Kva prestasjonar ligg bak årets nobelprisar? Kva betyr innsatsen, teoriane, formidlinga og resultata for deg og meg? Forskarar frå Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus svarer når vi inviterer til Nobel-arrangement.
Nobelprisane blir delt ut i Stockholm og Oslo på Alfred Nobels dødsdag tysdag den 10. desember. Kvelden før inviterer vi til eit Nobel-arrangement på Møteplassen på Sølvberget i Stavanger. Her stiller seks dyktige fagekspertar frå UiS og SUS opp for å presentere prisvinnarane og forklare oppdagingane og bidraga som vert feira. Og det på ein måte som gjer at vi som ikkje har inngåande kunnskap om temaet, kan forstå.
Meld deg på arrangementet Nobelprisane 2024 forklart for folk flest
Kvar paneldeltakar har 10 minutt på å gjere oss klokare på dei ulike prisvinnarane og prestasjonane deira. Journalist og programleiar Guttorm Andreasen er vert for kvelden.
Nobelprisvinnarane 2024
- Fysikk: John J. Hopfield (USA), Geoffrey Hinton (UK)
- Kjemi: David Baker (USA), Demis Hassabis (UK), John Jumper (USA)
- Fysiologi eller medisin: Victor Ambros (USA), Gary Ruvkun (USA)
- Fredsprisen: Nihon Hidanko (Japan)
- Litteratur: Han Kang (Sør-Korea)
- Nobels minnepris (økonomi): Daron Acemoglu (USA), Simon Johnson (UK), James A. Robionson (USA)
Dei som skal presentere dei ulike prisane, er:
Fysikk: Alvaro Fernandez Quilez, førsteamanuensis i kunstig intelligens ved UiS
Kjemi: Lutz Eichacker, professor i biologisk kjemi ved UiS
Medisin: Kirstin Jonsdottir, molekylærbiolog og seksjonsleder for klinisk forskningspost ved SUS
Fredsprisen: Melina Antonia Buns, førsteamanuensis i historie ved UiS
Litteratur: Tanu Biswas, førsteamanuensis i pedagogikk ved UiS
Økonomi: Torfinn Harding, professor i samfunnsøkonomi ved UiS
Arrangementet er gratis og opent for alle, så langt det er plass. Merk at nokre av presentasjonane er på engelsk.
Arrangør, initiativ og idé: Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi – med støtte av Forskingsavdelinga og Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS, i eit samarbeid med Sølvberget bibliotek og kulturhus.