Styringsdokument og årsrapporter

Her finn du årsrapporter, fakulteta og Arkeologisk museum sine strategiar og andre styringsdokument for UiS.

Publisert Sist oppdatert

Handlingsplanar

Det overordna målet er at UiS skal jobbe systematisk med å redusere sitt klima- og miljøavtrykk i heile organisasjonen.

Klima- og miljøplan 2024–2030.

Universitetet i Stavanger (UiS) skal etterspørje og forbruke varer og tenester som er produsert etter høge sosiale og etiske standardar.

Handlingsplanen beskriv det arbeidet UiS gjer for å bidra til at varer vi kjøper er laga i tråd med internasjonalt anerkjente standardar for arbeidsforhold og miljøhensyn.

I handlingsplan for etisk handel kan du også lese om planlagde mål og tiltak for planperioden.

Handlingsplan for etisk handel 2020-2024 (pdf)

Handlingsplanen beskriv kva UiS gjer for å skape eit trygd arbeids- og læringsmiljø for alle. Planen er i samsvar med Gender Equality Plan (GEP) i Horizon Europe.

Drivkraft 2030 legg vekt på å sjå mangfald som ein ressurs. UiS meiner at vi skal ha respekt for at alle er ulike og har ulik bakgrunn, og har derfor nulltoleranse for diskriminering på grunnlag av etnisitet, språk, religiøsitet, livssyn, kjønn, seksuell orientering, identitet, funksjonsnivå, sosial og sosioøkonomisk bakgrunn.

Handlingsplan for likestilling og mangfald (pdf)

Engelsk versjon: Action plan for equality and diversity for students and employees (pdf)

Handlingsplanen viser satsningsområda og dei institusjonelle utviklingstiltaka for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Alle medarbeidarar innanfor fagområdet kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS arbeider etter desse satningsområda og utviklingstiltaka.

Handlingsplan for kommunikasjon og samfunnskontakt (pdf)

UiS har som mål om at minst 5 prosent av nytilsette skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

På lang sikt ønskjer UiS at inkludering og rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en blir ein integrert del av i HR-strategiane og rekrutteringspraksisen i verksemdene.

Handlingsplan for inkludering av personar med nedsett funksjonsevne eller fråvær frå arbeid og utdanning (pdf)

To studenter sitter i et klasserom og leser