Desse blir Rogalands første universitetsskular

UiS får no tre faste samarbeidsskular i Stavanger og Sandnes.

Publisert Sist oppdatert
Her ser vi rektorane Anne Lunde ved Lunde skole, Siri B. S. Wernøe ved Sandved skole og Øystein Hennig frå St. Svithun videregående skole med nysignerte diplom

Første gang publisert oktober 2018

Tysdag 2. oktober signerer Universitetet i Stavanger avtalar med tre skular om at dei skal vere universitetsskular i perioden 2018-2022. Ein universitetsskule er ein skule som har eit særskilt tett samarbeid med eit universitet.

Det er Sandved skule i Sandnes, og Lunde skule og St. Svithun vidaeregåande skule i Stavanger som no inngår partnarskapsavtalar med UiS.

- Dette har vi gleda oss til! Hensikta med samarbeidet er å drive forsking og utviklingarbeid med mål om ei framtidsretta lærarutdanning og best mogleg læring for elevane, seier Elaine Munthe, dekan ved fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora ved UiS.

Prosjektet tar utgangspunkt i universitetssjukehusmodellen med praksisnær og praksisrelevant forsking, og baserer seg på tett samarbeid mellom dei involverte lærarane, forskarane og studentane.

- Universitetsskulane inneber eit partnerskap mellom forsking og praksis. Skule og universitet skal tilby elevar og lærarstudentar det mest oppdaterte av undervisning og veiledning ved å utforske og utvikle praksis, fortel Munthe.  

På si side skal universitetet med sine lærarutdannarar bidra med sin forskingskompetanse på skulane samstundes som dei tar med seg praksisnær kunnskap tilbake til universitet og lærarstudentane.

- Dette blir ein vinn-vinn situasjon for både elevane, skulane, studentane og universitetet, seier dekan Elaine Munthe ved UiS.

Gjennom denne modellen blir heile det 13-årige skuleløpet dekka. Innhald, form og omfang av samarbeidet skal konkretiserast i løpet av pilotfasen, som er 2018-2020.

Deler kunnskap

Universitetsskulesatsinga skal også komme andre skular til gode. Erfaringane frå pilotprosjektet skal delast med andre skular i regionen og vil danne grunnlaget for ei vidareutvikling av universitetsskulesatsinga og samarbeidet med andre praksisskular i Rogaland. 

Vil du vite meir om universitetsskulane?

Rådgiver
51831109
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Fakultetsadministrasjonen UH
Førstelektor i pedagogikk
51834048
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk