Organisasjonen

Ved UiS er universitetsstyret det øvste styringsorganet. Rektor har det øvste vitskaplege og administrative ansvaret. Den vitskaplege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet og fleire nasjonale forskings- og kompetansesenter, i tillegg til Arkeologisk museum.

Publisert Sist oppdatert
UiS skal vere eit ope universitet med høg trivsel blant våre studentar og tilsette.

Leiinga og administrasjonen

Styret ved Universitetet i Stavanger for perioden 2023- 2027.

Om organiseringa

Universitetsstyret er det øvste styringsorganet ved UiS. Rektor har det øvste vitskaplege og administrative ansvaret.

Sidan 2019 har UiS hatt tilsett rektor med ekstern styreleiar utpeikt av Kunnskapsdepartementet. Rektor er no leiar for den samla verksemda ved universitetet og sekretær for styret. 

Rektoratet er tilsett på åremål og består i tillegg til rektor av tre prorektorar for høvesvis forsking, utdanning og innovasjon og samfunn. 

Leiargruppa ved Universitetet i Stavanger består av rektoratet, direktør for organisasjon og infrastruktur, dekanar, direktør for Arkeologisk museum samt leiaren for studentorganisasjonen StOr.

Den vitskaplege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet i tillegg til Arkeologisk museum. Kvar av desse einingane er delt inn i institutt og avdelingar. Det finst òg fleire forskingssenter og nasjonale forskings- og kompetansesenter knytte til UiS. I tillegg har Universitetet i Stavanger samarbeid med FoU-senter, kunnskapsklynger og nettverk. 

Dei fellesadministrative einingane og Universitetsbiblioteket er leia av prorektorane og av direktøren for organisasjon og infrastruktur.

Ei rekke nemnder og utval ved universitetet bidreg til å sikra kvalitet, læringsmiljø, tryggleik og utdanningstilbod.

Organisasjonskart

Tilsette og studentar samhandlar tett med omgjevnadene i ein internasjonalt retta og innovativ region.