Den nye bacheloren i skulefritidspedagogikk er eit av dei mest søkte studiane ved UiS. – Dette syner at UiS har treft blink med det nye studietilbodet, seier UiS-rektor Klaus Mohn.
Denne veka vart søkartala til UiS lagt ut. Her kom det fram at den nye bachelorgraden i skulefritidspedagogikk er på topplista over UiS-studium med flest primærsøkjarar per studieplass i det nasjonale opptaket.
– Det er svært gledeleg at den nye SFO-utdanninga har så gode søkartal. Dette syner at det er eit stort behov for denne utdanninga, og at UiS verkeleg har treft blink med det nye studietilbodet, seier UiS-rektor Klaus Mohn og legg til:
– Eg som rektor er stolt over at UiS no er med å skape historie ved å vere først ut med å utdanne dei aller første skulefritidspedagogane her til lands, seier Mohn.
Populært studium
Det var 199 primærsøkjarar fordelt på dei tjue studieplassane, noko som tyder at det var 10 primærsøkjarar per studieplass på den nye bacheloren i skulefritidspedagogikk.
Til hausten startar det første kullet opp, og studieprogramleiar Svanaug Lunde gler seg til å ta imot dei alle første studentane som vert utdanna innan skulefritidspedagogikk i Noreg.
Les meir om det nye SFO-studiet
– Dei gode søkartala syner oss at dette studiet var svært etterlengta. Det har heile vegen vore mykje interesse for dette studiet, og det har også vore eit stort behov for å få det på plass. No gler vi oss til å vere med å forme og påverke framtida for SFO-Noreg, seier Lunde.
Vil styrke statusen
Ein annan som er glad for at bachelorgraden i skulefritidspedagogikk ved UiS har gode søkartal, er leiaren for Nettverket for SFO.
– Søkartala syner at UiS fyller eit konkret behov i samfunnet. Det er eit stort ynskje om auka kompetanse hjå dei tilsette i SFO, og ein eigen bachelor har vore etterspurt lenge, seier Terje Wiik.
Han meiner utdanninga vil føre til auka kvalitet i SFO, noko han tykkjer er veldig fint.
– Det vil også styrke statusen og yrkesstoltheita når det kjem til det å jobbe i SFO, seier Wiik.
Viktig med høg kompetanse
SFO er ein viktig stad for born å oppleve vennskap, trivsel, meistring, leik og glede. Dei aller fleste elevane på de lågaste klassetrinna går på SFO kvar einaste dag, både før og etter skulen. Det er difor svært viktig at dei tilsette har høg kompetanse om kva SFO er og kan vere, seier Lunde.
– Med det nye studiet er vi med å sikre at fleire born får oppleve ein heilskap i skulekvardagen sin uavhengig av kva bakgrunn dei har eller kor dei bur i landet, seier ho.
Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Jørn Steen/UiS