Tenkande klasserom - Building Thinking Classrooms

Undervisingsmodellen Tenkande klasserom har breidd om seg dei siste åra. Fleire skular og enkelte lærarutdanningar er i ferd med å prøve ut denne undervisningsmodellen. Universitetet i Stavanger nyttar Tenkande klasserom-metoden i matematikkundervisinga ved grunnskulelærarutdanninga, og i denne videoen får du sjå korleis det kan gjerast.

Publisert Sist oppdatert

Lærarutdannarar i matematikkdidaktikk ved Universitetet i Stavanger (UiS) har teke i bruk eit nytt rammeverk for matematikkundervisning kalla Building Thinking Classrooms, eller Tenkande klasserom på norsk. Rammeverket er først og fremst utvikla med tanke på matematikkundervisning i skulen, men kan med enkle grep overførast til andre settingar og fag.

Ein klasse ved grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger viser saman med førsteamanuensis Åsmund Gjære korleis tenkande klasserom kan brukast i matematikkundervising. (Foto og redigering: Screen Story)

Hensikta med Tenkande klasserom-rammeverket er å forbetre den matematiske læringa ved å etablere eit klasserom der elevane ikkje berre imiterer og puggar det læraren fortel, men faktisk engasjerer seg i genuin matematisk tenking og problemløysing. Rammeverket består derfor av 14 forskingsbaserte praksisar læraren kan praktisere. Desse praksisane har vist seg å vere effektive for å sette i gong, eller oppretthalde, elevars matematiske tenking. Nokre av praksisane er synlege i videoen, der våre studentar tek rolla som elevar:

  • Å bruke gode problemoppgåver
  • Elevane står og skriv på vertikale, ikkje-permanente flater (whiteboard)
  • Tilfeldige grupper på tre elevar
  • Klasserommet har ikkje lenger ein tydeleg «front» der læraren er
  • Presentasjonen av oppgåva skjer verbalt og ståande
  • Læraren går rundt og gir hint tilpassa kvar gruppe
  • Læraren tek i bruk elevanes arbeid i oppsummeringa – og bruker mest tid på det grunnleggjande

I tillegg er det andre praksisar som gjeld lekser, notat, vurdering og tilbakemeldingar som ikkje er synlege i denne videoen (sjå oversikt nedst i saka).

Rammeverket er eit eksempel på korleis ein kan drive praksisnær lærarutdanning på campus. På UiS får matematikklærarstudentane erfaringar med å bli undervist på denne måten i rolla som «elevar», i tillegg til at dei les forsking og teori, diskuterer praksisane, og får høve til å praktisere dei sjølve. Studentane får praksiserfaringar både i eigen praksis i skulen og ved at vi «låner» elevar og inviterer dei til campus, slik at studentane får øve på rolla som lærarar i eit tenkande klasserom. Rammeverket blir ikkje berre brukt til undervisning av matematisk problemløysing; tavlene blir også tatt i bruk når studentane skal oppsummere og drøfte forskingsartiklar og anna pensumlitteratur.

Tenkande klasserom har breidd om seg dei siste åra, og fleire skular og enkelte andre lærarutdanningar er òg i ferd med å prøve ut denne undervisningsmodellen.

Dei 14 praksisane i Tenkande klasserom

Dei 14 praksisane som er viktige når ein skal legge til rette for eit tenkande klasserom:

  1. Kva type oppgåver vi bruker
  2. Korleis vi sett saman grupper
  3. Kor elevane arbeider
  4. Korleis vi plasserer møblane
  5. Korleis vi svarar på spørsmål
  6. Når, kor og korleis vi gir oppgåver
  7. Korleis vi gir lekser
  8. Korleis vi fremjar elevanes autonomi
  9. Korleis vi bruker hint og utvidingar
  10. Korleis vi forankrar læring
  11. Korleis elevane tek notat
  12. Kva vi vel å evaluere
  13. Korleis vi bruker formativ vurdering
  14. Korleis vi gir karakterar

Lyst til å prøve deg på det matematiske problemet frå videoen?

Her er problemet studentane jobba med i denne videoen:

Ta for deg talfølgjer på forma {1, 2, 3, ..., n}. For kva verdiar av n er det mogleg å fjerne eitt av tala frå følgja og sidan fordele dei resterande tala i to summar med lik verdi? Eksempel:

{1, 2, 3, 4}, fjern talet 4, då kan dei resterande tala danne summar med lik verdi: 1 + 2 = 3.

{1, 2, 3, 4, 5, 6, 7}, fjern talet 2, då kan dei resterande tala danne summar med lik verdi:
1 + 5 + 7 = 3 + 4 + 6.

(Du må bruke alle tala som står att etter at du har fjerna eitt.)

Teksten ovanfor er utarbeidd av førsteamanuensis Åsmund Gjære og professor Janne Fauskanger ved Universitetet i Stavanger