230 nye studentar har gjennomført det tradisjonsrike rebusløpet til Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Temaet for dagen var lagarbeid. Dei ferske studentane fekk lære mykje nyttig frå føredragshaldar Erlend Rørvik i Bjørnson organisasjonspsykologene om korleis ein jobbar best i team.
Etterpå skulle dei overføre teorien til praksis.

Logikk, matematikk og marknadsføring
Økonomistudentane fekk testa korleis samarbeidet fungerer i eit rebusløp i grupper, der dei også fekk sjansen til å bli godt kjent på campus Ullandhaug.
Oppgåvene handla om logikk, matematikk og marknadsføring, for å nemne noko.
Felles for alle oppgåvene, var at studentane måtte samarbeide om å løyse dei.







Student på årsstudium: – Fint å få litt innblikk i økonomiutdanninga
På ei av gruppene er det fire nye studentar, som alle skal gå årsstudium i økonomi og leiing. Dette studiet er nytt frå hausten 2024.
– Eg vil ta eit årsstudium fordi det er fint å få litt innblikk i økonomiutdanninga før ein begynner på ein eventuell bachelor, seier Oliver Heimsnes.
Dei nye studentane ved Handelshøgskulen UiS har nettopp hatt fadderveke, og fått mange nye venner.
– Det var veldig gøy, seier Martine Idland.
Ein studiestad i nærområdet
Studentane seier at Universitetet i Stavanger var eit naturleg val, sidan dei kjem frå Rogaland. Sofie Hansen Husevåg kjem frå Bergen, men har gått på folkehøgskule i Stavanger, og kjenner området godt.
Dei er alle spente på kva som ventar i studietida framover.
– Eg er spent på førelesingane. Eg trur mange gruar seg litt til matten, seier Oliver og ler.

Nyttig premie
Mot slutten av dagen, vart dei tre gruppene med høgast poengsum premierte for innsatsen sin i rebusløpet.
Studentane på vinnarlaget fekk kvar si hengekøye, som kan vere fin å ha når dei skal utforske den flotte naturen regionen Stavanger har å by på.

Vinnarlaget: Magnus Meland, Helle Aune, Ulrikke Wathne, Sander Watne-Dueland og Audun Thornes Johannessen.

