Avdeling for klassisk musikk ved Fakultet for utøvande kunstfag, Universitetet i Stavanger, held til på sentrumsnære campus Bjergsted i hjartet av Bjergsted kulturpark, med Stavanger Symfoniorkester og Stavanger konserthus som næraste nabo.
Ca. 120
36
2
På Fakultet for utøvande kunstfag utdannar vi musikarar, dirigentar, dansarar, instrumentalpedagogar, dansepedagogar og kulturarbeidarar. Les alt om studia våre og våre søknadsfristar her.
Det klassiske musikkmiljøet i Bjergsted er prega av internasjonal atmosfære
Som student på klassisk musikk får du individuell undervising i hovudinstrument og gruppeundervising og i ei rekke supplerande fag. Studieåret er inndelt i timeplanfesta undervising og prosjektveker. I prosjektvekene deltar studentane i kammermusikk, vokal- og orkesterprosjekt med meir. Det blir undervist i allmenne fag som teori, høyrelære og musikkhistorie i fyrste avdeling, mens i andre avdeling kan ein velje emne som spennar frå kreative samspelprosessar til entreprenørskap. UiS samarbeider med andre institusjonar både nasjonalt og internasjonalt, med gode moglegheiter for utvekslingsopphald i utlandet på fleire av studia.
Tett samarbeid med Stavanger Symfoniorkester
Det klassiske musikkmiljøet i Bjergsted kulturpark er godt og tett, og prega av ein internasjonal atmosfære. Vi bur vegg i vegg med Stavanger Symfoniorkester, og ei rekke av musikarane frå orkesteret er dei faste pedagogane våre. I Bjergsted finst òg kulturskulen, og til saman gir dette eit vibrerande miljø med gode samarbeidsmoglegheiter. Fakultet for utøvande kunstfag er ein institusjon i akkurat passe storleik, for å sikre at studentane blir sett og får tett oppfølging i studiekvardagen.
Samspel og konsertverksemd
Samspel og konsertverksemd er ein fullt integrert del av studiekvardagen ved UiS. Studentane får delta i kammermusikkprosjekt, ensemble av ulik samansetning, opera-, kor og orkesterprosjekt og du blir utfordra på å bidra til organisering av produksjonar undervegs i studieforløpet.
Internasjonalt anerkjende pedagogar
I tillegg til høgt kvalifiserte og internasjonalt anerkjende faglærarar i eigen stab, får ein jamleg besøk av leiande pedagogar frå inn- og utland som kjem til Stavanger og har masterclass. Som klassisk student har du studiekvardag saman med m.a. utøvande jazz- og dansestudentar – som er ein unik kombinasjon av samla fagtilbud i Noreg.
Kontakt
Telefon: + 47 51 83 40 00
E-post: bjergsted@uis.no
Besøksadresse:
Bjergsted 1
4007 STAVANGER
Opningstider i ekspedisjonen
Måndag, onsdag og fredag:
10:00-11:30 og 12:00-14:00.
Stengt i lunsjen: kl. 11.30–12.00.
Tysdag og torsdag: stengt.
Postadresse:
Universitetet i Stavanger
Fakultet for utøvende kunstfag
4036 Stavanger
Fagmiljø og tilsette ved avdeling for klassisk
Frå årsstudium til PhD
Avhengig av kor langt den enkelte studenten har kome i utdanninga si så vektlegg vi på UiS at du skal utvikla den personlege musikalske stemma di. På årsstudium og bachelor blir fundamentet lagt for ei livslang utvikling innanfor utøvande musikk. På vidareutdanning, master og Postgraduate Diploma vil det i stigande grad vere fokus på å utvikle spesialisert kunnskap retta inn mot ein fleksibel arbeidsmarknad. Det er òg mogleg å ta PhD i utøvande musikk
Du kan velje klassisk som studieretning i alle studia våre i utøvande musikk.
Aktuelt frå avdeling for klassisk musikk
Bjergsted-konferansen 2023
Gjennom innlegg, samtalar og kunstnarlege innslag set Bjergsted-konferansen 2023 søkelyset på kunst, kultur og samfunn. ...
Cecilia inspirerer barn og unge i Bolivia til å lage musikk
Min sommarjobb: Fløytestudenten jobbar frivillig med å arrangere seminar i heimlandet om somrane.
Hva betyr kulturpolitikk for samfunnsutviklingen?
En kronikk fra Harald Eikaas, dekan ved Fakultet for utøvende kunstfag.
Vinnarane av Kammermusikkonkurransen 2023
To ensemble har vunne Skjeies kammermusikkstipend på 25 000 kr.
200 søkarar på plass. Nå er det endeleg normale opptaksprøver ved Bjergsted igjen
Nå myldrar det av spente, framtidige studentar på campus Bjergsted. For alle søkarar til utøvande musikkstudium på UiS m...
Julie Røssland er vinner av Steenslandsstipendet 2022
Dirigentstudent Julie Røssland har utmerket seg på innsats, faglig nivå og kunstnerisk potensiale, og tildeles derfor St...
Voices of Women setter fokus på kvinnelige komponister
Sikrer kvinners rettmessige plass på de historiske, samtids- og fremtidige arenaene for kunstnerisk produksjon gjennom m...
Urpremiere med spektakulært kunstprosjekt på Island
Komposisjon som estetisk bevegelse, dans og performance dirigert med en elektrisk hanske av Halldis Rønning, ph.d.-stipe...
Ny bok med nye perspektiver om Stravinskij
I en nylig publisert bok presenterer professor Per Dahl ved fakultet for utøvende kunstfag sin siste forskning om Stravi...
Are Sandbakken ny professor II på Fakultet for utøvende kunstfag
Musikeren, pedagogen og dirigenten Are Sandbakken er ansatt på åremål ved Avdeling for klassisk musikk.
Nils Henrik Asheim ny professor II på Fakultet for utøvende kunstfag
Organisten, komponisten og improvisasjonsmusikeren er ansatt på åremål ved Avdeling for klassisk musikk.
Halldis Rønning nyansatt som stipendiat i dirigering
Fakultet for utøvende kunstfag har gleden å ønske Halldis Rønning velkommen som ny ph.d.-stipendiat
Professor Bettina Smith er nominert til årets sanger i Tyskland
Professor i klassisk sang, Bettina Smith er nominert til årets sanger av Opus Klassik, Tysklands viktigste musikkpris.