Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teoriar i praksis. Oppgåvene tek utgangspunkt i korleis bedriftene motiverer sine tilsette og studentane skal analysera og tilrå tiltak som kan auka motivasjonen. Dei beste rapportane vart presenterte i ein finalen i Sandnes Sparebank Case Competition på Handelshøgskolen ved UiS den 14. november.
Faget “Economics of Motivation” på Handelshøgskolen ved UiS ser spesielt på korleis motivasjon på arbeidsplassen finn stad både gjennom teori og praksis. Studentane lærer å nytta det det dei har lært i forelesingane gjennom å laga ein rapport basert ei reell bedrift. Oppgåva går i hovudsak ut på å evaluera korleis arbeidsgivaren motiverer sine tilsette. Studentane jobbar i team og vel sjølv bedrifta dei ønskjer å undersøkja.
Dei tre studentteama som leverte dei beste case-rapportane konkurrerte om ein førstepremie på heile 40 000 kroner gitt av Sandnes sparebank.
Vinnarane av årets Sandnes Sparebank Case Competion vart Team IVAR med masterstudentane Ingrid Flood, Kaleb Kristensen, Ragnhild Leidland og Ingvild Mørk Salvesen. Teamet gjorde sin case-studie hos IVAR, Interkommunal vann, avløp og renovasjon.
Vinnarlaget var samstemde, – Bedrifta IVAR var rause med å dela nødvendig informasjon for å gjera ei god oppgåve. Det var ein praktisk måte å læra fag på, å prøva ut på ekte det me har lært i klassen. Å vera konsulentar gav meirsmak og kjendest meiningsfullt. Resultata me fann kan brukast av bedrifta. Det var ei utruleg gøy oppleving, slitsamt, men absolutt verd strevet.
Læringen går begge veier
CFO og viseadministrerende direktør i Sandnes Sparebank, Tomas Nordbø, sat i ekspertkomiteen som evaluerte case-studiane i gruppene saman med avdelingsleiar Venke Furre Haaland. – Innsatsen bidreg begge vegar, både i auka kunnskap til studentane og til bedrifta. Studentane gir tilbakemelding til bedriftene om kvar skoen klemmer når det gjeld tilsettes motivasjonar
– Dette var godt førebudde studentar. Erfaringane er med å førebu studentane til ein god innsats for og karriere i næringslivet. Det å delta og bidra i denne praktiske konkurransen for masterstudentane i økonomi og administrasjon gir både Sandnes sparebank og bedriftskundane våre og andre verksemder i regionen, best mogleg skolerte kandidatar frå Handelshøgskolen ved UiS, seier Nordbø.
Kunnskapsrike studentar samarbeider med arbeidslivet
– Når studentane skal ut i arbeidslivet er det viktig for oss i Sandnes Sparebank og for bedriftskundane våre at dei er best mogleg førebudd. Som ein viktig regional bank ser vi dette som ein del av samfunnsoppdraget vårt, forklarer Nordbø. Samarbeidet mellom Sandnes sparebank og Handelshøgskolen ved UiS har vore nyttig for begge partar, men ikkje minst for alle studentane som er så heldige å ha valt dette faget.
Lærarkreftene ved UiS
Professor Mari Rege ved Handelshøgskolen har saman med stipendiat Espen Sagen undervist i kurset. Sistnemnde har også hatt ansvar for å organisera case-konkurransen. Avdelingsleiar på Handelshøgskolen ved UiS og jurymedlem Venke Haaland rosar studentane og dei vitskapleg tilsette for grundig arbeid. Studentane har lagt ned mange arbeidstimar som har gitt gode resultat både fagleg og ikkje minst praktisk.
Tekst: Egil C. Svela