Nytt samarbeid skal identifisere smartby-prosjekt

Eit samarbeid mellom universitetet, næringslivet og offentleg sektor skal finne ut kva utfordringar regionen kan løyse ved å bli smartare.

Publisert Sist oppdatert

Illustrasjon av storby med ikoner som viser ulike teknologier

(Denne artikkelen blei første gong publisert 24.01.2020)

Den 17. januar 2020 samla smartby-nettverket ved UiS nær 100 deltakarar frå universitetet, næringslivet og offentleg sektor til avspark for eit nytt smartby-initiativ. Partane skal samarbeide om å løyse utfordringar i regionen.
Første steg er å identifisere kva slags konkrete utfordringar som bør taklast. Åtte konkrete område sto på dagsorden under gruppearbeidet:

  • Utdanning og kunnskap
  • Kunst og kultur
  • Risiko og tryggleik
  • Klima og berekraft
  • Urban planlegging og mobilitet
  • Demokrati og deltaking
  • Innovasjon og entreprenørskap
  • Data og telekommunikasjon

Nytt nettverk

Saman med dei største forskingsaktørane i regionen har UiS etablert et nettverk for smartby som skal drive tverrfagleg forsking på utvikling av bærekraftige og levelege byar. Forskargruppa ved UiS er tverrfagleg, med rundt 20 forskarar og ni doktorgradsstipendiatar frå alle sju fakultet. Leiar for nettverket er Anders Riel Müller ved UiS.

Arbeide saman

Med avspark- og arbeidsseminaret 17. januar kom samarbeidet med private og offentlege aktørar for alvor i gang. Prorektor for innovasjon og samfunn, Rune Dahl Fitjar, var blant innleiarane på arrangementet.

– Smartby dreier seg om å løyse utfordringar i samfunnet. Då må me arbeide saman med industri, offentlige institusjonar og styresmakter. Dette arbeidsmøtet er eit framifrå eksempel på korleis vi kan løyse store utfordringar saman, sa Dahl Fitjar.

Engasjement

Innovasjonsdirektør Troels Jacobsen har fylgt utviklinga i lang tid.

– Dette er noko vi har jobba med i mange år, etter at vi blei spurt av eksterne kva vi gjer på smart city-feltet. I dag må de oppføra dykk som studentar; vere engasjerte, tenke utanfor boksen og stille feil spørsmål som kan gi gode svar, sa Jacobsen.

Les meir om Nettverk for smartby

Tekst: Leiv Gunnar Lie