Av Håkon Reiersen, førsteamanuensis og prosjektleiar for Avaldsnes – Maktens havn.
Sommaren 2022 gjorde Arkeologisk museum, UiS arkeologiske og geofysiske undersøkingar på garden Gunnarshaug i Torvastad, nord for Avaldsnes. Resultata av nye undersøkingar i skipsgrava Storhaug, og påvisinga av Karmøys tredje skipsgrav i Salhushaugen, har vekt stor interesse både nasjonalt og internasjonalt. For prosjektet er det minst like viktig at resultata skaper interesse og er godt forankra lokalt og regionalt. Røtene til den lokale interessa for skipsgravene kan i stor grad sporast til ein mann frå Karmøy: Fridtjof Øvrebø (1871-1927). Øvrebø deltok ved utgravingane av både Storhaug, Grønhaug og Salhushaugen, og hadde nær kontakt med arkeologane i Bergen, Oslo og Stavanger. Dokumentasjonen som Øvrebø etterlet seg er ein av nøklane til heilt ny kunnskap om dei gamle utgravingane av skipsgravene. Nær hundre år etter at han døydde, er arva etter Øvrebø framleis ei drivkraft i arbeidet med kulturminne og lokalhistorie på Avaldsnes og Torvastad.
Med Lorange på Storhaug i formative år
På 1800-talet og første halvdel av 1900-talet var dei få fagpersonane på norske arkeologiske museum heilt avhengige av å ha hjelparar i lokalsamfunna. Dette var interesserte kontaktpersonar for musea som følgde med på rykte om nye funn, og ofte fekk ei rolle som mellomledd i forhandlinga mellom museum og finnar. Ei slik rolle hadde gardbrukaren Fridtjof Øvrebø på Karmøy dei tre første tiåra av 1900-talet. Samanlikna med andre slike lokale hjelparar står han likevel heilt i ei klasse for seg.
Frå ungdomstida hadde den kunnskapshungrige Øvrebø interesse for ei rekke ulike felt, inkludert arkeologi. Ifølgje Nils Økland, som har skrive i minneskriftet til Øvrebø frå 1954, var det særleg tre faktorar som leia fram til den posisjonen han fekk. For det første fekk han frå ungdommen intim kunnskap om og kjensle for landskapet på Avaldsnes og Torvastad, for det andre hadde han den kjende folkeminnegranskaren Torkell Mauland som lærar på amtskulen i Ryfylke, og for det tredje var han som sekstenåring med på arkeologen Anders Lorange si utgraving av skipsgrava Storhaug.
Når det gjeld det om Storhaug, må me gå ut ifrå at Økland har blitt fortald dette av hovudpersonen sjølv. Ein av dei siste avisartiklane Øvrebø skreiv i 1927 var ein kort biografi om Økland, der han viser inngåande kunnskap om han og ting han hadde fortald. Ein får difor tru dei to kjende kvarandre godt. I Loranges liste over gravemannskapet i Storhaug i 1887 er tretten vaksne menn nemnde med namn, i tillegg til seks anonyme gutar. Øvrebø er truleg rekna mellom dei sistnemnde. Å få vere med og grave fram deler av eit vikingskip må ha gjort eit stort inntrykk på ungdommen Øvrebø.
At historieinteressa til Øvrebø blei styrka ved at han hadde Mauland som lærar, verker og sannsynleg. I eit brev lenge seinare skreiv Mauland at Fritjof og kona hans Marie begge var "to elevar som låg so nære hjarta mitt." Og her kjem eit anna viktig moment inn. Fridtjof delte sine interesser for natur, kultur og historie med kona Marie. I 1900 søkte Øvrebø Bergens Museum om eit stipend for å delta på museets sommarkurs for lærarar. Det einaste problemet var at Øvrebø, trass i at han hadde noko relevant utdanning, aldri hadde blitt lærar. Han kunne difor ikkje nytte det innvilga stipendet. Derimot fekk han lov av museet til å overføre stipendet til kona, som faktisk var lærar. Eg ser for meg at Marie tok grundige notat som ho i etterkant gjekk igjennom og drøfta med mannen sin.
Grønhaug og venskapet med Shetelig
I 1902 reiste den nytilsette 25-årige konservatoren Haakon Shetelig ved Bergens Museum til Karmøy for å grave sin første gravhaug. Grønhaug, som ligg i fortsettinga av rekka med bronsealderhaugar på Reheia, viste seg til hans store overrasking å vere ei skipsgrav frå yngre jernalder. Det må difor ha vore ei stor støtte for Shetelig å ha med seg den 31-årige Øvrebø. Ikkje berre hadde han solide kunnskapar om så vel arkeologi som lokale tilhøve, men han hadde jo faktisk og grove ei skipsgrav før! Den intense utgravinga over vel ei veke i august 1902 førte dei to saman i ein venskap som skulle vare livet ut. Sjølv om mange av breva mellom dei to etter tidas reglar er formelle med bruk av De og etternamn, var dei i røynda duse. Professor Gabriel Gustafson kom frå hovudstaden for å vitje utgravinga. I samband med dette blei det teke eit foto som syner to menn konsentrerte om framreinsinga av akterenden av skipet. Gustafson er sjølv kreditert som fotograf, så biletet syner truleg tospannet Shetelig og Øvrebø i aksjon.
Etter Grønhauggravinga skreiv Øvrebø og Shetelig jamleg brev, og her kjem det fram kor stor respekt konservatoren har for Øvrebø og kor gladleg han deler faglege innsikter med han. Heime i Bergen forstod Shetelig at dei omrota laga med dun, tekstil og never tyda på at skipsgrava hadde vore plyndra. Han delte entusiastisk denne oppdaginga med Øvrebø: "Jeg antar at det vil interessere Dem, og meddeler derfor det foreløbige resultat jeg er blit staaende ved efter en fornyet gjennemgaaelse af mine optegnelser fra vor sidste gravning". Han presenterer argumenta, og avsluttar: "Jeg finder denne forklaring sandsynlig, og hvis De gjør det samme, kan De for mig gjerne bruke den i en avisartikkel – men jeg ber Dem isaafald at mit navn ikke nævnes; det har jeg hat mere end nok af for iaar." Shetelig var lei av mediekøyret etter gravinga og var meir enn glad for at Øvrebø var den som skreiv i avisa.
Heilt sidan 1898 hadde Øvrebø jamleg skrive mindre saker for avisene. Og på utgravinga sin siste dag skreiv han ein sak som han sende til Verdens Gang. Det er ei stemningsfull augevitneskildring som balanserer vitskaplege observasjonar med ærefrykta ved å opne ei skipsgrav. Han gir ein god attest til den unge konservatoren, om hans evne som forskar og arkeolog. Det er mest som eit frampeik til den ruvande og samstundes forsiktige skikkelsen Haakon Shetelig kom til å bli i norsk arkeologi det neste halve hundreåret: "Man vil forstå at hr Shetelig må være i besittelse av en overordentlig fin, øm og tålmodig forskerevne, når han har kunnet etterspore og avdekke denne båt her i disse veldige lag av uensartet jord, bestående av steinharde torvklumper, sand, bløt sort myrjord og lyng. Og mosbevokset hard bakkejord, mens nesten alt treverk var bløtt som smør."
Den naturinteresserte Øvrebø skriv mellom anna også at "Nede i disse dype lag av tusenårig jord, fantes det lyng, mose og tyttebærløv like så grønt som det skulle spiret i går." Det står ikkje noko om dette i Sheteligs artikkel om gravfunnet. Det er difor sannsynleg at botanikaren Jens Holmboe i hovudstaden har lese om dette i VG før han seinare på året kontakta Shetelig om planter i Grønhaug. Den interessa som var vekt i Holmboe for planter frå vikingtida, førte seinare til at Holmboe blei engasjert til å gjere banebrytande botaniske analyser i Oseberg. I 1912 fekk Holmboe sjølv høve til å undersøke botanikken i Grønhaug gjennom ei lita sjakt han opna då. Dessverre, og ironisk nok, finst observasjonane hans berre kort bevart i form av ein avisartikkel skriven av Øvrebø. Det er mest som om Øvrebø såg tydinga av desse resultata klårare enn det den seinare professoren i botanikk gjorde.
Det har tidlegare ikkje vore kjend at det har vore botaniske undersøkingar i Grønhaug, eller at Shetelig ved sjølve undersøkinga ikkje visste at grava var plyndra og difor ikkje grov ut sjølve plyndringsgropa. Dette er døme på informasjon som har komme fram ved at vårt prosjekt har sett seg nærare inn i dokumentasjonen etter Øvrebø. At Shetelig aller helst skulle undersøkt meir av Grønhaug går fram av eit brev til Øvrebø i 1926: "Det var en stor glede at hilse på Dem og Deres frue sidst lørdag, av de gode timer i livet som ikke glemmes. Jeg kommer nok tilbake til tanken om en eftergravning i Grønhaug og jeg skriver siden mere til Dem." Dei to hadde snakka om at det skulle vore interessant å grave i haugen att saman, som i gamle dagar. Dette blei det ikkje noko av, for Øvrebø blei sjuk og døydde året etter.
Den gåtefulle Salhushaugen
Etter Grønhaug og den lokale støtta han hadde fått i Øvrebø, var Shetelig oppsett på å komme attende til Karmøy for å grave. Han planla å komme til Karmøy både i 1903 og 1904, men det var først i 1905 at det passa. I 1904 kom sjølvaste Osebergfunnet i vegen for besøket: "Jeg havde i sommer planer om at komme til Karmøen, men det blev avskaaret ved min deltagelse i gravningen af det nye vikingeskib; jeg var der i over 8 uger som Gustafsons assistent. Det er altsaa det smukkeste fund, som hidtil er fremkommet i Norden, og De kan forstaa, at jeg der har havt et arbeid saa interessant og lærerigt, som jeg neppe faar det nogengang siden." Før han kom til Karmøy i 1905, skriv han: "Jeg haaber jeg skal komme til Karmøen engang i juli. (...) Jeg har virkelig glædet mig til at gjense de gamle tomter, hvor vi var sammen om baadfundet, og til at fortelle Dem lidt om skibsfundet ifjor sommer."
Med seg til Karmøy i 1905 hadde Shetelig den då 21-årige studenten Anton Wilhelm Brøgger. Han og Shetelig hadde blitt kjende under Oseberggravinga, der faren, som var geologiprofessor, deltok. Det var to bronsealderhaugar som blei grovne ut på garden Gunnarshaug sommaren 1905. Gjennom dette arbeidet blei Øvrebø altså også kjend med Brøgger. I eit uformelt brev (altså ikkje på museets brevpapir) året etter, skriv Shetelig at "Vor ven Brøgger var her en tid nylig." Øvrebø var no altså med i ein særs eksklusiv kameratgjeng. Dei to venene hans skulle etter Gustafsons død bli dei einaste professorane i norsk arkeologi på første halvdelen av 1900-tallet. Etter bronsealderhaugane i juli ville Shetelig byrje på undersøkinga av den store Salhushaugen i august 1905. Med dei spente tidene kring unionsoppløysinga blei han i staden utkommandert som soldat, og utgravinga måtte vente.
Som med Grønhaug, supplerer Øvrebø sine avisartiklar og breva mellom Øvrebø og Shetelig den informasjonen som finst om Salhushaugen i utgravingsrapportar og feltdokumentasjon. Samla får ein innblikk i dei store forhåpningane Shetelig hadde til haugen, og den store skuffelsen det enda i. Med opplevinga frå Oseberg 1904 friskt i minnet, hadde Shetelig heilt klart ein ambisjon om å finne ei ny skipsgrav i Salhushaugen. Dette blei forsterka ved at grunneigaren "fortalte at han for 5 aar siden havde paatruffet enden af en stok som stak op omtrent midt i haugen. Jeg kunde ikke la være at tænke paa masten i en baad." Resultata frå den første gravesesongen i 1906 var likevel ikkje så oppløftande. Forutan mange trespadar og somme pilspissar var det få spor etter ei grav. Gravinga stoppa så opp i fleire år. I mellomtida skjedde det jordarbeid i haugkanten, der det i 1907 blei funne ei svær, rund steinhelle på 2 meter i diameter. Shetelig var då i permisjon, med Brøgger som vikar. Etter at Brøgger hadde vore og henta steinen, orsaka han i brev til Øvrebø at han ikkje hadde rukke å komme innom og helse på han. Steinhella er elles svært interessant – Shetelig tolkar den som eit offeralter.
Først i 1912 kunne utgravinga fortsette, særleg sidan det no også passa for botanikar Holmboe å bli med. Det var tidlegare påvist gode tilhøve for botaniske prøvar både i Grønhaug og i første gravinga av Salhushaugen. No skulle Holmboe sjølv få undersøke dette. Øvrebø skriv i 1906 om Salhushaugen: "Haugen er fra vikingetiden, altsaa minst 1000 aar gammel. Alligevel fandtes dybt i de svære jordlag græstorv med planter: mose, lyng, ener og saa videre, der havde bevaret alle sine smukke oprindelige farver, friske og grønne som planter fra i aar. Grønne, afrevne græsstraa fandtes ofte indpresset i mulden. Ligesaa bemærkedes flere gange smukke, gyldne rygskjold af insekter (biller) fra vikingetiden! – Af disse planter maa botanikerne blant andet kunne bestemme, i hvilken aarstid, ja kanskje endog i hvilken maaned, haugen er oplagt." Med Holmboe på laget kunne dei i 1912 få fastsett årstida for haugbygginga til "slutningen av august eller begynnelsen av september." Dette er same tidspunkt som Holmboe i 1917 argumenterer for i Oseberghaugen. Elles skriv Øvrebø som nemnd at Holmboe også "benyttet leiligheten iaar til at gjøre et snit i Grønhaug, hvor han fandt samme flora".
I åra mellom 1906 og 1912 syner breva til Øvrebø kor spent Shetelig var på resultata i Salhushaugen. I 1910 skriv han: "Jeg har virkelig sjelden hat at gjøre med en haug hvis endelige resultat jeg er saa spændt paa, som med denne", og før gravinga i 1912: "Jeg tror det skal bli noget storartet om vi kunde finde graven i den haugen". Men også i 1912 blei Shetelig skuffa. Likevel går det fram av rapporten hans at han meinte det framleis kunne skjule seg ei "stor grav" i dei delane av den svære haugen det ikkje var grove. Øvrebø skriv i brev like etter gravinga: "Arbeiderne er allesammen meget glade i Dem og ønske, at De ad Aaret maa komme tilbage til Sølushaugen og gjøre et smukt Fund." Men Shetelig let resten av haugen få ligge i fred. Då Sigurd Grieg i 1940 var ferdig med utgravinga av den endå større Raknehaugen på Romerike, var han i dialog med Shetelig om å ta med resultata frå Salhushaugen i same publikasjon. Dette blei aldri realisert, og Salhushaugen har difor vore nokså ukjend fram til no.
Skipsgravene og Ynglingætta
I samband til Salhushaugen må det nemnast at Brøgger i 1918 grov ut Farmannshaugen på Jarlsberg hovudgard i Vestfold. Denne skulle etter soga vere grava til Bjørn Farmann, ein av Harald Hårfagre sine søner. Brøgger hadde difor truleg forhåpningar om å finne si "eiga" skipsgrav. I brev til Øvrebø den 26. juli, skriven under utgravinga, fortel Brøgger at resultata var skuffande ettersom dei ikkje fann ei grav. I Øvrebøs boksamling finst det mange særtrykk frå hans vener. Mellom desse er artikkelen om Farmannshaugen frå 1921,"Til Fridtjof Øvrebø fra hans hengivne ven AWB". I artikkelen nytta Brøgger Salhushaugen som parallell til denne haugen. Allereie i 1917 hadde Brøgger argumentert for at Salhushaugen var fullstendig undersøkt. Ettersom det ikkje var funne graver korkje i den eller i Farmannshaugen, var Brøgger si tolking no at begge var kenotafar – altså minnehaugar utan grav.
Som me har sett var Shetelig ikkje like sikker på at Salhushaugen var ferdig grove. Underretta om resultata frå Farmannshaugen støtta likevel også han tolkinga som kenotaf. Shetelig skriv til Øvrebø 2. august 1918: "Vet De hvad jeg tror om Sølhushaugen? Stille for mig selv tror jeg det er Eirik Blodøkses gravhaug. Han faldt jo langt borte i Northumbria, men efter tidens tro burde han allikevel ha et indviet gravminne herhjemme; og selv om han var i landflyktighet, var han dog Haralds ældste søn. Brøgger har paavist (i Borrefundet) hvilken rolle gravene og gravofferet til de gamle spillet for efterslegten. – Slik tror jeg det hænger sammen at det ikke var nogen grav i Sølhushaugen, som ellers var en av de merkeligste haugene her i landet. – Det er denslags som en forsker faar lov at drømme om, men som ikke kan skrives i bøker fordi beviset ikke er mulig. Men jeg tror det nu allikevel".
Det mest interessante med brevvekslingane er å sjå at Øvrebø var så godt informert om utgravingar og forsking medan det skjedde. Me har ikkje dei breva han sende til Shetelig og Brøgger, men det er sannsynleg at han har komme med sine innspel til tolkingane. Det som er sikkert, er at Øvrebø sjølv i årboka til Rogaland Historielag 1922 skreiv artikkelen "Harald Haarfagre og Karmsund". Her samlar han den nye kunnskapen som dei siste tjue åra var blitt bygd om Ynglingætta og skipsgravene, og der Vestfold og Karmsundet var nært knytt saman ved Harald Hårfagre si etablering på Avaldsnes. "Grunnlaget for denne nye viden om ynglingeætten er de berømte store skibsgraver Oseberg og Gokstad i Vestfold, og det er professorene A.W. Brøgger og Haakon Shetelig, som særlig har gjort sig bekjendt ved tolkningen av disse graver og bygget dem ind paa deres sikre plads i vor historie."
Sentralt i artikkelen stod også dei to skipsgravene Storhaug og Grønhaug, som Øvrebø sjølv altså hadde vore med å grave ut. Som Bjørn Myhre på 1960-talet først foreslo, og som fleire etter han har stadfesta, er skipsgravene på Karmøy i røynda eldre enn dei i Vestfold. Det er altså ikkje slik Øvrebø og hans vener tenkte seg, at skipsgravskikken spreidde seg frå aust mot vest. Det er omvendt. Og på Karmøy kan ein no legge til at Salhushaugen etter alt å dømme ikkje er ein kenotaf, men den tredje skipsgrava her. Dette vil seie at Øvrebø, som gravemannskap, har grove i heile tre skipsgraver. Denne rekorden deler han no med sin ven Shetelig, som leia gravingane av Grønhaug og Salhushaugen og var Gustafsons assistent på Oseberg. I neste rekke kjem Anders Lorange som grov skipsgravene Myklebust og Storhaug, og Nicolay Nicolaysen som grov skipsgraver på Borre og Gokstad. Dei sistnemnde leia sine gravingar, men til skilnad frå Øvrebø og Shetelig blei dei nok ikkje så veldig skitne på hendene.
Arva etter Fridtjof Øvrebø
Øvrebø døydde etter ein mislykka operasjon på fylkessjukehuset i Stavanger i 1927. I minneordet frå Stavanger Museum skildrar Jan Petersen han slik: "Midt i bondebygden og selv en bonde, satt han, Brandesbeundreren, Holbergelskeren og drømte om å bli en ny Tormod Torfæus, en ny historiograf for Karmøy. Han blev det også. Med utrettelig iver forsket han om alt som angikk hans hjemlige trakters historie, både oldtid, middelalder og nyere tid." På veg til sjukehuset gjekk Øvrebø ein siste tur innom museet for å levere ei steinøks til Petersen: "Jeg minnes ennu den tilfredshet som preget hans ansikt da han rakte mig den. Det var hans siste farvel til den videnskap han hadde hatt så kjær."
Det nettverket som Øvrebø skaffa seg av vitskapsmenn og kulturpersonar gjorde at han på slutten av livet fekk sjå sin største draum oppfylt: å attreise tårnet i Olavskyrkja på Avaldsnes. Initiativet hans blei påbyrja då A.W. Brøgger var leiar for Fortidsminneforeningen i Rogaland, og kunne realiserast med støtte frå Shetelig og andre av Øvrebø sine høgtståande vener. Tårnet står som eit monument over Øvrebøs engasjement for kulturminne på Karmøy, og ved kyrkja står ein bautastein med hans namn.
Fridtjof Øvrebø etterlet seg ei todelt arv. For det første var det den reint fysiske arva. Hans store samling av bøker, avisartiklar og brev blei av kona Marie testamentert til Haugesund folkebibliotek for i Øvrebøs and å vere til nytte for samfunnet. I 2021 blei samlinga overført til Nord-Karmøy historielag og sett opp i ei eiga Øvrebøstove. Den andre, og endå viktigare arva, er den interessa og inspirasjonen som Øvrebø vekte lokalt for arkeologi og historie, men også for kunst, litteratur og naturvitskap – den nærast poetiske gleda av å oppleve naturmangfaldet og kulturlandskapet på Karmøy. Dette er ei arv som historielaget løfter vidare, og der Øvrebø framleis står som eit førebilete for nye generasjonar.
Historielagets første leiar, Aadne Utvik (1936-2023), er ein av dei som tydelegast har gått i Øvrebøs fotspor og spreidd interesse for lokalhistoria. Denne vesle artikkelen er dedikert til hans minne.
Myhre, Bjørn† & Massimiliano Ditta 2022: Skipsgravene fra Karmøy. Frá haug ok heiðni årbok 2022. Stavanger.
Petersen, Jan 1929: Fridtjof Øvrebø. Stavanger Museums Årshefte 1925-28, s. 1-2. Stavanger.
Reiersen, Håkon 2022: Arkeologar på besøk hos Øvrebø. FrØ-bladet. Nord-Karmøy Historielag, 2022/3, s. 1-3.
Westbøe, Margit, Nils Økland & Einar Aamot (red.) 1954: Fridtjof Øvrebø. En europeer fra Karmsund. Haugesund.
Øvrebø, Fridtjof 1922: Harald Haarfagre og Karmsund. Rogaland Historielag Aarshefte, s. 3-29. Stavanger.
Øvrebø, Fridtjof† & Marit Synnøve Vea 2021: Grønhaug: vikingskipsgraven på Bø, Karmøy. En øyenvitneskildring av Fridtjof Øvrebø i 1902. Nord-Karmøy historielag.