Rettsvitskap og jus er fag som kan vere tungt teoretiske. Men så fekk studentane moglegheit til eit meir praktisk orientert studieår.
Ei undersøking gjennomført av den danske fagforeininga DJØF har analysert meir enn 270 000 jobbannonser retta mot juristar, økonomar og kommunikasjonsmedarbeidarar. Dei fann ut at etterspurnaden etter «mjuke verdiar» som samarbeidsevne, empati og sosiale ferdigheitar har stige med ca. 20 prosent dei siste ti åra.
– Me må dermed førebu våre studentar for arbeidslivet og gje dei nødvendige verktøy til å kunne lykkast i ein framtidig arbeidsmarknad, seier Lana Bubalo som er avdelingsleiar for regnskap og rettsvitenskap på Handelshøgskolen ved UiS.
Og ved hjelp av finansierte midlar frå UiS fekk Handelshøgskolen ved UiS på plass prosjektet «Soft Skills» i studieåret 2021/2022 for å hjelpe studentar med å oppnå nettopp desse ferdigheitane.
Gjevande med eit anna fokus
Sebastian Voith studerer bachelor i rettsvitenskap og var ein av 45 studentar som deltok på prosjektet. Noko av det viktigaste han lærte var bruken av eit presist og konsist språk, eit bodskap han tok med seg vidare i oppgåveskriving og eksamen.
– Eg synest soft skills har vore spennande å motiverande å vere med på. Det er ikkje mogleg å komme unna at det er veldig mykje lesing på rettsvitenskap, og det å få bryte dette opp med eit litt anna fokus har vore veldig gjevande. Ein føles at Handelshøgskolen verkeleg har satsa på eit godt studietilbod for oss, seier Voith som også trekk frem at dei har hatt veldig gode førelesarar.
Som eit ledd i prosjektet var det også organisert ein regional prosedyrekonkurranse, og sett opp forskingsgrupper. Hensikten med prosedyrekonkurransen var å trene seg på rollen som advokat i ein rettsak og utvikle evnen til å bygge opp juridisk argumentasjon i praksis, altså heilt i tråd med soft-skills prosjektet.
Sosialt opplegg
Ein annan viktig del av prosjektet var å legge til rette for at studentane endeleg kunne vere meir sosiale etter koronapandemien, og ha moglegheit til å bli kjent på tvers av kull. Dette var eit ekstra pluss for Voith.
– Det å få møte fleire andre studentar også frå andre årstrinn synest eg var veldig bra. Eg er litt eldre sjølv, så det å få fleire kontakter sett eg pris på.
Kva har det å seie for deg vidare i studietida og i vidare karriere at du har denne erfaringa?
– Det handler nok primært om ei bevisstgjering om diverse tema som kan omhandle jobben i eit seinare arbeidsliv. Eg skulle gjerne hatt meir av denne type undervising, seier Voith.
I 2021/2022 gjennomførte Handelshøgskolen ved UiS eit prosjekt finansiert av UiS (midlar for styrking av utdanningskvalitet) retta mot utvikling av soft skills hos studentar på rettsvitskap ved UiS. Hovudmål Målet er å gjere studentar betre rusta for arbeidslivet og dei utfordringane juristar møter.
45 master- og bachelorstudentar deltok. Ti samlingar Dei dekka ulike tema som f.eks. forhandlinger, mediehandtering, konfliktløysing og rettspsykologi.
Med ein introduksjon til soft skills blir ein elles teoritung utdanning forhåpentlegvis meir praksisnær, relevant og engasjerande.
Meir frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!
Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb våren 2025...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka KI
Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...