Kva kjenneteiknar god velferd?

Samfunnsendringar krev tilpassa velferdstenester og oppdatert kunnskap. Forskarane ved UiS undersøker fleire problemstillingar tilknytta mellom anna Nav, psykisk helse, kriminalomsorg og barnevern.

Publisert Sist oppdatert
Fakta
Namn

Velferdstenesteforsking, programområde

Varigheit

2015-2021

Deltakarar

23

Talet på prosjekt

7

Når samfunnet endrar seg, treng politikarane oppdatert kunnskap om velferdstenestene slik at dei kan utvikle og tilpasse politikken.

Siv OItedal , professor

Om velferdstenesteforsking

Forskargruppa utforskar korleis utfordringane i velferdstenesta endrar seg i takt med samfunnsendringane. Målet er å sikre gode velferdstenester tilpassa ei ny tid.

Velferdspolitikken skal sikre befolkninga gode levekår, helse og livskvalitet. Når samfunnet endrar seg, treng politikarane ny og oppdatert kunnskap om velferdstenestene som vert ytte, slik at dei kan forme ein velferdspolitikk tilpassa ei ny tid. Dei treng til dømes å vete noko om brukarane generelt og om sårbare grupper spesielt. Dette er kunnskap forskarane kan bidra med.

På kva måte vil samfunnsendringane rokka ved vår velferdsmodell? Kva slags velferdssystem eignar seg best i møte med eit stadig meir pluralistisk samfunn? Korleis arbeider sosialarbeidarar innan ulike velferdssystem med brukarar og familiar med komplekse behov? Dette er nokre av spørsmåla forskarane ved UiS skal jobbe med saman med praksisfeltet og eksterne forskarar når dei skal studere sosialt arbeid og sosialpolitikk i eit lokalt og internasjonalt perspektiv.

Nordiske velferdsmodellar har òg lenge hatt ei sterk forankring i ein aktiv og omfattande stat. Ein av velferdsstatens utfordringar er forholdet mellom gode trygdeordningar og faren for at folk ikkje ønsker å arbeide. Det vert derfor viktig å halda fram med å studere kva prosessar som bidreg til at fleire folk kjem i arbeid. Vi vil òg studere og samanlikne korleis bakkebyråkratar på arbeidsinkluderingsfeltet tek i bruk det lokale handlingsrommet. Vi vil både gjere studier i norsk kontekst, men også arbeide for å utvikle samarbeidsrelasjonar med forskarar ved Aalborg Universitet, som vi har felles master med.

Velferdstenesteforsking høyrer inn under SV-fakultetet sitt satsingsområde «Velferd og samfunn», og undersøker fleire tema fordelt på ulike prosjekt.

Prosjekt

Korleis kan samarbeidet mellom rettsvesenet og velferdstenestene bli betre?

Colab består av ei rekke forskarar som mellom anna utforskar utfordringar knytte til dårleg mental helse blant kriminelle og fengselsinnsette. Den mentale helsa er noko som påverkar sosial sikkerheit og risikoen for nye lovbrot.

En ung mann kledd i jeans og svart genser går langs en vegg.

Forskingsprosjektet er finansiert av EU-kommisjonens Horizon 2020 MSCA RISE-program. Det er eit europeisk samarbeid som, på tvers av ulike etatar, undersøker samarbeidet mellom helse- og velferdstenester, og dessutan innverknaden strafferettsvesenet har på dei innsettes helse, velvære og sjansar for å bli verande lovlydige etter lauslating. Prosjektet ser òg på korleis tverretatlig samarbeid og utveksling av lærdom kan bli betre tilrettelagt. Ein arbeider med innovasjon, samarbeid og organisatorisk læring i skjeringspunktet mellom organisasjonar som støttar rehabilitering av innsette. Leiar for prosjektet er Sarah Hean.

Les meir om prosjektet her: Developing collaboration working between Criminal Justice and Welfare services

UtdanningsProsjekt

Cubansk og nordisk velferd

Målet med prosjektet er å betre kvaliteten og internasjonaliseringa av utdanningane i sosialt arbeid og sosiologi ved University of Havana og UiS.

Gate med slitte, men fargerike hus i Cuba. Midt i gaten kjører en grønn bil.

Prosjektet Cuban and Nordic Welfare skal gjennom gjensidig studentmobilitet og personalmobilitet auke kvaliteten og internasjonaliseringa av utdanning i sosialt arbeid og sosiologi ved dei to universiteta. Prosjektperioden er frå 2019 til 2023.

I løpet av denne tida vil det finna stad utveksling mellom 46 master- og doktorgradsstudentar frå University of Havana og University of Stavanger. Vidare vil prosjektet støtta internasjonalisering ved dei to universiteta gjennom felles master- og ph.d.-rettleiingar og gjesteforelesarar.

Institutt for sosiologi ved Universitetet i Havana og Institutt for sosialfag ved Universitetet i Stavanger gjennomføra felles aktivitetar som læreplanutvikling, undervisning, feltbesøk, rettleiing og forskingsseminar innan områda sosialt arbeid, sosiologi og velferdsstudier.

Prosjekt

Familiebasert arbeid i norsk velferdsregime

Korleis blir omgrepet "familie" forstått og brukt av sosialarbeidarar i ulike velferdstenesteområde som Nav?

To kvinner sitter med hendene foldet.

Ein utfording i velferdsstaten er korleis familien vert brukt som ein ressurs i sosialt arbeid. Ambisjonen for prosjektet er å auke kunnskapsgrunnlaget om familieomgrepet og bakkebyråkratiets handlingspraksis i samarbeid med familien. Det blir då viktig å undersøke korleis omgrepet "familie" og familieperspektivet blir forstått og brukt av sosialarbeidarar i ulike velferdstenesteområde slik som Nav, psykisk helse og barnevernet. Kva vurderingar blir det lagt vekt på i familiebasert arbeid, og korleis får desse vurderingane betydning for utfallsmål som tiltaktsstrategiar og implementering?

UH Vest-prosjektet er eit samarbeid mellom UiS, Universitetet i Agder og Høgskulen på Vestlandet. Leiar for prosjektet er Siv Oltedal. Med seg frå UiS har ho Brita Gjerstad. Frå UiA deltek høgskulelektor Jorunn Gjedrem og førstelektor Torunn Alise Ask. Professor Kjetil Grimastad Lundberg bidrar frå HVL.

Prosjekt

Utvikling av boligtilbud for ROP-beboere

Prosjektet jobbar med å utvikle nye bustader til personar med låg bu-evne grunna rusproblem og psykiske lidingar.

Tomme flasker, brukte sprøytespisser og annet søppel.

Prosjektet har som mål å utvikle nye bustadar til personar med låg bu-evne grunna ROP-problem. For å nå målet vil prosjektet utvikle og teste modellar for medverknad, og utvikle, teste og implementere ulike tryggingstiltak. Prosjektet er knytt til bygging av nye bustadar i kommunane Karmøy og Stavanger.

Prosjektet heiter "Utvikling av nye boligtilbud tilpasset ROP-beboere med lav bo-evne, med vekt på brukermedvirkning" og er eit samarbeidsprosjekt mellom A-LARM, Husbanken, Høgskulen på Vestlandet, Karmøy kommune, NORCE, Snøhetta, Stavanger kommune og UiS.

Frå UiS deltar Aase Bø-Rygg og Brita Gjerstad. Prosjektet er finansiert av Regionale Forskingsfond.

Prosjekt

Kor stort er behovet for bustader?

Prosjektet skal utvikla ein modell som skal berekna behovet for og gi oversikt over tilgangen på tilgjengelege bustader.

Moderne leilighetsbygg med store vinduer.

Prosjektet tar utgangspunkt i kommunen sitt behov for ein oversikt over bustadmassens tilgjengelegheit for å kunna føra ein heilskapleg bustadpolitikk. Målet er å utvikla ein modell for å berekna behovet for bustader og gi ein oversikt over tilgjengelege bustader.

Prosjektet har tittelen "Modellutvikling - behov og tilgang på tilgjengelige boliger". Det er finansiert av Husbanken og blir gjennomført i samarbeid mellom Eigersund kommune, NORCE og UiS. Frå UiS deltar Brita Gjerstad.

Prosjekt

Teknologi i offentleg omsorg

Forskingsprosjektet QUALITECH vil videreutvikle omsorgsetikk i ein stadig meir teknologisk helse- og velferdssektor.

illustrasjonsfoto helseteknologi

Prosjektet "Caring futures: Developing new care ethics for technology-mediated care practices" (QUALITECH) er eit tverrfagleg prosjekt som samlar forskarar på tvers av fakultet på UiS og eksterne miljø. Det er finansiert av Noregs forskingsråd og analyserer forbindelsar mellom teknologi, etikk og omsorg frå ulike ståstader. Leiar for prosjektet er Ellen Ramvi ved Det helsevitskaplege fakultet. Programområdet Velferdstenesteforsking er representert ved Brita Gjerstad i ein arbeidspakke som tar for seg implementering av teknologi i offentleg omsorg, sett frå perspektivet til leiarar og leverandørar.

Her kan du lese meir om prosjektet: Etiske spenningar i teknologimediert omsorg

Forskargruppa

Professor i sosialt arbeid
51831511
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis i psykologi
51833618
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Professor i sosialt arbeid
51834137
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Professor i filosofi
51834149
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Professor II i arbeids- og organisasjonspsykologi
51833064
Handelshøgskolen UiS
Avd. for innovasjon, led. og mark.føring
Førsteamanuensis i sosialt arbeid
51832799
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis i sosialt arbeid
51832152
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis i sosialt arbeid
51831521
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Professor i psykologi
51831691
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis i statsvitenskap
51833024
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Avdelingsleder
51833752
Handelshøgskolen UiS
Avdeling for samfunnsøkonomi og finans
Førsteamanuensis i sosialt arbeid
51833684
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis i psykologi
51831192
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førstelektor i rettsvitenskap
51834259
Kjell Arholmshus. 2. etg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Universitetslektor i rettsvitenskap
51831381
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Universitetslektor
51831050
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis i sosialt arbeid
51831360
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis i sosialt arbeid/barnevern
51832840
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Førsteamanuensis i pedagogikk rettet mot skolemiljø
51832801
Læringsmiljøsenteret, Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Ekstern sensor
51832586
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Rådgiver
51832751
University of Stavanger
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Fakultetsadministrasjonen TN
Kontor for prosjektadministrative tjenester
Ekstern tilknyttet UiS
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag

Forskingsnyheiter om velferd

Forskningssamarbeid med Folkehallene skal forhindre utenforskap

Forskere fra Nettverk for velferdsforskning har gjennom sommeren samlet inn data for å kartlegge bruken og betydningen a...

Innvandrarar sitt møte med norsk arbeidsliv

Korleis opplever innvandrarar forholdet mellom integrering og arbeid i møtet med norsk arbeidsliv?

Hvorfor frykter norsksomaliere barnevernet?

Disputas: Ayan Handulle har forsket på hvordan frykten for barnevernet vokser fram og hvordan den opprettholdes i det no...

«Innvandrerkategorien» påvirker NAVs tjenestetilbud

Noen NAV-saker som involverer innvandrere oppleves av veilederne som så komplekse og uhåndgripelige at de unngås. Andre ...

Korleis blir barn sett og hørt i barnevernet?

Disputas: Korleis blir barn synleggjort i norsk og chilensk barnevernsarbeid? Det har Ida Bruheim Jensen forska på.

Forsking og innovasjon på helse og velferd ved UiS

Vår forsking og innovasjon innanfor medisin, helse og velferd skal bidra til at helsevesenet og velferdstenesta er godt ...

Doktorgrad om implementeringsprosesser

Gry Cecilie Høiland har undersøkt hvordan man kan forstå avstanden som ofte finnes mellom planlagt implementeringen av b...

Korleis kan samarbeidet mellom rettsvesenet og velferdstenestene bli betre?

Colab består av ei rekke forskarar som mellom anna utforskar utfordringar knytte til dårleg mental helse blant kriminell...

Nettverk for velferdsforskning

Nettverk for velferdsforskning fremmer framtidsrettet og tverrfaglig velferdsforskning gjennom å styrke samarbeidet mell...

Professor drømmer om et «velferdsuniversitet»

Den nytilsatte lederen for Nettverk for velferdsforskning jobber nå med å komme i kontakt med forskere som nettverket ka...

PARTAKE - Deltakelse i skole, arbeidsliv og behandling

Forskningsmiljøet PARTAKE har fokus på samfunnsdeltakelse som mål og middel til å oppnå helse, mestring, gode tjenester ...

Profesjonelle relasjoner i helse- og velferdsyrker

Den tverrfaglige forskergruppen vil utvikle ny kunnskap for å forbedre kvaliteten på det relasjonelle arbeidet i yrker i...

Cubansk utvekslingssamarbeid

Eit nytt prosjekt skal bidra til betre kvalitet og meir internasjonalisering på utdanninga i sosialt arbeid. Det skal sk...

- Mange foreldre forstår ikke at barnet er overvektig

Foreldre som bekymrer seg for barnas vekt, tar mer kontroll ved matbordet enn andre foreldre.

Relevante studier