Dei gode skriveverktøya for elevane finns, men blir for lite brukt

Ny forsking viser at det finns mange gode lese- og skriveverktøy tilgjengeleg, men at dei blir for lite brukt i norsk skule.

Publisert Sist oppdatert

elever i vgs

- Lese- og skriveverktøy har gjennomgått ein stor teknologisk utvikling dei siste åra. Når du no nyttar funksjonar som stavekontroll og ordprediksjon, syntetisk tale og tale-til-tekst oppnår ein mykje korrekt skriving – såframt ein kan nytta verktøya godt.

Det meiner dosent i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Margunn Mossige. Ho har den siste tida undersøkt hjelpemiddel for elevar som strever med lesing og skriving. Forskinga viser at det finns mange gode verktøy, men samtidig viser det seg at dei ikkje blir brukt mindre enn venta.

Verktøya kan altså gje god hjelp for elevar med lese- og skrivevanskar. At dei ikkje blir brukt, er det fleire årsaker til, ifølgje Mossige:

- Det er mange ulike verktøy, og kvaliteten varierer. Standardløysinga er ikkje alltid den beste. Dessutan er det veikskapar med alle verktøya. Bruker ein til dømes stavekontroll, kan teksten bli nesten heilt korrekt, men den stadige påpeikinga av stavefeil som stavekontroll gir, kan hemme skriveflyten og forstyrre tenkinga til den som skriv.

Videre viser undersøkingane at  tale-til-tekst-programma har blitt såpass gode at det er fullt mogleg å diktere norsk tekst, men at det framleis er slik at programma misoppfattar inntil 10 prosent av det som blir sagt.

- Det er jo sjølvsagt irriterande for brukaren, men slike vanskar og andre kan motverkast med god opplæring, seier Margunn Mossige.

Forskinga er gjort gjennom forskingsnettverket Text Performers, og tilsvarande resultat føreligg også i Danmark og Sverige.

Stor nytte i gode hjelpemiddel

Hetland vidaregåande skule i Stavanger har lagt ned ein god innsats for å ta i bruk digitale skriveverktøy. Dei er einige i at verktøya i at mange av verktøya gjer eit godt utbytte for mange.

- Det me ser er at det er litt høg terskel for å komma i gang med å nytta dei gode verktøya, sjølv om dei finns, seier lektor på Hetland, Helena Eracleous Hallgren.

Ho er, i tillegg til å vera spansk- og engelsklærar, spesialpedagogisk rådgjevar. Med i den stillinga er det satt av tid til å nettopp rådgje elevane i å nytta ulike funksjonar og verktøy for å få betre læringsutbytte i både lesing og skriving.

Bilde av Helena Hallgren, Hetland vgs
Helena E. Hallgren på Hetland vidaregåande skule

- I rådgjevarrolla rettleier eg elevar på heile skulen. Ofte set me av rettleiingstida for å sjå på funksjonalitet eller strategiar for bruk.

Ho erkjenner at det er tidkrevjande, og at dei gjerne skulle hatt meir tid til kvar enkelt elev. Skulen har derfor også lagt til rette for at Hallgren har kurs for dei andre lærarane om korleis dei kan hjelpa og støtta elevane med verktøya.

- Alle har gode føresetnader for å kjenna til funksjonane, når dei allereie er i program dei har vane for å bruka kvar dag, som til dømes i Word. Lesing og skriving er viktig i alle fag, så alle lærarane er med og drar lasset for å få til god tilrettelegging til dei som har lese- og skrivevanskar, legg Hallgren til.

Ho trekk særleg fram funksjonar som diktering, funksjonen engasjerande lesar og markering av spesifikke ord som nyttige funksjonar som finns i Word.

God planlegging har mykje å seia

Erfaringane Hallgren har fått gjennom å ha jobba tett på elevar med lese- og skrivevanskar i lang tid, ser ho at elevane har også ein jobb å gjera sjølv gjennom å planleggja betre i ein skriveprosess.

- For elevar som slit, er det fullt forståeleg at slutten av ein skriveprosess blir litt utmatta. Dei fleste elevane veit at det er viktig å prioritera ein gjennomgang med teknologiske skriveverktøy etter at ein tekst er ferdig. Det må me også hugsa på å minna dei om – sjølv om det kan opplevast vanskeleg.

Og gevinsten av å faktisk nytta verktøya godt, det undersøkte Hallgren sjølv i masteroppgåva si i spesialpedagogikk, som ho leverte i 2021:

- I masterstudia mi tok eg føre meg fire elevar på vidaregåande som alle hadde fått påvist sein dysleksi, og korleis dei opplevde det sjølv. I den samanhengen er det indikasjonar på at det å ta imot tiltak kunne ha ein positiv innverknad på elevane si eigen meistringstru og motivasjon. 

Måten Hetland vidaregåande skule prioriterer tid og ressursar til å rettleia elevane med lese- og skrivevanskar får skryt av Margunn Mossige: 

- Elevar med skrivevanskar har krav på å få tilrettelegging slik at dei kan få vise kva dei kan. Skal dette gjelde alle med skrivevanskar, må fleire skular leggja til rette for systematisk arbeid, til dømes slik som Hetland har gjort. Det er viktig med ressurspersonar som kan halda i arbeidet, og at alle lærarar er med og bidreg i opplæring og bruk av skriveteknologi, avsluttar Mossige med.

Tekst: Birgit Rodvelt
Foto: Getty Images og Birgit Rodvelt

Omtalt i saken

Pensjonert tilknyttet UiS
51833142
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking