Kunstnaren Hans Baumann har vorte tildelt eit Fulbright-stipend for å vera fire månader ved Universitetet i Stavanger med filmprosjektet sitt «Carbon Permanence». Filmprosjektet undersøkjer den komplekse etikken i Noregs energiomstilling, med særleg vekt på rolla til olja i det å skapa ei post-fossil framtid.
Kombinerer kunst og vitskap
Hans Baumann er ein sveitsisk-amerikansk kunstnar med base i Los Angeles. Bakgrunn har han frå landskapsarkitektur og design frå Harvard University Graduate School of Design.
Arbeida hans utforskar økologisk kollaps, dynamikken i klimaendringar og avkoloniseringa av amerikansk land.
Det er ikkje første gong Hans Baumann har eit forskingsopphald ved The Greenhouse. I 2022 hadde Baumann eit månadslangt opphald ved forskingssenteret, då som grøn omstillingsforskar, der han jobba med kortfilmen sin «Lithospheric Transference (Noreg)». Filmen vart vist på Norsk oljemuseum 17. november 2022. Opptaka til filmen gjorde Baumann i løpet av opphaldet sitt i Noreg. Her dokumenterte han omgivnader i og rundt Stavanger. Gjennom filmen ønskte han å understreka dei sosiale og kulturelle gjenstandane, institusjonane og handlingane som er gjorde mogleg gjennom utvinning av fossilt brensel i Noreg.
‒ Det innvilga Fulbright-stipendet er eit direkte produkt av gode samtaler og forbindelsar me fekk då han var her i tilknytting til det grøne omstillingsprogrammet hausten 2022, seier Finn Arne Jørgensen. Han leiar The Greenhouse saman med Dolly Jørgensen.
‒ Opphaldet ved The Greenhouse introduserte meg ikkje berre for eit utruleg sjenerøst og talentfullt akademisk fellesskap, det gav meg høvet til å gi mentorskap til studentar og plassera kunstpraksisen min i ein heilt ny kulturell kontekst. Fordi arbeidet mitt rundt klimaendringar og energiovergangar både er forskingsbasert og stadsspesifikk, fann eg at Stavanger, og Noreg generelt, var den perfekte staden for å utdjupa kompetansen min rundt energiomstillingar og katalysera vidare vekst i karrieren min som kunstnar, seier Baumann.
Fangar opp utfordringane med grøn omstilling
Tida og ressursane som er gitt av Fulbright-programmet ønskjer Baumann å bruka til å utvida omfanget av forskingsundersøkinga ved norsk energipraksis i Stavanger – hovudstaden i den nordiske oljeøkonomien.
Baumanns kunstnariske arbeid har vorte beskrive med at det fangar opp nyansane ved utfordringane innanfor grøn omstilling.
‒ Dette er utfordringar som både byen Stavanger og norsk oljeindustri står overfor, seier senterleiar Dolly Jørgensen, som sjølv har forska på oljeindustrien.
‒ Stipendet han har fått tildelt styrkar det sterke engasjementet The Greenhouse har for Artscience-forsking innan miljøhumaniora, seier senterleiarane.
På norsk kan omgrepet ‘ArtScience' omsetjast til ‘kunstvitskap' eller ‘kunstfagleg forsking'.
Artscience-feltet er kjent for å bringa saman kunstnarar, designarar, ingeniørar, forskarar og andre fagfolk for å samarbeida og skapa nye former for kunstnarisk og vitskapleg praksis ved å integrera ulike disiplinar på måtar som skaper ny innsikt og innovasjon.
Tekst: Kristin Vestrheim Cranner.
Mer fra The Greenhouse
‒ Rettferd er ein vesentleg komponent når me snakkar om "berekraft" og "grøn omstilling"
Sebastian Lundsteen Nielsen har forska på kjemisk forureining og miljørettferd. Han argumenterer for eit nytt paradigme ...
Denne forskningen kan endre utstillingene på naturhistoriske museer
Gitte Westergaard har undersøkt hvordan utryddelsen av artsmangfold på øyer er representert i museer og forsvarer sin do...
‒ Fugler i romaner er ofte knyttet til omsorg og stedstilknytning. Trekkfugler knyttes til drømmer om å reise vekk.
Endre Harvold Kvangraven tar doktorgrad i forholdet mellom mennesker og fugler i norske og svenske romaner fra 2000-tall...
Skal forske på de upåaktete båndene mellom petrokultur og kulturarv
Professor Dolly Jørgensen har vunnet finansiering til å forske på båndene mellom kulturarv og olje.
Urfolkshistorie og været i Calcutta: To Marie Curie-stipend til The Greenhouse
EU-programmet Marie Skłodowska-Curie Individual Fellowships (MSCA) er et attraktivt og prestisjefullt mobilitetsstipend ...
Nytt forskningssenter for miljøhumaniora ved UiS
The Greenhouse ble etablert som en forskningsgruppe i 2017, og markerte seg raskt på verdensbasis som et ledende fagmilj...
– Fuglekikking er mer enn å bare se på fugler
Begrensningene under Covid-pandemien har vist at vi har et dypt behov for kontakt med naturen og samfunnet omkring oss. ...
Back to Blood: Pursuing a future from the Norse Past
Korfor blir vikingar og norrøn fortid stadig meir populært?
Forskerskolen NoRS-EH
NoRS-EH er et tverrfaglige initiativ for å styrke norsk humaniora sitt bidrag til miljøforskning og de store globale utf...
Lyses forskningspris til professorer i miljøhistorie
«Hvordan skal vi svare på de store miljøutfordringene, på lokalt, nasjonalt og globalt nivå? Det er viktig at vi stiller...
UiS-forskar blir sjefredaktør for internasjonalt tidsskrift
Professor Dolly Jørgensen har tatt over som ein av dei to sjefredaktørane for tidsskriftet Environmental Humanities frå ...
UiS leder norsk-asiatisk nettverk i miljøhumaniora
Prosjektet Asia-Norway Environmental Storytelling Network har fått 4,2 millioner kroner i finansiering fra Forskningsråd...