Både som bachelor- og masterstudent skal du skriva omfattande oppgåver. Då er det ein del ting du må ta omsyn til. Her får du nokre gode tips som hjelper deg på vegen.
Vel eit godt tema
Kvart år sender bedrifter, kommunar og organisasjonar inn oppgåver som dei vil at UiS-studentar skal løysa. Då kan du løysa ekte utfordringar og jobba med reelle problemstillingar henta rett ut av arbeidslivet. Du får også sjansen til å få ein fot innanfor, og imponera ein potensiell framtidig arbeidsgivar.
Hugs at oppgåva må passa inn i studieløpet ditt. Snakk med ein rettleiar, studiekonsulent eller andre fagpersonar ved UiS som kjenner ditt studieløp før du søkjer på oppgåva.
Sjå oppgåveforslag frå fagmiljø og arbeidsliv.
Få hjelp og rettleiing undervegs
Studieverkstaden ved Universitetsbiblioteket hjelper deg med akademisk skriving. Der får du rettleiing av studentmentorane våre. Få hjelp med skrivinga eller bestill rettleiing!
Læringsstøttesenteret tilbyr individuell rettleiing til studentar ved UiS som har ulike utfordringar i studiane som kjem dysleksi og/eller ADHD. Les om støtte til deg med dysleksi eller ADHD.
Treng du eit analyseverktøy?
Som student ved UiS kan du bruka verktøyet Nettskjema til innsamling av data til oppgåver. Les om korleis du bruker Nettskjema til oppgåva di.
Kopiering og innbinding
Treng du kopiering og innbinding av studentoppgåva di? Det kan du få fiksa hos Attende, som held til på Forus.
Kva er forskjellen på ein bachelor- og masteroppgåve?
Du kan lesa om korleis du går fram i arbeidet med bachelor- eller masteroppgåva di i Canvas.
Bacheloroppgåva
Bacheloroppgåva er vanlegvis eit skriftleg fordjupingsarbeid på inntil 30 studiepoeng. Nokre studiar, som medie- eller kunstfaglege bachelorstudium, har også eit produksjonsarbeid som del av oppgåva.
Ved UiS inneheld alle studieprogram og sjølvvalde bachelorløp, med unntak av rettsvitskap, eit sjølvstendig arbeid på minst 10 studiepoeng. Dette er vanlegvis ei bacheloroppgåve, som er ein avsluttande del av bachelorstudiet.
Masteroppgåva
Masteroppgåva er vanlegvis eit skriftleg fordjupingsarbeid på mellom 30 og 60 studiepoeng. Nokre studiar, som medie- eller kunstfaglege masterstudium, har også eit produksjonsarbeid som del av oppgåva.
Ved UiS inneheld alle masterprogram eit sjølvstendig arbeid på mellom 30 og 60 studiepoeng. For dei fleste studieprogramma er dette ein masteroppgåve som er avsluttande del av studiet.
Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid der du skal bruka dei kunnskapane som er opparbeidde gjennom studiet til å løysa ei gitt oppgåve.