Erasmus+ ICM-samarbeid med Palestina

UiS utveksler studentar og tilsette med An-Najah National University i Nablus, Palestina, gjennom ein Erasmus+ samarbeidsavtale.

Publisert Sist oppdatert
An-Najah National University new campus gate
An-Najah National University new campus gate

An-Najah National University (ANNU) er eit privat universitet i Nablus, Palestina, og med sine 22 000 studentar og 3 000 professorar er det det største universitetet i Palestina.

UiS har hatt eit Memorandum of Understanding med ANNU sidan 2006, og ein Erasmus+ ICM-utvekslingsavtale sidan 2015. Utvekslingsavtalen har gjort det mogleg for tilsette å reise begge vegar og innkommande bachelorstudentar har kome til UiS for å studera drama og interkulturell kommunikasjon. Tilskot som blir tilbode av Erasmus+ ICM-aksjonen er nødvendige for å letta utvekslinga.

I 2018 slutta UiS seg til ein kommunal delegasjon for å fornya satsinga på partnarskapet vårt og kartleggja moglegheiter for nye samarbeidsområde. Dette har resultert i eit sterkare nettverk på alle område av lærarutdanninga, spesielt i barnehagelærerutdanninga, og dessutan óg i sjukepleie og jordmor.

Nablus har vore vennskapsbyen til Stavanger sidan 1996, og mange andre kulturutvekslings- og utviklingssamarbeidsprosjekt har vorte gjennomførte sidan den gong. Nablus Society of Stavanger, ein grasrot-NGO, handterer dei praktiske sidene av samarbeidsaktivitetane, og er ein viktig partnar for UiS i vårt Erasmus+ ICM-utvekslingssamarbeid.

Denne videoen syner litt om korleis samarbeidet foregår i praksis. (Kjelde: Diku)

Kontaktpersonar

Førstelektor i engelskspråklig kultur og litteratur
51831554
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Seniorrådgiver
51833046
Divisjon for utdanning
Utdanningsavdelingen
Internasjonal seksjon