NHS – Institutt for leiing og tenesteutvikling utdannar studentar innan leiing, service-, hotell- og reiselivsleiing på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og er i front på forsking knytt til servicenæringa og hotell- og reiselivsbransjen.
Om instituttet
Servicenæringa er ei av dei hurtigast veksande næringane i verda, og eitt av hovudområda som Noreg skal livnæra seg av den dagen olja tar slutt. Då trengst det kompetanse innan serviceleiing, vertskapsleiing, opplevingsproduksjon og reisemålsutvikling, i tillegg til tradisjonell kunnskap innan service, marknadsføring, økonomi og leiing.
Framtidas leiarar innan servicesektoren må kunne handtere det menneskelege og det digitale, drive kontinuerleg tenesteutvikling og innovasjon, hente ut verdiane som ligg i data og informasjon, samt kunne bruke avanserte analysemetodar. Dei må kunne handtere nye utfordringar som kunstig intelligens og nye forretningsmodellar og sjå samanhengane på tvers av fleire fagområde, som IT, marknadsføring, sal, kundeopplevingar og psykologi. Studiane og forskinga ved NHS – Institutt for leiing og tenesteutvikling svarer på dette aukande kompetansebehovet for heile servicesektoren.
Instituttet tilbyr bachelor- og masterstudium som rustar studentane til karrierar innan service, leiing, tenesteutvikling, hotell og reiseliv. Frå hausten 2025 tilbyr me også det nye årsstudiet Reiseliv i endring.
Eit institutt med lang historie
NHS – Institutt for leiing og tenesteutvikling heitte tidlegare Norsk hotellhøgskule og har eksistert sidan 1912. Her kan du lesa om NHS - Institutt for leiing og tenesteutvikling si historie.
Kontakt oss:
Dei tilsette ved NHS held til i Ellen og Axel Lunds hus på campus Ullandhaug. Instituttleiar er Trude Furunes, og kontorsjef er Tonje Kolnes Røinås. Telefon: 51 83 37 00
NHS er vertskap for Nordisk Symposium 2024
Årets tema er "The roles of humans and technology in shaping the future".
Symposiet er ein forskingskonferanse i regi av The Nordic Society for Tourism and Hospitality Research (NORTHORS). Symposiet er ei plattform for akademisk debatt og utvikling innan turisme- og gjestfridomsforsking i Norden og i ein breiare europeisk og global kontekst. NORTHORS er nært knytt til Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism, som er eit fagfellevurdert vitskapleg tidsskrift gitt ut av Taylor and Francis.
Nyheiter frå instituttet
Slik håndterer svenske butikker konstant krise
Pandemi, krig, energikrise og inflasjon har endret butikkers atferd. Men hvorfor og hvordan? Det svarer professor Christ...
«Norsk hotellhøgskole» blir «NHS – Institutt for ledelse og tjenesteutvikling»
Instituttet endrer navn for at det bedre skal reflektere instituttets studietilbud og forskningsfelt.
Kaleidoskop - en festival fra Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Kaleidoskop setter fokus på viktige hendelser, livsendringer og kritiske perspektiver. Ved å presentere ulike synsvinkle...
Flere publiseringspoeng til samfunnsvitenskapelige forskere
På fem år har antall publiseringspoeng oppnådd av samfunnsvitenskapelig forskning ved UiS, mer enn doblet seg.
5,7 millioner til å optimalisere nye dagligvareprodukter
UiS-forskere skal samarbeide med Foodback i et nytt prosjekt som skal jobbe for å øke nye produkters sjanse for å overle...
Ny professor i reiselivsøkonomi
Jinghua Xie er tildelt kvalifikasjonsopprykk til professor i reiselivsøkonomi på Norsk hotellhøgskole.
Nyheter fra NHS: Dette skjer for tiden
Det er spennende tider hos Norsk hotellhøgskole (NHS), og med tankesettet «gode steder å bo, er gode steder å besøke» i ...
Hotellhøgskolen feiret 110 år med konferanse og bankett
Hotell-, reiselivs- og servicebransjen samlet seg denne uken på UiS for faglig input om identitetsbygging og omdømme – o...
Yrende liv på karrieredag
I dag møtte Malin Rønning muligens sin framtidige arbeidsgiver, under Norsk hotellhøgskoles karrieredag.
Nytt studieprogram innen digital serviceledelse
Fra høsten 2023 kan du ta bachelorprogrammet digital serviceledelse ved Universitetet i Stavanger.
Samles over grytene for å skape gode retter og fine vennskap
Studenter ved Norsk hotellhøgskole arrangerer jevnlige matkvelder for spiselig, sosialt og faglig påfyll.
Eksperter på markedsføring, innovasjon og organisasjonspsykologi til Norsk hotellhøgskole
Tre nye professorer er klare til semesterstart ved Norsk hotellhøgskole. Skolen styrker det faglige tilbudet til student...
Skal kartlegge håndtering av seksuell trakassering i hotell- og reiselivsbransjen
Medlemmer av forskergruppen WITH har fått innvilget 900 000 kr til å se på hvordan seksuell trakassering håndteres i nor...
Flere studenter fullførte grad med skreddersydd tilbud
Individuelt opplegg for å fullføre bachelorgraden har gitt gode resultater.
– Målet er å bli hotelldirektører
Det er den klare meldingen fra to studenter ved Norsk hotellhøgskole, som er i ferd med å gjøre ferdig bachelorgradene...
– Tett på næringslivet, utvikler ledere og supert studentmiljø
Det er noen av tilbakemeldingene Norsk hotellhøgskole får fra tidligere studenter. Svært mange har lederstillinger innen...
Feiret framtidens ledelse og innovasjon
Det nye UNESCO-professoratet innen ledelse, innovasjon og framtidskyndighet ble feiret med refleksjoner om framtiden og ...
Sabla sprudlende start på 110-årsjubileet
To tidligere studenter ved Norsk hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger, Bent Høie og Dag Terje Klarp Solvang, sab...
Får nesten fem millioner til å utvikle ny master
Norsk hotellhøgskole og UNESCO-professoratet i ledelse, innovasjon og fremtidskyndighet får 4 856 000 kroner av Direktor...
Studietilbod
Utdanningane ved NHS er tverrfaglege og gjev deg brei kunnskap om leiing og service, samt djup kunnskap om hotell, reiseliv eller serviceleiing.
Vi har utdanna leiarar innan hotell, reiseliv og servicesektoren sidan 1912. Frå hausten 2023 blei studietilbodet utvida med bachelor i digital serviceleiing og master i transformasjon og nyskaping.
Utdanningane ved NHS gir deg kunnskap om vertskap, hotelldrift, opplevings- eller reisemålsutvikling, i tillegg til service, marknadsføring, juss, økonomi og leiing.
Tidlegare studentar fortel om studium og karrierar
Studia ved NHS – Institutt for leiing og tenesteutvikling gir deg eit godt utgangspunkt for vidare karriere innan leiing, service, hotell og reiseliv. Her fortel tidlegare studentar om sine erfaringar.
Her kan du sjå ei rekke videoar kor tidlegare NHS-studentar fortel om studia og karrierane sine.
Forsking
NHS – Institutt for leiing og tenesteutvikling har forsking innan leiing, servicenæringa og hotell- og reiselivsbransjen.
Korleis skaper vi inkluderande arbeidsliv i hotell- og reiselivsindustrien?
Deltidsstillingar, mellombelse arbeidskontraktar og jobbar som krev lite formell utdanning eller språkkompetanse, fører til utfordringar for inkludering og integrering i hotell- og reiselivsindustrien.
Kjenneteikn ved hotell- og reiselivsindustrien er kulturelt mangfald med tilsette frå mange ulike nasjonalitetar. I tillegg er det ein overrepresentasjon av kvinnelege og yngre arbeidstakarar i bransjen. Mange er tilsette i deltidsstillingar, med mellombelse arbeidskontraktar og jobbar som i liten grad krev formell utdanning eller språkkompetanse.
Alt dette bidrar til å skapa komplekse utfordringar for inkludering og integrering i arbeidslivet. Gruppa forskar på inkluderande arbeidslivsprosessar innan hotell og reiseliv, og søker i tillegg kunnskap og læring frå andre tilknytta område.
Forutan forskarar frå NHS – Institutt for leiing og tenesteutvikling, består gruppa av forskarar frå Sverige, Skottland og Australia. Dette gir spennande moglegheiter for å samanlikna inkluderande arbeidslivsprosessar og kulturelt mangfald i fleire land. Forskinga skal bidra til utfyllande kunnskap om framtidige utfordringar knytta til mangfald og inkludering i arbeidslivet innan den globale hotell- og reiselivsindustrien.
Forskargruppeleiar er førsteamanuensis Tone Therese Linge.
Les meir her: Hvordan skaper vi inkluderende arbeidsliv i hotell- og reiselivsindustrien?
Kva et heimebuande eldre?
Mange eldre må på sjukeheim på grunn av underernæring. Eit blikk inn i kjøleskapet fortel kvifor – og kan seia noko om løysinga.
Prosjektet "Kjøleskapsfortellinger, mat for morgendagens eldre" handlar om eldre som bur heime og kva dei et utanom dei faste middagsleveringane. Målet har vore å utvikla metodar for å avdekka behov og ønsker for mat og måltidsløysingar som inngår i ei heimlevering til heimebuande eldre.
Leiar for prosjektet var Kai Victor Hansen, i samarbeid med Nina Innvær Jæger fra Skipper Worse. Prosjektet vart avslutta 2018.
Korleis kan ein måla måltidsopplevingar?
Ved å scanne ein QR-kode kan kundar gi rask tilbakemelding på korleis dei opplever maten og drikken medan erfaringa er fersk.
Prosjektet "Digitale verktøy for forbedrede måltidsopplevelser" handlar om å utvikla måleinstrument for måltidsopplevingar. Appen Foodback har blitt testa på kantiner, cruisebåtar, restaurantar og blant take away-kunder får å kartlegge tidspunkt for når det er naturleg for klientell å gi tilbakemelding, samt hva kundane set pris på i ulike situasjonar. Målet for prosjektet har vore å skaffa forskingsgrunnlag for såkalla "table-tents" med QR-kode for direkte tilbakemelding frå kundar i hotell-, restaurant-, kantine- og serveringsverksemder.
Leiar for prosjektet var Kai Victor Hansen, i samarbeid med Daniel Chaibi frå Foodback AS og Birgitte Melvær Wiig frå VRI Rogaland. Prosjektperioden var 2014-2020.
Instituttleiinga
NHS – Institutt for ledelse og tjenesteutvikling
Fakultetsadministrasjonen SV
Administrasjon NHS
Instituttadministrasjonen
Instituttrådet
Instituttrådet gir instituttleiar råd i følgande saker:
- Strategiske planar på instituttets fagområde
- Studietilbod ved instituttet
- Område for satsingar på forskning, innovasjon og formidling
- Instituttrådet skal også høyrast i ad hoc-saker som har strategisk betydning for instituttet.
Fakultetsstyret oppnemner eksterne rådsmedlemer etter forslag fra instituttråda, og dei velger sjølv leiar.
Medlemmer i instituttrådet ved NHS
Leiar: Gjermund Dahl (ekstern representant)
Eksternt medlem: Hanne Berentzen
Vitskapleg tilsette: Terje Våland, Marie C. Lundberg, Dag Osmundsen
Teknisk-administrativt tilsette: Jeanette Goa
Studentrepresentantar: Boa Quynh Troung, Camilla Hansen