– Det er eit stort behov for revisorar, så det å velje ei ettertrakta utdanning var motiverande

Karen Høyland Ollestad valde UiS for å kome tettare i kontakt med det lokale næringslivet.

Publisert Sist oppdatert
Karen Høyland Ollestad
Karen Høyland Ollestad

Karen Høyland Ollestad har ein bachelor i økonomi og leiing frå BI i Oslo. Mastergraden bestemte ho seg for å ta i rekneskap og revisjon (MRR) på Handelshøgskolen ved UiS.

Kvifor valde du å ta ein master i rekneskap og revisjon?

Eg valde denne masteren sidan eg var mest glad i dei typiske rekneskapsfaga som blant anna økonomistyring og finansrekneskap. Eg syntest også det var kjekt at ein har så mange moglegheiter ved å velje denne masteren. I tillegg er det eit stort behov for revisorar, så det å velje ei ettertrakta utdanning var også motiverande.

Kvifor valde du UiS og Handelshøgskolen?

Eg valde UiS sidan ein kjem tettare i kontakt med det lokale næringslivet. UiS er ein kjekk plass å vere student når ein tek i bruk moglegheitene som finst. Det er mange ulike studentforeiningar som ein kan engasjere seg i.

Korleis ser ein typisk studiekvardag ut på rekneskap og revisjon?

Me har forelesingar rundt tre dagar i veka; ei forelesing per fag og resten går til sjølvstudie. Ein står derfor fritt til å lese som ein sjølv ønsker, og kan planlegge veka etter eige behov. Det er også mogleg å jobbe på sida, og vere med på ulike studentarrangement.

Har du nokre spesielle minne frå studietida di til nå?

Me hadde ei veldig kjekk fadderveke der det for første gong var faddarar som også gjekk MRR. Me skal derfor også vere faddarar til hausten slik at dei som byrjar då får same oppleving som oss, så det er berre å glede seg!

Kvifor burde ein studere rekneskap og revisjon, og kven burde ta denne utdanninga?

Eg trur mange ikkje er klar over moglegheitene ein har med master i rekneskap og revisjon. Det er ein super inngangsbillett til fleire store og små firma. Det er ei kjekk masterutdanning kor ein sjølv kan bestemme korleis ein vil legge opp kvardagen. Dei som er glad i dei typiske finansrekneskap-faga bør verkeleg vurdere å ta denne masteren.

Har du nokre råd til framtidige studentar?

Gje MRR eit forsøk! Eg kan verkeleg anbefale det på det sterkaste, og det er berre å ta kontakt med meg om nokon skulle ha spørsmål om studiet.

Les også: Marie Larsen Gellein studerte master i rekneskap og revisjon og jobbar som revisor i KPMG

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb våren 2025...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...

Lærer studentane å bruka KI

Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet

Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...

Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen

Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.

Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger

Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...