Sara tar ein bachelor rettsvitskap og er spesielt interessert i internasjonal jus

Sara Beitz set også stor pris på det internasjonale miljøet på UiS.

Publisert Sist oppdatert

Sara Beitz tar ein bachelorgrad i rettsvitskapHandelshøgskolen ved UiS. For tida er ho også leiar for StudentOrganisasjonen StOr.

Kvifor valde du å studere rettsvitskap?

Sara Beitz studerer rettsvitskap på Handelshøgskolen ved UiS

Eg bestemte meg tidleg for at eg ønska å studere rettsvitskap. Eg er veldig glad i språk og rammeverk, og var interessert i å lære meir om rettssystemet. Eg deltok i ei «rett og galt»-veke på ungdomsskulen, som var ein del av karriererettleiinga. Her fekk klassen min prøve seg i ein liksom-rettsak i ei veke. Eg fekk rolla som aktor saman med to med-elevar, og blei gjennom dette prosjektet sikker på at rettsvitskap var noko for meg. Eg er spesielt interessert i internasjonal jus, men held alle moglegheiter opne.

Kvifor valde du Universitetet i Stavanger og Handelshøgskolen ved UiS?

Først og fremst ønska eg å komme meg eit stykke bort frå heimbyen min for å verkeleg oppleve studenttilværelsen, og til ein by der eg ikkje kjente så mange. Vidare var eg interessert i det internasjonale miljøet på UiS og i Stavanger.

Korleis ser ein typisk studentkvardag ut for deg?

Studiekvardagen min er variert. Eg er på campus nesten kvar dag for å lese og gå i førelesing. Eg avsluttar som regel dagen med gruppearbeid eller lesing. Rettsvitskap har ingen obligatorisk undervising og er derfor fleksibelt.

Ein vanleg studiekvardag varer om lag åtte timar før eg reiser heim og lagar middag. Eg er veldig glad i å lage mat, og det er derfor viktig for meg å ha god nok råd til å kjøpe gode matvarar. Eg har hatt ulike deltidsjobbar og betalte verv ved sidan av studia. Likevel er eg opptatt av at eg skal ha tid til å vere student på fulltid, og jobbar derfor berre nokre timar i veka.

På ettermiddagen jobbar eg med verv, er med vener heime, i byen, eller på studentbaren Tappetårnet. Med eit fleksibelt studieløp får eg tid til det eg ønsker på fritida. Eg trener, pleiar hobbyar, inviterar til middagsselskap, går på festar og engasjerer meg. Det er noko av det beste med studielivet!

For tida har eg permisjon frå studieprogrammet fordi eg jobbar som studentleiar StOr på UiS. Eg vart først engasjert i studentorganisasjonen gjennom kontroll- og kvalitetskomiteen, som er eit lite verv med stor relevans for rettsvitskap. Her fekk eg prøve meg på tolking og utvikling av vedtekter i praksis for ein ekte organisasjon. Eg fann arbeidet i studentorganisasjonen svært gjevande og interessant, og valde å søke nye fulltidsverv.

Har du eit minne eller noko du hugsar ekstra godt frå studietida til nå?

Mitt første år på UiS blei eg god ven med ein gjeng utvekslingsstudentar frå Kenya. Dei inviterte meg heim til deiras studentbustad, der dei laga autentisk kenyansk mat til meg. Det var svært spennande å bli kjent med ein framand kultur og å lære dei om norsk kultur. Eg tok dei med meg til Dalsnuten og heile vegen spurte dei om den norske naturen og historien, og då me kom på toppen viste dei meg deiras ulike stammedansar! Det er eit utruleg flott minne.

Eg set enormt pris på det internasjonale miljøet på campus, og alt det har gitt meg. Dette er berre ein av mange historiar eg har med internasjonale studentar. Det einaste som er kjipt er at dei gjerne reiser heim ein gong.

Har du nokre råd for framtidige studentar på rettsvitskap?

Rettsvitskap krev dedikasjon og fordjupning i pensum. For mange kan det bli kjedeleg med ein einsformig måte å lære eit stoff. Eg synest derfor det er nyttig å oppsøke andre måter å lære om rettssystemer samtidig som eg studerer. Eg høyrer for eksempel på podkastar og følger med på rettssaker.

Vidare vil eg oppfordre alle studentar til å engasjere seg utanfor studia. Det gir relevant erfaring og er nyttig på CVen, samtidig som det er fint å ta del i studentmiljøet. Det gjer studietida litt lettare når ein har eit stort nettverk med vener, også frå andre studieprogram. Det å diskutere tverrffaglege tema med vener frå andre studieprogram har gitt meg ein større kjærleik for faget mitt.

Les også:

Studer jus på Handelshøgskolen ved UiS

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb våren 2025...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...

Lærer studentane å bruka KI

Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet

Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...

Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen

Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.

Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger

Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...