Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ønskjer å kombinere studiane med jobb hausten 2024. Søknadsfrist er 16. mai.

Publisert Sist oppdatert

Me søkjer studentassistentar til følgjande emne

Bachelor i økonomi og administrasjon

BØK108 Matematisk metode for økonomer (engelsk) BØK195 Grunnleggende regnskap og bedriftsøkonomi (norsk) BØK260 Corporate Finance (engelsk) BØK365 Intermediate microeconomics (engelsk) BØK385 Entrepreneurship and Business Plan (engelsk) BØK455 Internasjonal økonomi (engelsk)

Bachelor i rettsvitenskap

BRV220 Erstatningsrett (norsk) BRV305 Velferdsrett (norsk) BRV350 Tingsrett (norsk) BRV360 Arbeidsrett (norsk)

Master i økonomi og administrasjon

MSB102 Business Decisions (engelsk) MSB103 Data Analytics (engelsk) MSB107 Microeconomics (engelsk) MSB108 Strategic Management (engelsk) MSB255 Supply Chain and Operations Management (norsk) MSB350 Environmental Economics (engelsk) MSB415 Sustainable Entrepreneurship (engelsk)

Studentar med erfaring frå studentassistentstillingar blir føretrekt framfor andre når vi skal rekruttere. Dette er fordi dei har relevant erfaring og har vist engasjement i studietida.

Anne Cathrin Østebø , Administrerande direktør i Validé
Arbeidstid, lønn og kriterier
Arbeidstid

Kor mykje ein studentassistent jobbar gjennom resten av semesteret, avhenger av opplegget faglæraren lager i samarbeid med studentassistenten. Det kan variere frå nokre timar i eit par veker, til 10 timar kvar veke. Arbeidstimar inkluderer alltid både kontakttid med studentar og tid til førebuingar (t.d. førebuing til seminar og gjennomgang av oppgåver). Arbeidstid avtalast mellom studentassistenten og faglæraren, og godkjennast av dekan/programansvarleg. Som heiltidsstudent bør arbeidet ikkje overstige 10 timar per veke. Semesteret startar med eit oppstartsseminar som alle studentassistentar skal delta på.

Lønn

Studentassistentar blir betalt på timebasis i samsvar med gjeldande statleg lønsregulativ. Bachelorstudenter: 206 kr pr time (lønnstrinn 32) Masterstudenter: 210 kr pr time (lønnstrinn 34)

Kriterier

Du må ha minst karakter B i emnet som du skal vere studentassistent i. Hvis du ikkje har tatt emnet tidlegare, vil faglærar gjere ei skjønnsmessig vurdering av dine kvalifikasjonar. Har du utdanning frå ein annan utdanningsinstitusjon, må du sende vitnemål med dokumentasjon på karakterar i dei emna du søkjer om å vere studentassistent i. Sendes på e-post til Cecilie E. Lund (cecilie.e.lund@uis.no). Marker i vitnemålet kva emne dette gjeld. Studentar som ikkje sender slik nødvendig dokumentasjon, blir ikkje vurdert. For å vere studentassistent på mastarkurs må du vere mastestudent på 2. året.

Attest

Alle studentassistentar får sluttattest.

Kvifor bli studentassistent?

Her er fem gode grunnar!

1. Relevant arbeidserfaring på CVen gjev deg eit forsprang

Arbeidsgjevarar ser ikkje berre på utdanning når dei rekrutterer. Korleis skil du deg ut frå andre nyutdanna med same utdanning? Ein jobb som studentassistent gjev deg relevant arbeidserfaring allereie før du er ferdig utdanna. Gjennom å kombinere jobb og studiar viser du òg at du er strukturert og at du har god arbeidskapasitet.

2. Det er ein løna og ettertrakta jobb med sterk signaleffekt

Det er ein deltidsstilling som kan kombinerast med å vere heiltidsstudent. Å ha vore studentassistent signaliserer nokre viktige kompetansar: Du er dyktig, engasjert og motivert. At du har vore studentassistent signaliserer at du gjerne tar ei utfordring og ikkje er redd for å kaste deg ut i noko nytt.

3. Det er fagleg utviklande

Det finst knapt nokon betre måte å lære på enn å lære bort. Ved å forklare fagstoff til medstudentar utviklar du sjølv ei djupare forståing av faget. Det stimulerer òg kreativiteten og kommunikasjonsevnene dine, sidan du må forhalde deg til studentar med ulik bakgrunn og kompetanse.

4. Det er personleg utviklande

Dei aller fleste er ukomfortable med å presentere foran eit publikum. Men dette handlar om trening! Jo oftare du vågar å gå utanfor komfortsona di, desto større blir den. Du vil òg oppleve gleda av å sjå korleis medstudentar, på grunn av di hjelp, skjønar ein vanskeleg teori som du sjølv nyleg strevde med – og skjønte til slutt.

5. Du blir god i teamarbeid og byggjer nettverk

Som studentassistent får du moglegheita til å bygge viktige sosiale og faglege nettverk, sidan du samarbeider tett med førelesarane ved Handelshøgskolen. Gode samarbeidsevner verdsettes høgt i arbeidslivet.

Møt en rekrutterer

Erika Berle, stipendiat og tidlegare leiar i Deloitte