Workshop om etikk, teknologi og omsorg

Torsdag 29. september 2022 kl. 12:30-15:00,
HelseCampus Stavanger, Innovasjonspark Stavanger bygg i2/i3 Professor Olav Hanssens vei 7A 4021 Stavanger.

Saman med NFR-forskingsprosjektet Caring Futures: Developing care ethics for technology-mediated care practices ved UiS, inviterer HelseCampus til workshop om etikk, teknologi og omsorg.

Publisert Sist oppdatert
Foto: Shutterstock

Denne workshopen samlar perspektiv frå ulike brukargrupper for å løfte fram spørsmål om etikk i utvikling og bruk av omsorgsteknologiar i helse- og velferdssektoren. Korleis kan vi sikre etisk bruk av teknologi i offentleg omsorg? Og, vidare, korleis kan teknologi inngå i etisk omsorg? 

Me inviterer representantar frå fagsykepleien, leverandørar og pårørande til å halde korte innlegg, og delta i gruppediskusjonar med publikum. Målet for workshopen er å utvikle tverrfaglege perspektiv og meir innsikt i korleis etikk, omsorg og teknologi heile tida vevast tettare saman,  og kva for slags implikasjonar dette kan ha for praksis, policy, forsking og utdanning.  

Meld deg på seminaret her.

Kontaktpersoner:

Delta også på våre samarbeidsarrangementer: