Språk, tekst og matematikk (ABL210)

Kunnskapsområdet Språk, tekst og matematikk (STM) bygger på faga norsk, matematikk og pedagogikk.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025

Fakta

Emnekode

ABL210

Versjon

1

Vekting (stp)

20

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap. Undervisninga tar mellom anna utgangspunkt i teoriar om barns språklege og matematiske utvikling, om barnehagen som arena for kultur, leik og læring og om overgangen frå barnehage til skule. I kunnskapsområdet blir også fagleg-pedagogiske problemstillingar og diskusjonar omkring kartlegging, dokumentasjon og vurdering i barnehagen drøfta.

Undervisninga skal tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og bygge på fagdidaktisk forsking. Kunnskapsområdet famnar to sentrale tema:

  • Språk, språkutvikling, barnekultur, barnelitteratur og andre medietekstar
  • Tal, rom og form

Læringsutbytte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten ha tileigna seg følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om barns munnlege og skriftlege språkbruk, deira språk- og kommunikasjonsutvikling, ulike kommunikasjons - og samspelsmønster og kva tyding desse mønstra kan ha for barns høve til medverknad og læring
  • har kunnskap om språkleg mangfald i samfunnet og ulike former for fleirspråkleg utvikling hos barn
  • har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, sjangrar frå ulike munnlege kulturtradisjonar og moderne tekst- og mediekulturar
  • har kunnskap om barns matematiske utvikling, resonnering, problemløysing og tenking
  • har kunnskap om matematiske område som er relevante for barn, og om matematikk som verktøy for å utforske samanhengar, oppdage matematikk i daglegliv, teknologi og natur
  • har kunnskap om verdien leiken og barns språklege miljø har for barns tileigning av både språk og matematikk
  • har kunnskap om samanhengen mellom barnehage og skule når det gjeld språk, tekst og matematikk og faglege problemstillingar knytt til denne overgangen
  • har kunnskap om korleis ein kan observere, vurdere, legge til rette for og følgje opp barns språk- og matematikkutvikling, dokumentere språk- og matematikkmiljøet i barnehagen og kunne gjere greie for korleis språkleg utvikling heng saman med barns ulike språklege miljø

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om kommunikasjon og samspel til å leie og legge til rette for barns leik, undring og læring
  • kan fremje språkutvikling hos barn og skape språkleg nysgjerrigheit hos barn, tilsette og foreldre
  • kan inspirere og støtte barn når dei utforskar munnlege og skriftlege sjangrar, matematiske og språklege problem, symbol og samanhengar
  • kan organisere eit inkluderande og berekraftig læringsmiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing og kunne tilpasse dei faglege opplegga til ulike behov hos barn
  • kan vurdere ulike kulturprodukt og fagdidaktisk materiell for barn for å kunne foreta medvetne val med tanke på å sikre kvalitet og danning i tekstformidlinga
  • kan bruke digitale verktøy på ein profesjonsfagleg måte i arbeid med kunnskapsområdet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over eigen kommunikasjon og samspel med barn ut frå eit yrkesetisk perspektiv
  • kan stille seg analytisk og kritisk vurderande til eigen didaktisk praksis
  • kan bidra i fagdidaktiske diskusjonar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere aktiv i barnehagefaglege diskusjonar knytt til kunnskapsområdet
  • kan meistre norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) og bruke språket kvalifisert både i utdanning og i profesjonssamanheng

Forkunnskapskrav

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Bestått alle emner på forrige trinn.

Eksamen / vurdering

Heimeeksamen og muntleg eksamen

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Individuell heimeeksamen 3/5 Bokstavkarakterar Alle
Individuell munnleg eksamen 2/5 30 Minuttar Bokstavkarakterar Inga hjelpemiddel tillate

Individuell heimeeksamen. Omfang: 3000 ord (+/- 10 %).Individuell munnleg eksamen. Omfang: Inntil 30 min.Studenten må ha bestått begge vurderingsdelane for å få endeleg karakter i emnet.Konsekvensar av ikkje bestått/ikkje gjennomført eksamen seinast ved utsett (konte) eksamen, betyr at studenten må ta ny eksamen med etterfølgjande kull, basert på den emneplanen som gjeld for dette kullet.Om ein kandidat framstiller seg til ny ordinær prøving, gjeld det pensumet og den prøvingsforma som er fastsett for den aktuelle prøvinga (Forskrift om studiar og eksamen § 3-9 pkt. 3).

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Individuell faglogg, 1 fleirfagleg gruppeoppgåve, 1 skriftleg skisse, 1 fleirfagleg oppgåve, Obligatorisk deltaking 80%

Spesifisering av arbeidskrav:

Ein individuell faglogg i norsk: målform nynorsk. Omfang 400 ord (+/- 10 %).

Ei individuell skriftleg skisse knytt til heimeeksamen: Omfang: 1000 ord (+/-10%), obligatorisk rettleiing.

Ei fleirfagleg gruppeoppgåve knytt til barnehagepraksis. Seminarinnlegg eller framlegg og respons i verkstad.

Ei fleirfagleg individuell oppgåve knytt til barnehagepraksis og erfaringer fra barnehagen: Skjema for logg i praksis.

Alle obligatoriske krav må vere gjennomførte og godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Studentar som får éi eller fleire av oppgåvene vurdert til ikkje godkjend ved første innlevering, får moglegheit for ei ny innlevering av oppgåvene i omarbeida form.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Francesca Granone

Praksiskoordinator:

Tone Lønseth Davidsen

Studiekoordinator:

Karin Berner

Arbeidsformar

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar, seminar, gruppearbeid, digitale ressursar og rettleiing. Faglærarane vil ikkje gå gjennom alt fagstoffet/pensum, så ein del av dette må studentane arbeide med på eiga hand.

Både undervisning og anna læringsarbeid i emnet skal kvalifisere studentane til å bli reflekterte og engasjerte barnehagelærarar. Studentane sin eigenaktivitet i form av teoristudium, munnleg og skriftleg analyse av teori og praksis og framlegg av ulik art, er sentrale aktivitetar i denne samanhengen. Det vil i dette kunnskapsområdet bli nytta ulike undervisningsmetodar, og undervisninga vil gå føre seg i både små og større grupper eller samla, både med fysisk oppmøte og digitalt. Seminar med munnlege framlegg og prosess-skriving, der studentane også skal gi kvarandre respons, vil bli vektlagt som undervisningsaktivitet og er obligatorisk. Innhaldet i dei einskilde oppgåvene vil bli nærare presisert i semesterplanane.

Det kan etter søknad innan oppgitte fristar gjevast fritak frå skriving i ei av målformene i norsk for studentar som ikkje har vurdering i begge målformer frå vidaregåande opplæring og for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring frå Noreg. Fritaket skal førast på vitnemålet.

Praksis utgjer ein integrert del av kunnskapsområdet. Sjå kapittel om praksis, samt eigen praksisplan.

Åpent for

Arbeidsplassbasert barnehagelærar - bachelorstudium

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto