Fakultetet for utøvande kunstfag si PPU-utdanning har ei unik profilering av pedagogikk innan musikk, dans, drama og teater.
Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande og skapande kunstfag har ei profilering av pedagogisk utdanning innan musikk, dans, drama og teater. Fakultetets PPU-seksjon har eit unikt studie- og fagmiljø på tvers av kunstfaga. Studiets profil blir også kjenneteikna av eit rikt forgreina entreprenørskap innan kunstområdet, med vekt på å gje grunnlag for allsidig utøvande og pedagogisk yrkesinnsats.
Seksjonen høyrer til Avdeling for jazz, dans PPU og musikkproduksjon, som blir leidd av Jens Torolf Larsen.
Søknadsfrist for PPU i utøvande og skapande kunstfag er 1. mars. Her kan du lesa meir om studieprogrammet og korleis du søkjer.
Kven undervisar i kva i PPU- seksjonen?
Her finn du ein oversikt over alle tilsette i PPU- seksjonen.
Seksjonsleiar er Sanna Pauliina Törmälä- Tranberg. Ho er også studieprogramleiar.
- Flønes, Mari - dansedidaktikk
- Manum, Kari Marie - pedagogikk, kunstfagdidaktikk
- Onarheim, Theodor Barsnes - jazzdidaktikk
- Rønnes, Kari Olene Oma - vokal- og kunstfag didaktikk
- Røsbak, Morten Dahlseng - grunnskoledidaktikk
- Törmälä-Tranberg, Sanna Pauliina - pedagogikk, kunstfagdidaktikk (permisjon fom. august 2025 - tom. juli 2028)
Les meir om dei tilsette i PPU- seksjonen
Fakultetet si PPU-utdanning har eii unik profilering av pedagogikk innan musikk, dans, drama og teater. Denne profilen blir mellom anna kjenneteikna av eit rikt forgreina entreprenørskap innan kunstområdet, med vekt på å gje grunnlag for allsidig utøvande og pedagogisk yrkesinnsats. Kontakten med praksisfeltet omfattar både pedagogiske og utøvande område.
Bjergsted kulturpark er ein smeltedigel av arbeidsliv, og PPU-utdanninga har samarbeidsavtale med Stavanger kulturskule og MDD ved Stavanger katedralskule. Elles er vi innom ulike grunnskular i Stavanger og Randaberg, og ved Vågen vidaregåande og Sandnes kulturskule.
Alle som underviser og rettleier på PPU-utdanninga har høg pedagogisk og didaktisk kompetanse og kunstfagleg bakgrunn.