Verktøyet er i første omgang laga for regionar, og det skal sjå på kva slags omstillingsmoglegheiter som er til stades i næringslivet.
– Dette er eit verktøy som viser moglegheiter for økonomisk vekst, forklarer Silje Haus-Reve.
Ho er førsteamanuensis ved avdeling for innovasjon, leiarskap og marknadsføring på Handelshøgskolen ved UiS. Ho har, saman med professor Tom Brökel frå same avdeling, og professor i innovasjon og prorektor for innovasjon og samfunn på UiS, Rune Dahl Fitjar, utvikla analyseverktøyet DiveOpp og selskapet DiveOpp AS.
Dei skal sjå på spørsmål som: Kva er det som gjer at nokre regionar klarer omstilling og vekst, mens andre ikkje klarer det? Har forsking noko å bidra med i framtidas regionsutvikling? Kva slags kunnskap er det i så fall avgjerdsmyndigheiter, konsern, konsulentar, klynger, industri og bankar treng for å satse i ein region?
– Me har i første omgang fokusert på å utvikle verktøyet for regionar. Her ser verktøyet nærmare på kva slags omstillingsmoglegheiter som er til stades i næringslivet i ein region - altså lågt hengande frukt - som kan sikre ei omstilling som regionen har større forutsetninger for å lykkast i, seier Haus-Reve.
Dei har sett at det ikkje alltid er dei dominerande næringane som har dei største sjansane for vekst.
– Mindre kompetansemiljø eller næringar som ikkje nødvendigvis er så dominerande kan ha ein kompetanse som er relativt unik og dermed også vere smarte val, seier Haus-Reve.
Såg at det var eit stort behov
Det er gjennom eiga forsking, innsikt i fagfeltet og i dialog med avgjerdstakarar at dette blei til. For då fekk dei sjå at det var eit behov for eit verktøy som gir kunnskapsbaserte avgjerdsgrunnlag og forskingsbaserte analysar over utviklingsmoglegheiter.
– Me har nok vore litt oppgitt over at det er mykje synsing der ute og at det er fleire store avgjerder som blir tatt basert på relativt lite faktagrunnlag. Det er her vårt verktøy og analyser kan kome til nytte.
Verktøyet gir eit forskingsbasert kunnskapsgrunnlag for avgjerdstakarar, men ikkje noko fasitsvar.
– Det er ikkje sikkert vårt verktøy gir svaret dei ønsker, men innsikten gir òg innblikk i kva som manglar og som gjer at ein kan jobbe meir proaktivt mot dette for å sikre ei meir robust utvikling. Me ønsker å bidra med å sette i gong ein dialog og ein prosess som baserer seg på eit solid faktagrunnlag.
Så langt har fokusert vore mest på regionar, men dei har sett at dei også kan utvikle dette vidare til andre aktørar, slik som bedrifter og bankar.
Nå har dei i over eitt år jobba med ei klynge som jobbar aktivt med omstilling som er lokalisert på Austlandet.
– Dette har vore veldig spennande, og me skal presentere resultata på Østfoldkonferansen i september, seier Haus-Reve som sjølv er ein av konferansens innleiarar.
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!
Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb våren 2025...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka KI
Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...