovasjonsforsking og regional utvikling og som beste forskingssenter ved UiS (SAMEVAL). I fjor vart senteret overrekt den internasjonalt gjeve prisen «Institutional Ambassador Award 2020» av Regional Studies Association.
Denne artikkelen vart fyrst publisert i Forskningspolitikk (s.18).