Datamaskinarkitektur (ELE210)
Overordna datamaskinstruktur, innebygde system. Grunnleggjande digitalteknikk: Transistor, logisk krets, talsystem, sentrale logiske funksjonar, programmerbar elektronikk. Maskinvare: Mikroprosessorar og mikrokontrollerar med vekt på ARM, minne, timer, avbrot, seriell og parallell kommunikasjon. Programvare: Lågnivå- og høgnivåprogrammering, programstrukturar, sanntidssystem, operatørgrensesnitt.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025
Emnekode
ELE210
Versjon
1
Vekting (stp)
10
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Kunnskap:
- Vite korleis ein datamaskin generelt og eit innebygd system (IBS) spesielt er oppbygd. - Vite korleis grunnleggjande programstrukturar er. Vite kva som ligg i omgrepet sanntidsoppførsel.
Dugleik:
- Kunne realisera grensesnitt mellom parallell- og serieportar i ein mikrokontroller og eksterne komponentar. - Kunne både utvikla overordna programvarestruktur og kode for eit enkelt IBS basert på ein spesifikasjon av ønskte funksjonar. - Kunne realisera enkel digital støtte-elektronikk til ein mikrokontroller.
Generell kompetanse:
- Fundamental forståing av struktur, eigenskapar og potensiale til datamaskinbaserte system.
Forkunnskapskrav
Anbefalte forkunnskaper
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Ein skriftleg eksamen | 1/1 | 4 Timar | Bokstavkarakterar | Alle trykte eller handskrivne hjelpemiddel tillatne. Alle kalkulatorar tillatne |
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
4 av 8 rekneøvingar, samt 6 laboratorieøvingar må vera godkjende innan gitt frist før ein kan gå opp til eksamen.
Gjennomføring av obligatorisk lab skal gjerast til dei tidene og i dei gruppene som er oppsette og publiserte på Canvas. Fråver på grunn av sjukdom eller andre årsaker skal snarast mogleg meldast til laboratorie- eller fagansvarleg. Du kan ikkje rekna med å få gjennomføra lab utanom oppsett tid viss du ikkje har spurt om dette og ny avtale er gjort. Konsekvensen av at du ikkje har fått godkjent laboratoriearbeid er at du ikkje får gå opp til eksamen i emnet.
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Eivind Sandve HausLaboratorieingeniør:
Kjetil André EknesLaboratorieingeniør:
Asbjørn StokkaLaboratorieingeniør:
Erik Sæland HafnorInstituttleiar:
Tom RyenStudieprogramleder:
Tormod DrengstigArbeidsformar
Omvendt klasserom: 6 timar sjølvstudium av forelesingsopptak, 3 timar rekneøvingar og 3 timar obligatorisk laboratoriearbeid kvar veke i gjennomsnitt.
Obligatoriske arbeidskrav (som rekneøvingar, laboratorieoppgåver, prosjektoppgåver og liknande) skal vera godkjende av faglærar innan angitt frist.I praksis må då alt øvingsarbeid vera fullført seinast i løpet av nest siste veka før eksamensperioden startar, jfr. det som er spesifisert over:
"Gjennomføring av obligatorisk lab skal gjerast til dei tidene og i dei gruppene som er oppsette og publiserte på Canvas. Fråver på grunn av sjukdom eller andre årsaker skal snarast mogleg meldast til laboratorie- eller fagansvarleg. Du kan ikkje rekna med å få gjennomføra lab utanom oppsett tid viss du ikkje har spurt om dette og ny avtale er gjort."
Overlapping
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Digital og analog elektronikk (BIE230_1) | 5 |
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623_1) | 5 |
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623_A) | 5 |
Digitalteknikk (BIE260_1) | 5 |