Statsvitar Mikkjell jobbar som journalist

– Politikk gjennomsyrar kvardagen som journalist, seier UiS-alumn og statsvitar Mikkjell Lønning. Han er journalist i Jærbladet og redaksjonssjef i Gamer.no.

Publisert Sist oppdatert
UiS-alumn og statsvitar Mikkjell Lønning.
  • Namn: Mikkjell Lønning
  • Alder: 25
  • Noverande stilling og arbeidsplass: Journalist i Jærbladet og redaksjonssjef i Gamer.no
  • Kva studerte du: Eg starta på lektorprogrammet i historie i 2013, men fann ut at det ikkje heilt var mi greie. Difor gjekk eg over på statsvitskap året etter, og har kombinert litt enkeltemner her og der med fulltidsjobb fram til 2020. 

Kvifor valde du å studere statsvitskap ved Universitetet i Stavanger?

Eg har alltid vore interessert i politikk og historie, men historiefaget blei litt mykje pugging og litt for lite drøfting for min del. Difor verka statsvitskap som ein naturleg overgang. Der fann eg meg fort til rette med pensum, og starta ei kollokviegruppe for å diskutere aktuelle saker blant medstudentane mine. 

2. Kva hugsar du best frå studietida di ved UIS?

Det må vere venskapa eg har forma på vegen. Eg har funne fleire av dei beste venene mine på UiS. 

3. Kva del av studiet har du hatt mest nytte av i arbeidslivet?

Politikk gjennomsyrar kvardagen som journalist, enten det handlar om å skrive kommentarar om internasjonal politikk, om å følgje opp arbeidet til kommuneadministrasjonen i ei konfliktsak, eller å intervjue landbruksministeren om ei ny satsinga frå regjeringa.

Grunnkompetansen om oppbygninga til det politiske og administrative systemet i Noreg har vore utruleg viktig for meg i det daglege, medan pensumstoff frå fag som demokratiteori, miljø- og energipolitikk, makt og politikk og internasjonal politikk har blitt til mange gode kommentarar i tida mi hjå både Aftenbladet og Jærbladet.

Samstundes har kunnskapen i faga gjort meg i stand til å kome med interessante vinklingar på politiske saker som kanskje ikkje ville vore openberre for ein med bakgrunn på journalistikkstudiet. 

4. Kva liker du best med jobben din?

Livet som journalist er særs allsidig. Den eine dagen kjem kanskje næringsministeren på besøk, før du må ut på stranda for å intervjue badegjester, og over til å skrive kommentar om dataspel blant unge dagen etter igjen.

Det er heile tida noko nytt, og tempoet er høgt. Den type jobbing passar meg veldig godt. Det er òg nok med moglegheiter til å dukke ned i lengre prosjekt, om det så er ein gravesak om kommuneøkonomi eller eit portrettintervju over fem-seks sider i avisa om ein interessant person. 

5. Kva er dei beste råda dine til dagens studentar?

1: Skaff deg ei kollokviegruppe så fort som mogleg, og gjer gruppeoppgåvene som førelesaren legg ut. Viss ikkje så finn du sikkert nokre spørsmål bak i kapittelet i boka. Prøv å dra i gang diskusjonane, og finn måtar å kople pensum på aktuelle hendingar i nyheitene. Då er det veldig mykje kjekkare og enklare å lære pensum. Kjenner du ikkje nokon på studiet, så berre spør sidemannen. Dei sit høgst sannsynleg i same båt som deg.

2: Les jamt og trutt. Dei aller fleste kan klare å kave seg til ein C ved å pløye gjennom pensum ei veke før eksamen, eller til og med ein A viss ein jobbar heile veka, men du gløymer det meste to veker etter eksamen igjen. Den type læring er fullstendig bortkasta. Skal ein først investere nokre år av livet sitt i noko, bør ein gjere det skikkeleg. Igjen kan ei kollokviegruppe vere nyttig å ha, for då kan ein plikte seg til å lese ovanfor andre.

3: Motivasjon er noko vas. Disiplin er måten du lærer på, og måten du lukkast. Ha faste kvoter for kor mykje du skal lese den og den dagen, og legg ein plan. Det er tungt arbeid å følgje opp slikt dei første to vekene, men etter kvart går arbeidet meir av seg sjølv. Til slutt er du så inni rytmen at du får skuldkjensle av å ikkje jobbe. 

4: Bli med i ei studentgruppe. Slit du med å finne vener, så er dette ein fantastisk måte å bli kjend med nye folk på. Det kan verke skummelt å hive seg med på noko slikt, spesielt viss ein møter opp aleine og ikkje kjenner nokon, men du blir sannsynlegvis tatt imot med opne armar. 

UiS Alumni

UiS alumniportal

Universitetet i Stavanger tilbyr et eget nettverk for tidligere UiS-studenter. Som UiS-alumn kan du registrere deg i vårt nettverk, hvor du kan holde kontakten med tidligere medstudenter og UiS. Du får også fordeler hos universitetsbiblioteket og SiS sportssenter. Bli med i vårt nettverk. Ønsker du å komme i kontakt med andre UiS-alumner eller hjelpe til med alumniarbeidet, så meld deg inn i vårt nettverk og ta gjerne kontakt på alumni@uis.no

Dette jobber vi med nå

Simon Kolsum tok ein mastergrad i byplanlegging – her er hans beste råd til nye studentar

Simon Kolsum (27) sikra seg fast jobb før han hadde levert masteroppgåva. Han er takknemleg for den tverrfaglege kompeta...

Ignacy jobber som paramedisiner på legevakt

Ignacy Antoni Pichler (25) var ferdig utdannet paramedisiner i 2023. Nå er han en av de første paramedisinerne som jobbe...

Masterprogrammet er nyttig både på oppdrag i ambulansetjenesten og i forskning

Tidligere UiS-student Randi Simensen jobber som paramedic i ambulansetjenesten og doktorgradsstipendiat i Stiftelsen Nor...

Marit har en master i miljøteknologi og jobber som miljørådgiver hos Risa AS

– I min rolle har jeg en genuin mulighet til å påvirke og bidra til å håndtere dagens klima- og miljøutfordringer, noe j...

Jobber for at pasienter skal få et trygt kirurgisk forløp 

Fra studietiden husker Kristine og Birgit godt mestringsfølelsen når de første gang sto alene og assisterte kirurgen på ...

Næringsliv, samfunn og alumni – Handelshøgskolen UiS

Her finner du informasjon om samarbeid, vårt alumninettverk, hvordan du kommer i kontakt med studentene og oversikt over...

I fjor var Andreas ferdig med en mastergrad i miljøteknologi, i år holder han tale under masterseremonien

- En av de tingene jeg husker best er nok samholdet vi hadde i klassen.

Alumnirådet ved TN

Bli kjent med alumnirådet ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet.

Celine Lorentsen har en master i biologisk kjemi og fikk drømmejobben hos NordicDx

- Jeg hadde ikke fått denne jobben uten en master i biologisk kjemi, så fort jeg hadde levert masteroppgaven min var jeg...

Jobber som helsesykepleier på helsestasjon

Kari Glesne Ugland har en mastergrad i helsesykepleie fra Universitetet i Stavanger. Hun jobber nå som helsesykepleier i...

– Eg vil beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse

Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan strategisk ...

Priscila fekk jobbe med musikarar og utøvarar på høgt nivå

Musikkproduksjon og opptaksteknikk blei ei moglegheit til å auke erfaringane på feltet

– Jeg ønsket å utvide mine kunnskaper, kompetanse og nettverk innenfor musikkproduksjonsfeltet

Frida har studert musikkproduksjons og opptaksteknikk, og jobber i dag med å drive og administrere et lydstudio

Ingrid Øien liker ikke å stå på «stedet hvil»

Ingrid finner det interessant å stadig kunne lære nye ting, og syns det er viktig å holde seg oppdatert.

Tone Omdal har hele sitt utdanningsløp fra UiS

- Det var både inspirerende og motiverende å se mine medstudenter dirigere, samt observere deres utvikling som dirigente...

Olaf jobber som skuespiller, men har fått mye ut av PPU-utdanningen i utøvende og skapende kunstfag

Han synes Stavanger er en kulturrik by med mange spennende og inkluderende aktiviteter

Solveig jobber som kantor i Den Norske kirke

- Studiet var for meg en fin bekreftelse på at gehør kan utvikles gjennom hele livet, bare det får nok oppmerksomhet!

Halvor Holm har studert DigJazz ved UiS

Halvor Holm kjente et behov for fornyelse av sitt faglige fundament, og var en av de første studentene på fakultetets di...

Masteren vekket interesse for forebyggende helsearbeid

Mathilde Halseth Arnes elsket å jobbe som sykepleier, men erfaringer fra yrket gjorde at hun ønsket å gå i enn annen ret...

Han tok bachelor i engelsk og fordypet seg i fantasispråk

Sebastian Rob Kolnes sier selv han er over gjennomsnittet interessert i språk og litteratur. I bacheloroppgaven sin unde...