Gjenstand: Pilspiss av jern (S5309 b). Funnstad: Veshovda, Eigersund. Datering: 150–550 e.Kr.
Av Håkon Reiersen fra Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger
Det finst over 450 såkalla bygdeborger i Noreg, men så langt har ein faktisk ikkje hatt sikre funn av våpen frå ei einaste av desse. Dette har ført til noko uvisse om slike steinmurar på steile berg faktisk er borger. Ein del av dei større eller utypiske anlegga er gjerne tolka som kultiske stader. Hovudårsaka til mangelen på våpenfunn er at få borger er undersøkte, og at ein generelt har lite gjenstandsfunn. No viser det seg likevel at det i 1907 blei funne ein pilspiss på Veshovdaborga i Eigersund kommune. Sjølv om det er lenge sidan denne blei funne, har pilspissen av ulike grunnar ikkje vore kjend før no.
Lars Tjøtta, som då var tilsett ved Stavanger Museum, skriv at falen (bakstykket) til ein pilspiss, keramikkskår, eldflint og dyrebein blei funne ved graving i eit naturleg avgrensa rom på borgplatået. I dag er berre falen og skåra bevarte. Slike pilspissar blei nytta i yngre romartid og folkevandringstid (150–550 e.Kr.), og eit randskår kan vere frå same tida. Dette er elles den vanlegaste brukstida til bygdeborger. Pila kan ha blitt skoten inn på borga, eller ha blitt lagra her som del av eit forsvar.
I 2012 blei det på Avaldsnes funne falen til ein litt mindre pilspiss under utgravinga av ein steinmur. Dette var ikkje ei bygdeborg, men danna storgarden sitt forsvarsverk mot sjøen. Trekoldateringar peiker her mot at den siste fasen av muren blei bygd kring 600 e.Kr. Pilspissen og funn av spannforma keramikk i muren syner at det nok også i romartid og folkevandringstid har stått ein forsvarsmur her. Slik har ein i Rogaland altså to døme på at steinmurar frå denne tida direkte kan knytast til våpenbruk.
Veshovdaborga har òg ei nyare historie. I 1642 foreslo Christian IV å nytte bygdeborga til forsvar av Egersund, viss murane blei forsterka og borga fekk kanonar. Dette blei ikkje gjennomført, men borga har likevel blitt nytta i krigstid. Under Napoleonskrigane var engelske skip nær ved å angripe Egersund. Sjølv om det då fanst eit moderne forsvar med kanonar, pakka mange sølvtøyet og flykta opp til bygdeborga då veten blei tend. Under andre verdskrig nytta motstandsfolk Veshovdaborga som utkikkspost. Andre berg i fylket med bygdeborger på blei tekne i bruk av okkupasjonsmakta.
Foto: Annette Øvrelid, Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger