Nordisk og lesevitenskap - masterstudium


Dette er studieprogrambeskrivelsen for studieåret 2024-2025

Fakta

Vekting (stp)

120

Studieprogramkode

M-LESEVIT

Studienivå

Mastergrad iht §3, 2 år

Fører til grad

Master i nordisk og lesevitenskap

Heltid/deltid

Heltid

Varighet

4 Semestre

Grunnstudium

Nei

Undervisningsspråk

Norsk

Masterprogrammet fører fram til graden master i nordisk og lesevitskap.

Programmet byggjer på bachelorgrad med spesialisering i nordisk språk og litteratur eller anna utdanning som gjev tilsvarande kvalifikasjonar.

Masterprogrammet i nordisk og lesevitskap skal gje kunnskapar på høgt nivå i utvalde vitskaplege disiplinar innanfor nordistikken, med perspektiv på og innføringar i skriftkunne (literacy/lesevitskap) som særskilt spesialisering. Nordistikken femner om litteratur og språk frå både eldre og yngre tid. Til fagområdet høyrer òg nordisk fagdidaktikk.

Læringsutbytte

Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten

  • kjenna til, kunna forklåra og bruka sentrale omgrep, metodar og teoriar frå nordisk og lesevitskap
  • kunna vurdera bruken av vitskapleg teori, metode og argumentasjon i den vitskaplege litteraturen om språk og litteratur
  • ha avansert innsikt i delar av fagområdet gjennom temastudium og gjennom skriving av masteroppgåve i samråd med og under rettleiing av faglærar
  • kunna orientera seg i forskinga innanfor utvalde fagdisiplinar og bruka denne kunnskapen til å drøfta nye problemstillingar


Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten

  • kunna analysera og sikta kritisk ulike informasjonskjelder og bruka desse til å strukturera og formulera faglege resonnement
  • kunna under rettleiing gjennomføra eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt om eit sjølvvalt emne
  • kunna presentera og drøfta vitskaplege spørsmål og resultat i omfattande skriftleg form, i samsvar med vitskaplege normer
  • kunna utarbeida og framføra vitskaplege føredrag innanfor definerte tidsrammer
  • meistra dei to norske målformene og kunna uttrykkja seg klårt i tale og skrift om faglege emne


Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten

  • ha gode språkferdigheiter og eit medvite, aktivt og kompetent forhold til språket som verktøy
  • ha så god språkleg og tekstanalytisk kompetanse at ein kan rettleia og gje råd i ulike samanhengar på eiga hand
  • ha eit kritisk tilhøve til ulike typar informasjonskjelder
  • kunna bidra både munnleg og skriftleg i akademiske diskursar og kunna kommunisera og formidla faglege innsikter til ulike grupper i ulike samanhengar
  • kunna ta kunnskapane og ferdigheitene sine i bruk på nye område og gjennomføra komplekse arbeidsoppgåver og prosjekt
  • meistra ei vitskapleg framstillingsform og kunna leggja fram eit fagleg innhald klårt og presist på eit høgt nivå
  • kunna bidra til nytenkjing og innovasjon

Fagplan

Studiet er delt i to: En første del med innføringer som grunnlag for breddekunnskaper og for å kunne gjøre valg om spesialisering i det videre studiet, til sammen fire emner, hvert på 15 studiepoeng, og en andre del som også utgjør 60 studiepoengpoeng i seg selv: Masteroppgave, se Studieplan og emner.

Dette er et fulltidsstudium over to år, men man kan søke instituttet om overgang til deltidsstudium over fire år. Fulltids- og deltidsstudenter har felles undervisning.

Målform

I løpet av studiet skal studentene ha gjennomført prøving i et av emnene på 15 studiepoeng på en annen målform enn de skriver masteroppgave i.

Hva kan du bli?

Med master i nordisk og lesevitskap kan du arbeide i skoleverket, i media, på bibliotek, kultursektoren, i forlag og innan offentleg administrasjon. Du kan jobbe med undervisning og tilretteleggjing, utvikle og skape innhold og tjenester, med rådgjevning i situasjonar kor forståing for tekst, språk og sjanger er viktig.

Med ein master i nordisk og lesevitskap vil du ha mange moglegheiter innanfor mange verksemder og kan til dømes jobbe som:

  • kulturformidlar
  • festivalprodusent og -sjef
  • bokmeldar
  • museumsdirektør
  • bibliotekar
  • forskar
  • forlagsredaktør og -sjef
  • journalist

Masterstudiet i nordisk og lesevitskap gjev, saman med praktisk-pedagogisk utdanning, lektorkompetanse.

Fullført studium kvalifiserer for å søke opptak til ph.d.-programmet i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger.

Emneevaluering

Kvalitetssystemet på UiS omfatter studentevaluering av alle emnene.

Studieplan og emner

  • Obligatoriske emner

  • Obligatoriske emner

  • Velg 2 av 4 emner - semester 1

    • MLE305: Lesing: teori og metode

      Første år, semester 1

      Lesing: teori og metode (MLE305)

      Studiepoeng: 15

    • MLE335: Literacy og læring i digitale omgivelser

      Første år, semester 1

      Literacy og læring i digitale omgivelser (MLE335)

      Studiepoeng: 15

    • MLE355: Talespråk og skriftspråk: Tilstand og endring

      Første år, semester 1

      Talespråk og skriftspråk: Tilstand og endring (MLE355)

      Studiepoeng: 15

    • MLE365: Norsk som andrespråk

      Første år, semester 1

      Norsk som andrespråk (MLE365)

      Studiepoeng: 15

  • Velg mellom utveksling eller emner ved UiS

Utveksling

Utvekslingssemester

2. semester

Vær obs på at søknadsfristen for utveksling er allerede 1. september.

Opplegg for utvekslingen

Konseptet utveksling er å finne emnetilbud ved en av UiS sine samarbeidspartnere i utlandet som kan erstatte emnene man skulle ha tatt ved UiS i tilsvarende semester. Du vil få emnene forhåndsgodkjent før du reiser. Et utenlandsopphold gir deg en god mulighet til å skreddersy studiene mer etter dine ønsker og interesser.

Aktuelle utvekslingsavtaler

Faggruppen anbefaler først og fremst å se til nordiske universiteter. UiS deltar i Nordlys-nettverket, som gir deg anledning til å reise til en av de store nordiske forskningsuniversitetene i Danmark, Sverige, Finland, Island eller på Færøyene. Det er også inkludert et stipend som supplement til oppholdet. Sjekk hvem som er med i Nordlys-nettverket. Det er også mulig å benytte seg av universitetets bilaterale avtaler utenfor Europa, men foreløpig må du selv finne frem til et relevant tilbud. Finn ut mer.


Kontaktperson

Veiledning og forhåndsgodkjenning av emner:
Studiekoordinator Signe Ekenberg, Hulda Garborgs hus

Generelle spørsmål om utveksling: Utvekslingsveilederen i Digital studentekspedisjon

Opptakskrav

1. Bachelor/grunnskulelærarutdanning eller tilsvarande med fordjuping på minimum 80 studiepoeng i norsk/nordisk med minimum 20 studiepoeng språk og 20 studiepoeng i litteratur. Minst 30 av dei 80 studiepoenga i fordjupingsområde må byggje på emne på grunnivå.

2. Grunnskolelærarutdanning eller tilsvarande (fireårig)* med minst 60 studiepoeng i norsk/nordisk og minimum to års relevant yrkeserfaring innanfor fagområdet frå skule.

Det er faglig minstekrav på karakteren C i fordjupingsområde. Søkarar med utdanning der det ikkje er mogleg å regne ut karaktersnitt i fordjupingsområde, må ha karakteren C i heile graden som kvalifiserer for opptak. Dersom ein har utdanning med annan karakterskala enn ECTS-karakterar (A-F), må ein dekkje tilsvarande norsk C.

*Tilsvarande kan vera grad på minst 180 studiepoeng med minst 60 studiepoeng i norsk/nordisk pluss PPU og minimum to års relevant yrkeserfaring innanfor fagområdet frå skole.

Søknad: via lokalt opptak.
Søknadsfrist: 15. april


Kontaktinformasjon

Universitetet i Stavanger

Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora

Institutt for kultur- og språkvitenskap (IKS)

4036 Stavanger

Studiekoordinator for masterstudier ved IKS:

Signe Ekenberg: signe.ekenberg@uis.no

Tlf. 51 83 13 53